Dei må betale dyrt om dei framleis skal lade elbilane

STAVANGER: Sameiga på Tasta stod ferdig bygd for to og tre år sidan. Utan ladepunkt. No får elbil-boomen styreleiaren til å klø seg i hovudet.

Publisert: Publisert:

Ole Andreas Sleveland er styreleiar i to sameiger på Tasta. Han etterlyser pengar frå kommunen når dei skal legge til rette for eit ras av nye elbilar. Foto: Pål Christensen

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Ole Andreas Sleveland er styreleiar i Sameiet Øvre Tastarustå Felt A og C, som er to bustadsameiger på Tasta i Stavanger.

Les også

Borettslag: «All lading av el-biler må opphøre umiddelbart »

I ei ny lov som trer i kraft frå 1. januar, heiter det at eigarane i eit bustadsameige skal kunne etablere ladepunkt for elbil og hybridbiler på sin parkeringsplass. I mange burettslag er det ikkje lagt til rette for dette i dag.

– Når det først kjem ei slik lov, burde myndigheitene legge til rette. Det burde vere mogleg å søke støtte frå kommunen, meiner styreleiaren.

Dei to sameiga stod ferdig bygd for to og tre år sidan, men utan moglegheit for lading. I ettertid har dei lagt inn to ladepunkt. Dei åtte elbileigarane i sameiget deler desse.

– Folk må køyre dit, lade i to timar, og så flytte bilen igjen. Det går for det meste greit sidan vi ikkje er så mange. Men vi har undersøkt kor mange som planlegg å kjøpe elbil i løpet av det komande året, og truleg er vi 20–25 elbileigarar før sommaren. Det betyr at vi må sjå på større løysningar om alle skal kunne lade.

Dei to sameiga på Tasta har til saman 133 husstander, og alle må bidra for å finansiere fellesanlegg. Dei vurderer ei løysing der begge sameiga har kvart sitt anlegg til 200.000–250.000 kroner. Kostnaden blir plussa på fellesavgiftene, men sjølve ladepunkta kjem utanom. Dei må eigarane sjølv ta kostnaden for, i tillegg til sjølve straumen.

– Det er mange som seier dei ikkje vil skifte bil og heller ikkje vere med å dekke alle kostnadane. Fleire har sagt dei ønsker at elbil-eigarane skal betale meir, seier Sleveland.

Kjartan Alexander Lunde (Venstre). Foto: Lars Idar Waage

Vil ha nasjonal støtteordning

I nye sameiger og burettslag som blir bygd i Stavanger, blir det i dag tilrettelagt for lading.

Kjartan Alexander Lunde (Venstre) seier Kommunalstyret for byutvikling har vedtatt den same formuleringa for alle nye parkeringskjellarar i Stavanger dei siste to åra: På alle parkeringsplassar i parkeringskjellaren skal det vere klart til å kunne installere ladestasjon, og kapasiteten på strauminntaket må vere god nok. Bebuaren må sjølv sette opp ladepunkt for eiga rekning, men alt skal ligge til rette for å gjere det.

For dei eldre garasjene er det ikkje like lett.

– I Oslo har dei etablert kommunal støtteordning, men dette er ikkje like enkelt å få til i kommunar med stramt budsjett. Ordninga verkar å fungere bra, men eg tenker gjerne ei nasjonal ordning ville vore betre, så slepp ein at det blir store variasjonar frå kommune til kommune. Eg jobbar for å få Venstre nasjonalt til å få dette opp i Stortinget, seier Lunde.

Styreleiar i sameiget, Ole Sleveland. Foto: Pål Christensen

Mange lurer

– Dette var bra for to år sidan, men då visste vi ikkje betre, seier Sleveland og peiker på dei to ladeboksene dei har i dag.

Sleveland og dei andre styremedlemmene i sameiget synes det er vanskeleg å vite kva løysning som er best. Det er mykje å velge mellom.

Smartly, som er eit dotterselskap i Lysekonsernet, leverer målarar som viser kor mykje kapasitet som er tilgjengeleg til ei kvar tid. Og det finnast løysingar med «timesharing» som vil seie at alle elbil-eigarane kan sette bilen til lading om natta utan at alle lader samtidig - det bytter automatisk frå éin bil til ein annan.

Smartly har over lengre tid opplevd auke i etterspørselen frå bustadsameiga.

«Tendensen er tydelig, lading av elbil ses i sammenheng med annen nødvendig infrastruktur for beboerne, på lik linje med strøm og fiber, som bidrar til økt verdi av boligen. Felles for alle henvendelsene er behovet for å imøtekomme den stadig voksende andel el – og hybridbiler som har behov for trygg og sikker lading,» skriv dei i ein mail til Aftenbladet.

Publisert:

Les også

  1. No skal Stavanger bli elbil-byen

  2. Elbil på Tau-ferja? Nå blir det full pris likevel

Beroliger elbil-skeptikerne: – Ingen fare å kjøpe elbil brukt

Mest lest akkurat nå

  1. Ber kafégjester i Stavanger følge nøye med på symptomer

  2. Her sveiper bussen borti bygningen midt i Stavanger sentrum: – Vi blir jo litt redde

  3. Selskapet bak «Bølgen» og «Skjelvet» spiller inn hemmelig katastrofe­film på Jæren

  4. Nedslåtte blikk og stor skuffelse i skolegården på Tastaveden

  5. Endelig ute av isolasjon: Slik oppdaget Berisha at han kunne være koronasmittet

  6. Bekymret Solberg varsler nasjonale innstramminger

  1. Kjartan Alexander Lunde
  2. Elbil
  3. Smartly
  4. Stavanger