• - I første omgang vil eg at fleir kvinner skal ha mot til å gå i kjole med hårete leggar. I neste omgang vil eg gjerne sjå meir hårete folk enn glatte folk, seier radikalfeministen Anne Kalvig. Jon Ingemundsen

Vil ha hårete kvinneleggar i sommar

Anne Kalvig meiner at enkelte menn har gløymt at også kvinner har kroppshår. Sjølv er ho vane med å få lange blikk fordi ho ikkje barberar bein og armholer, og håper at fleire kvinner vel det same i sommar.