Sandnes-poli­tikar om Wiraks vindkraft­avtale: - Eg trudde vi stod samla mot vindkraft

Politikar-kollegaer har delte meiningar om Stanley Wiraks (Ap) rolle i planlagt vindkraft-prosjekt i Sirdal. - Eg trudde vi stod samla mot vindkraft, seier Heidi Bjerga (SV).

I sirdalsbygda Virak er Sandnes-ordførar Stanley Wirak ein av 20 grunneigarar som har signert kontrakt med vindkraftutbyggar Norsk Vind Energi AS. Som politikar i Sandnes seier han nei til vindkraft-utbygging. Foto: Pål Christensen

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:

Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) er blant 20 grunneigarar som har signert avtale om leige av grunn med Norsk Vind Energi AS. Utbyggaren vil bygge vindkraftanlegg ved Bergeheia i Sirdal.

Prosjektet er meldt til NVE, men det er ikkje søkt konsesjon enda. Om det blir realisert, kan det bety opptil 50 vindturbinar med ei høgde på 200–250 meter.

Les også

Stanley Wirak sier nei til mer vindkraft i Sandnes. I Sirdal er han en av grunneierne som sier ja

– Trudde vi stod samla

Som ordførar i Sandnes har Wirak sagt nei til vidare utbygging av vindkraft i kommunen.

– Eg har trudd at vi var samla i Vardafjellet-saka. Då han gjekk ut og sa nei til vindkraft i Sandnes, trudde eg det var partiet si meining. Dersom det same ikkje skal gjelde for han sjølv som privatperson, blir det utydeleg kva Ap eigentleg meiner, seier Heidi Bjerga, gruppeleiar i Sandnes SV.

– Dette viser at Ap openbert ikkje har ei tydeleg stemme mot vindkraft. Eg trudde vi stod samla i denne saka, men det ser ikkje slik ut. Korleis Ap stiller seg til vindkraft vil vere viktig for venstresida fram mot valet. Eg er spent på kva partiet kjem til å seie i nytt partiprogram.

Wirak har vist til at alle grunneigarane har stått samla om å takke ja til leigeavtale med Norsk Vind Energi AS.

– Hadde eg stått heilt fritt, hadde eg nok kanskje ikkje signert. Men når heile bygda ønsker dette, vil ikkje eg kome å vere høg og mørk og øydelegge for dei andre. Eg signerte kontrakt i etterkant av eit møte med utbyggar. Utover det har eg ikkje involvert meg. Og då avtalen blei signert, hadde ikkje den store motstanden mot Bergeheia bygd seg opp, har Wirak sagt i intervju med Aftenbladet.

At Stanley Wirak (Ap) som grunneigar seier ja til vindkraft i Sirdal, får Heidi Bjerga (SV) til å undrast over kva Ap faktisk meiner. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Kan sende eit viktig signal

– Han hadde stått heilt fritt til å seie nei, slik vi har sett andre grunneigarar gjere, blant anna på Vardafjellet. Det er mogleg. Den enkelte må vurdere dette, det er ikkje gitt at alle grunneigarane må stå saman, seier Heidi Bjerga.

Erlend Kristensen, gruppeleiar i Sandnes MDG, meiner Wirak i kraft av å vere ordførar kunne sendt eit viktig signal ved å takke nei til leigeavtale med Norsk Vind Energi.

– Han kunne like gjerne sagt nei og støtta motstandarane i ei sak som det er stor splid om.

Grunneigarane måtte vere samde

Ifølgje Wirak ligg stølsmarka hans inneklemt mellom dei andre eigedommane.

– Utan ein avtale med alle, hadde nok ikkje dette vore mogleg å få til, seier han.

Stanley Wirak seier han har uttalt seg om Vardafjellet vindkraftverk på vegner av eit samrøystes bystyre.

– Aftenbladet klarer å gjere dette til noko utruleg mystisk, de blandar saman hummar og kanari gjennom sju sider vrøvl. Det bur ikkje eit einaste menneske i Bergeheia. Dei einaste som blir forstyrra, er sauene. Det er heile forskjellen. Om Heidi Bjerga ikkje klarer å sjå denne forskjellen, får det stå for hennar rekning.

Stanley Wirak meiner det er forskjell mellom vindturbinar i Sandnes og i Sirdal. Foto: Jon Ingemundsen

Får støtte frå Høgre-politikar

Kenny Rettore, gruppeleiar i Sandnes Høgre, seier han har full forståing for at Wirak vel å takke ja til ein privat avtale som grunneigar.

– Stanley har gjort nokre vurderingar som er riktige for han. Mange grunneigarar har gjort slike vurderingar på lik linje med han. Høgre har ikkje diskutert rolla hans i denne saka, men sjølv har eg eit pragmatisk syn på det. Eg følger argumentasjonen hans, seier Rettore.

Kenny Rettore, gruppeleiar i Sandnes Høgre, forstår at Wirak vel å takke ja til ein privat avtale som grunneigar. Foto: Kristian Jacobsen

Meiner Wirak bør vise avtalen

Mimir Kristjansson, Raudt-leiar i Stavanger, reagerer på at Wirak ikkje vil vise fram leigeavtalen med Norsk Vind Energi AS. Wirak viser til at avtale mellom grunneigar og utbyggar er konfidensiell. Han har sagt at han er blant dei minste grunneigarane med ein eigardel på to prosent.

– Eg forstår ikkje at han i det heile tatt kan tru at han kan halde noko slikt hemmeleg. Når utbyggar inngår avtale med ein grunneigar som også er ordførar, må dei forstå at det har offentleg interesse, seier Kristjansson.

Wirak vil i liten grad svare på uttalen frå Kristjansson, men seier han er opplært til å halde seg til inngåtte avtalar.

– Så får vel heller denne stavangerpolitikaren gjere dei vurderingane han sjølv ønsker.

Stanley Wirak er grunneigar ved denne garden i Virak. Foto: Pål Christensen

Publisert:

Vardafjell-utbyggingen

  1. Vindkraftselskapet har inngått avtaler som skal løse tv-problemene - nå sviver turbinene på Vardafjell igjen

  2. Strengere støykrav på Vardafjell: – Fylkesmannens avgjørelse er feil

  3. Nå har Vardafjellet Vindkraft stoppet alle turbinene

  4. TV-problemene ikke løst – vindturbiner stanset på Vardafjell

  5. TV-signalene skal tilbake straks – ellers må Vardafjellet Vindkraft stoppe turbiner

  6. Sandnes skjerper støy­kravene – Varda­fjellet Vind­kraft protesterer

  1. Vardafjell-utbyggingen
  2. Kenny Rettore
  3. Erlend Kristensen
  4. Stanley Wirak
  5. Vindkraft