• Slik ser utbyggjarane for seg det nye reiselivsanlegget på Obrestad med hotell og utleigehytter. Til venstre i illustrasjonen kan du skimta konturen av Obrestad fyr, og øverst av Hå gamle prestegard. Leva Urban Design

Er dette Jærens nye hotell ved havet?

Hotell og utleigeleiligheter, utsiktspunkt og turstiar. Utbyggjarane har store planar for reiselivstomta med Jærhavet, Hå gamle prestegard, Obrestad fyr, Obrestad hamn og Kongevegen som naboar. No er det tenkt ut korleis eit moderne reiselivsanlegg kan utformast.