• Gjesdal-ordførar Frode Fjeldsbø (Ap), Hå-ordførar Jonas Skrettingland (KrF), Klepp-ordførar Sigmund Rolfsen (Ap) og Time-ordførar Reinert Kverneland (H).

– Sterkt urimeleg, seier ordførarane både i Klepp, Gjesdal, Time og Hå

Det er meir løn i staten enn i kommunane. Difor kan Klepp, Gjesdal, Time og Hå bli trekt 13,8 millionar kroner for ei teneste som i dag kostar dei 6,2 millionar kroner, viss staten tek over dei kommunale skatteoppkrevjarkontora.