Ordensforstyrringar meldt inn over heile distriktet natt til søndag

Dei typiske meldingane dreiar seg om forstyrringar av nattero. I Stavanger skal politiet også ha jobba med slagsmål og kroppskade.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Talet på ordensforstyrringar i forhold til tidlegare i år auker.

Mellom klokka 23.00 og 07.00 natt til søndag fekk politiet Sør-Vest inn 37 meldingar om ordensforstyrringar.

Operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt fortel at meldingane fordeler seg jemt over heile distriktet.

– Det er typisk forstyrringar av nattero, forårsaka av høg musikk og krangling, seier Helen Rygg Ims.

Politiet har ikkje handtert alle oppdraga.

Politiet har også jobbet med eit slagsmål på Tasta og ein kroppskade på Kampen. Anmeldingar er oppretta og blir etterforska vidare.

Publisert: