Konvertitt blir tvangsutsend like før rettssaka

Konvertitt Reza har vore i Norge sidan 2009, og skal vitna mot Utlendingsnemnda (UNE) i mars. Likevel kom sjokkmeldinga om at han blir send til Afghanistan på måndag og må vitna derifrå.

Konvertitten Reza prata om trua si i Varden kirke før jul, no blir han tvangsutsend til Afghanistan.
  • Hilde Anette Ebbesvik
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Afghanske UD seier landet er farleg, likevel sender UNE konvertitten Reza dertil på måndag då dei meiner at han har konvertert for å få opphald i landet.

Aftenbladet har ved fleire tilfelle skrive om den 21 år gamle mannen som har konvertert til kristendom. Fleire prestar har engasjert seg for saka hans, og går god for at hans kristne tru. Saka til Reza skal opp i Oslo tingrett 23 og 24 mars der prestar og biskopar vil vitna.

Redd for å reisa

UNE meiner det er trygt for mannen som dei ikkje meiner er ekte konvertitt, å returnera til Afghanistan.

— Er det ikkje trygt for nokon, er det i alle fall ikkje trygt for ein konvertitt, seier Helge Hansen, sokneprest i Varden kirke.

Les også

Nekter å tro på at Reza er kristen

Hansen synest det heile er unødvendig og kom overraskande på dei.

— Det kom som eit lyn frå klår himmel. Rettstryggleiken til Reza blir ikkje ivaretatt i Afghanistan, seier han.

Presten fortel at 21-åringen er kjemperedd for å reisa.

Meiner dei må kunna venta

— Min reaksjon er at det er komplett uforståeleg at myndighetene skal senda han ut før han har fått moglegheit til å fortelja om si kristne tru i retten, seier biskop Erling Pettersen.

Biskopen har fått eit godt forhold for 21-åringen og opplev at myndigheitene nok ein gong set til side kompetansen til religiøse leiarar. Han har saman med soknerådet sendte brev til myndighetene der dei sterkt anbefaler at dei lyttar til vurderingane biskopen og andre kjem med.

— Me som kjenner hans historie frå Afghanistan veit at dette er grunn til å frykte for han no, seier Pettersen.

Biskopen meiner dette går ut over menneskerettane til 21-åringen.

— Mannen har venta i fem år, då må UNE kunna venta litt til før rettssaka er avgjort, seier biskopen.

Fryktar for Reza

Pettersen har opplevd trua til 21-åringen og fortel at han kjenner Reza godt. Mannen har fleire gongar vore i bispegarden saman med Pettersen.

- Jeg tror lite på å konstruere et offentlig tilbud som skal ivareta den samme funksjonen kirken har hatt i snart 1.000 år. Erling Pettersen, biskop.

— Me veit at konvertittar har opplevd tortur når dei har blitt tvangsutsend medan dei har venta på å få opphald i Norge. Då har dei kome tilbake til Norge heilt psykisk nedbrote. Dette vil me unngå at skjer, og det er heilt opplagt ei sak som bør vekkja politikarane til å sjå på det meiningslause som skjer, seier biskopen.

Jobbar med saka politisk

Geir Toskedal KrF-representant på Stortinget frå Rogaland jobbar tett for å få ei betring i konvertittsakene.

Dei ventar difor ein rapport frå eit advokatfirma som skal gjera greie for om Norge følgjer FN-konvensjonane og menneskerettane på dette punktet. Elles jobbar han med:

Å sjå om den teologiske kompetansen hos UNE og UDI er god nok.

At konvertittane får oppdatert sin status hos myndighetene slik at dei får riktig behandling.

At landinformasjonen hos UDI og UNE er oppdatert slik at dei veit om det er trygt å senda konvertittane tilbake eller ei.

Toskedal fortel at det er uklare reglar på korleis konvertittar skal behandlast, og fortel at dei vil ha ein seriøs saksgang for å få klarare retningsliner.

— Dette er noko hjarta vårt bankar for, seier han.

Treng ikkje vera til stades

Advokat Knut Olaf Eldhuset fortel at det i mars handlar om å bevisa at Reza er ein ekte konvertitt.

Advokaten deler bekymringane til prestane og er redd for mannen sin tryggleik i Afghanistan.

— Eg har fått eit svært godt tillitsforhold til Reza og trur at han er ein vel konvertitt.

Les også

Advokatar tar rekninga for konvertittar

Det at 21-åringen må vitna frå Afghanistan meiner han vil svekkja saka.

— Rettssikkerheten aukar når han er til stade i rettssaken, seier Eldhuset.

Advokaten har prøvd å få utsett tvangsutsendinga til etter at mannen har fått prøvd saka for retten. Dette utan hell.

— UNE sitt svar er at det ikkje er behov for at saksøkaren er til stade i saka. Denne saka blir køyrt sjølv om han blir sendt ut, avsluttar Eldhuset.

Det har ikkje lykkast Aftenbladet å få nokon i UNE i tale fredag ettermiddag.

Publisert:
  1. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. Rennfast: – Løftebrudd om bergingsbil

  2. Denne leverandøren har de minst fornøyde kundene

  3. Åpner grønne ferjekaier i Ryfylke

  4. Maria fikk nesten ikke puste da hun trente. Hun fikk diagnosen mange har, men få kjenner til.

  5. Hundvågtunnelen er åpen igjen

  6. Alle i Sandnes fikk uvanlig papiravis mandag