Foto: Geir Sveen
Kjærleiken under pandemien fekk sitt sterke symbol gjennom Pøbels kunstverk «The lovers» på Bryne.
Heine Drøsshaug Sæverud og Levin Drøsshaug Sæverud trøysta seg med katten Troy og ein regnboge i vindauget.
Alt blir bra, var slagordet vårt.
Me klappa for helsevesenet frå balkongane, slik Marit Høyven og Steinar Skartveit gjorde.

Kva blei dine lyspunkt i koronaåret?

KONKURRANSE: Arbeidsløyse, heimeskule og karantene er noko av det pandemilivet har bydd på. Likevel finst det alltid lys i mørket. Kva var lyset for deg?

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

Aftenbladet inviterer menneske i alle aldrar til å dele sine forteljingar om kva som har gjort koronaåret litt lettare å kome gjennom. 12. mars 2020 er eit tidsskilje i liva til me som lever nå. Livet som me kjende det, forandra seg brått, og det vil nok framleis bli annleis i lang tid.

Me har sett bamsar i vindauge, klappa frå balkongar, hengt opp hjarte og regnbogar med løfte om at alt blir bra. Kva er din kur mot brakkesjuke, keisemd og motløyse?

Kva er di glede?

Juryen i konkurransen om lesaranes beste korona-historie. Line Noer Borrevik, frå venstre, Lars Helle og Solveig Grødem Sandelson Foto: Jon Ingemundsen

– Korona har ramma kvardagen vår, rett inn i det næraste. Ingen har gått klar. Kva forteljingar er det me ikkje har høyrt? Det kan vera mørkt rundt, men denne gongen skal me konsentrera oss om lyset. Kva er lyspunktet for deg? Kva var mørkt og tøft rundt det? Kva får deg til å halda ut? Koronatida er ikkje over, me må stå i det litt til, då kan det vera godt å få slike historier å varma seg på, seier debattredaktør Solveig Grødem Sandelson.

Ho skal saman med sjefredaktør Lars Helle og lærar Line Noer Borrevik velja ut dei beste bidraga i konkurransen.

– Me ser etter dei gode historiene som treffer oss alle og gjer at me forstår kvifor nettopp det du fortel om blei så viktig for deg. Målet er å vise fram året som har vore og kva me enno lever med, gjennom lesarane sine forteljingar. Det er viktig for avisa å få med lesarane sine opplevingar i det som blir ståande som historia om koronaåret, samanfattar Solveig Grødem Sandelson.

To klassar

Konkurransen er open for alle, men deltakarane vil bli delt inne i to grupper. Ei for dei over 20 år, og ei for dei under 20 år.

Du treng ikkje skriva forteljinga di – bruk den forma som ligg hjartet ditt nærast, er rådet frå debattredaktør Sandelson. Dermed kan du fritt velja om du vil måla eit bilde, laga video, skriva eller teikna. Det einaste vilkåret er at bidraget ditt kan sendast inn digitalt og kan publiserast digitalt.

Dei tre beste bidraga frå kvar gruppe blir premierte. Vinnarane får eit gåvekort til ein verdi av 3000 kroner. Dei som kjem på andre- og tredjeplass får gåvekort på høvesvis 2000 og 1000 kroner.

Dei beste bidraga vil bli publiserte på aftenbladet.no/meninger frå torsdag 12. mars og gjennom helga.

Fristen for å sende inn bidrag er sett til 1. mars.

– Me ser etter dei gode historiene, som treffer oss alle og gjer at me forstår kvifor nettopp det du fortel om blei så viktig for deg. Målet er å vise fram året som har vore og kva me enno lever med, gjennom lesarane sine forteljingar.

Konkurranseregler

Format:

Tekst: Maks 3000 teikn, med mellomrom.

Bilder: jpg-format, ikke større enn 10 MB

Tegninger: Må leveres digitalt, i jpg-format.

Video: Maks to minutter, gjerne i høydeformat.

Innsending:

Send e-post til korona@aftenbladet.no – skriv «Konkurranse» i emnefeltet.

Vi ønsker at du sender med fullt navn, alder, mobil og adresse.

Du kan også laste opp ditt bidrag her:

Les også

  1. Konkur­ranse: Hva ble dine lys­punkter i koro­naåret?

Publisert:
  1. Webview
  2. Koronaviruset
  3. Lars Helle
  4. Konkurranse

Mest lest

  1. Regnet tærer hardt på snøen: - Jeg er sjeleglad for at det ikke er denne uka det er vinterferie

  2. Butikken har vært en del av Stavanger sentrum i 110 år. Nå legges den ned.

  3. Økende smittetrend, men flere bedrifter åpner for å jobbe på kontoret

  4. Mutert virus skaper uro blant eksperter i California: - Djevelen er allerede her