Desse yrka er hardast ramma av høg arbeidsløyse

– Arbeidsløysa i Rogaland held ennå eit høgt nivå, men er blitt mykje lågare den siste månaden.

Publisert: Publisert:

Gustav Svane er seniorrådgiver i NAV. Foto: Morten Obbink

  • Tove M. E. Bjørnå
    Journalist

Det er også gledeleg at arbeidsløysa blant dei mellom 16 år og 29 år er kraftig redusert. Det seier seniorrådgjevar i NAV Rogaland, Gustav Svane, i ei pressemelding.

Ved utgangen av juni er 23.478 personar registrert som arbeidssøkarar i Rogaland. Dette er 6789 færre enn i mai. Av desse er 12.218 personar heilt utan arbeid, ein nedgang på 3615 samanlikna med mai månad. Arbeidsløysa blant personar heilt utan arbeid utgjer i juni 4,8 prosent av arbeidsstyrken. 10 563 personar (4,1 prosent) var delvis utan arbeid, ein reduksjon på 3044 personar samanlikna med forrige månad. 697 personar, 0,3 prosent, var registrert på arbeidsretta tiltak. Dette er 130 færre enn i mai.

Unge arbeidslause

Per juni er 5730 personar mellom 16 år og 29 år i Rogaland heilt eller delvis utan arbeid. Det er ein nedgang på 1 835 personar samanlikna med mai månad.

– Dette er gledeleg ettersom arbeidsløysa har vore høgast for denne aldersgruppa gjennom heile koronaperioden. Butikk og salsarbeid er ein av dei yrkesgruppene som frå og med mars har hatt svært mange unge arbeidslause, men no ser vi at stadig fleire butikkar opnar og går tilbake til ordinær drift, seier Gustav Svane.

Sola og Stavanger har høgast arbeidsløyse

Sola kommune har høgast arbeidsløyse med 5,7 prosent, medan i Stavanger er arbeidsløysa 5,5 prosent. I Eigersund og Haugesund er arbeidsløysa 5,1 prosent. Lågast arbeidsløyse av kommunane i Rogaland har Kvitsøy, Sauda og Suldal med høvesvis 1,4 prosent, 1,7 prosent og 1,9 prosent. – Desse kommunane nærmar seg ei arbeidsløyse blant dei heilt utan arbeid, som dei hadde før koronakrisa starta i midten av mars, seier Gustav Svane.

– Framleis er det reiseliv og transport som er hardast ramma av høg arbeidsløyse som følgje av koronapandemien, og dette til tross for ein markant reduksjon den siste tida, fortel Svane. Per juni er det 1790 personar som er heilt arbeidslause innan denne yrkesgruppa, og det er ein reduksjon på 917 personar samanlikna med utgangen av mai. Elles er det i juni flest heilt utan arbeid innan industriarbeid, 1491, bygg og anlegg (1397) og butikk og salsarbeid, 1364.

3 027 utlyste stillingar

Totalt vart det lyst ut 3027 stillingar i juni, ein nedgang på 37 prosent samanlikna med juni 2019. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i juni var bygg og anlegg, 626, helse, pleie og omsorg, 591, og helse, pleie og omsorg, og industriarbeid, 324.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger-kvinne blir tidenes yngste deltakar i «Mesternes mester»

  2. To nye tilfeller av koronasmitte i Sandnes

  3. Nordmenn på reise fikk karantene-sms

  4. Skyting utenfor Det hvite hus – Trump avbrøt pressekonferanse

  5. MC-fører døde etter trafikkulykke i Haugesund

  6. Utradisjonelle munnbind i vinden: – Viktig at de ser bra ut

  1. Arbeidsledighet
  2. Jobb og karriere
  3. Arbeidsliv