No opnar historisk vandre­rute gjennom Viglesdalen

Fylkesordførar Marianne Chesak opnar den aller første historiske vandreruta i Rogaland: Driftavegen gjennom Viglesdalen.

Driftavegen gjennom Viglesdalen
  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Chesak avdukar eit informasjonsskilt på parkeringsplassen på Nes torsdag 17. september klokka 15. Ruta går i Hjelmeland kommune, mellom Nes i Årdal og Nilsebu. Undervegs passerer ruta tre av Stavanger Turistforening sine hytter: Viglesdalen, Stakken og Nilsebu.

– Dette er ein flott tur gjennom noko av Ryfylke sitt aller flottaste fjellterreng. No får turen ein heilt ny dimensjon med ny og betre informasjon om alle dei interessante tinga ein ser på vegen, seier dagleg leiar Preben Falck i Stavanger Turistforening i ei pressemelding.

Vegen er del av eit nettverk av gamle ferdselsårene mellom Ryfylke og Setesdal. Dei første føtene som trakka opp stien for snart 9000 år sidan, tilhøyrde jegerar som jakta villrein.

Drama for Obstfelder

I 1899 omkom nesten diktaren Sigbjørn Obstfelder og kona Ingeborg i fjellet. På veg frå Setesdal til Ryfylke blei ekteparet overraska av eit uvêr dei ikkje var kledde for. I nærleiken av Nilsebu, blei ekteparet redda av nokre sauegjetere.

Steinbrua ved utløpet av Viglesdalsvatnet blei bygd av svenske rallarar for over 100 år sidan.

Nokre år etter dette dramaet bygde svenske rallarar veg frå Nes i Årdal til Viglesdalen. Dei heldt på i åra 1907–1912 for å gjere det lettare for lokale bønder å få husdyr til fjells. Heia blei brukt til sommarbeite for 11.000 sauer, 200 storfe og nokre hestar. På grunn av bratte fjell og farlege elvekryssingar, var dette ikkje enkelt. Til døme har sju personar, som ein veit om, drukna i Hiafossen. Då rallarane hadde halde på i nokre år, meinte styresmaktene at beitebruk lenger innover i heia hadde minka. Det blei derfor ikkje veg, bare enkel betring av stien vidare til Nilsebu.

Den gamle «motorvegen»

Arkeologar har kartlagt fornminne langs ruta, og det er gjort interessante funn. Historia er gjort tilgjengeleg for folk med informasjonsplakatar langs stien og på turisthyttene.

–I dag ligg Viglesdalen som ein naturskjønn og avsides fjellidyll, men tidlegare har garden vore eit knutepunkt for handel og ferdsel over fjellet. I vikingtida og tidleg mellomalder produserte jernvinna i Setesdal store mengder jern som vart frakta langs handelsrutene over fjellet. Dette må ha gjort Viglesdalen til ein rik og mektig gard. Spor etter fleire langhus og nausttufter vitnar om at folk har budd her i lang tid, seier arkeolog Jennica Svenson frå Rogaland fylkeskommune.

Etablering av den historiske vandreruta er eit samarbeid mellom Stavanger Turistforening, Hjelmeland kommune, Rogaland fylkeskommune og Riksantikvaren, støtta av Miljødirektoratet.

Publisert:
  1. Fjell
  2. Stavanger Turistforening
  3. Rogaland fylkeskommune
  4. Sigbjørn Obstfelder
  5. Marianne Chesak

Mest lest akkurat nå

  1. Ventetid på inntil ett år på SUS: – Fører til stor frustrasjon

  2. Arild Østbø med klar beskjed etter ny praktkamp: - Jeg har fortalt at jeg vil stå

  3. Oversvømmelser og store vannmengder langs E39

  4. Oilers snudde kampen mot erkerivalen: - Vi fikk høre det i pausen

  5. «Det er klart du ikke tror på kjærligheten. Du vokste jo opp med din mor og meg»

  6. Blandet mottakelse for «Nordsjøen» – fra treere til «en oppvisning»