Vått og vindfullt heile veka - bortsett frå laurdag

Onsdag er det vått og vindfullt i heile fylket. Heftigast er vêret i fjellet, men Hunnedalen blir truleg ikkje stengt.

Publisert: Publisert:

Det er snødekke i Hunnedalen, men ikkje fare for at vegen skal stengas. Foto: Anders Minge

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Ifølgje meteorolog Beate Tveita i Stormgeo, kan heile Rogaland vente seg byger onsdag - anten i form av regn, sludd, hagl eller snø. Snøgrensa ligg 600- 800 meter over havet.

– Høgare i fjella kan vi vente oss snø og kraftig vind. Vinden vil truleg avta litt utover dagen, seier Tveita.

I Sirdal melder meteorologen 2 grader og kuling, i Røldal −2 grader og også der kuling.

Hunnedalen open

Ifølgje Statens vegvesen har dei fleste fjellovergangar stengt eller kolonnekøyring onsdag: Mellom anna er det stengt ved Haukeli og Hardangervidda og kolonne ved Hemsedal.

Køyreforholda er heller ikkje dei beste på fylkesvei 45 i Hunnedalen, men vegen er framleis open.

– Det har heller ikkje kome inn melding om at Hunnedalen ligg an til å kunne bli stengt i løpet av dagen. Vegen er open, men vi får melding om snødekke, seier Stian Molteberg i Statens vegvesen.

Fint på laurdag

Det ruskete vêret gjeld ifølgje meteorolog Tveita for heile fylket. I Stavanger er det meldt til dels kraftige byger i form av snø og hagl heile onsdag, med ein temperatur på rundt 5 grader.

– Lågtrykket kjem til å trekke seg tilbake, men eit nytt og kraftig lågtrykk er meldt i morgon. Då får vi yr tidleg på dagen, som bygger seg opp til kraftigare byger på ettermiddagen og kvelden.

– Vi har meir vind i sikte og det vert mildt nesten heile veka. Unntaket er laurdag. Då ser det ut til å kunne bli kaldt og fint før vi igjen får nedbør søndag, seier ho.

Her får du snøstatus for skianleggene
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Tar grep for at skolen skal holdes åpen

  2. – Du skrur på tv, og der ser du bussen din

  3. Han har skrevet mange fabelaktige bøker. Denne er så bra at det knapt kan gjøres bedre.

  4. Er det forsvarlig å reise mellom ulike kommuner slik situasjonen er akkurat nå? Vi svarte på lesernes spørsmål

  5. Jobbintervju: Dette bør du ikke svare på spørsmålet «Hva er dine svake sider?»

  6. Snart blir det tryggere å kjøre fra Ålgård til Oltedal

  1. Statens vegvesen
  2. Sirdal
  3. Røldal
  4. Vær