Nesten kvart år er det ulykker på denne vegen

LYSEVEGEN: Statens vegvesen vil ha 50-sone på delar av Lysevegen og skilt som hindrar villparkering, men planlegg ikkje nye fareskilt i ulykkesbelasta områder.

Publisert: Publisert:

Fartsgrensa er 80 kilometer timen, men med slike svingar og auka trafikk er det bortimot umogleg. Kvart år får politiet melding om ulykker, fleire har endt i døden. Foto: Pål Christensen

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Foto: Pål Christensen

Foto: Pål Christensen

Her var den siste ulykka på Lysevegen. 17 år gamle Tomas Merkesdal Hall låg lenge i kunstig koma. Foto: Henrik Lilleheim

Den 32 kilometer lange strekninga mellom kraftbygda Lysebotn og Sirdal har hatt minst 22 ulykker sidan 1993. 19 er registrert i Statens vegvesen si oversikt, og ein gjennomgang av Aftenbladet sitt arkiv finn fire fleire.

Flesteparten av ulykkene er på motorsykkel og oversikta viser at ulykkene ofte har skjedd i dei same områda. Fartsgrensa er 80 kilometer i timen, men ei slik fart er ikkje mogleg på den smale, svingete vegen. Fylkesvegen er vinterstengt frå snøen kjem i oktober/november og fram til mai.

Les også

– Om nokon fortalde at dette er ein utsatt veg, hadde eg aldri latt han køyre der

Trafikken auker i takt med Kjerag sin popularitet. Dermed må Statens vegvesen gjere enkelte endringar, men noko stor opprusting ligg det ikkje an til. Foto: Pål Christensen

Ikkje fleire fareskilt

– Fleire fareskilt har vore diskutert tidlegare, men det er ikkje noko vi vurderer no. Blir det voldsom auke i trafikken, må vi vurdere fleire tiltak, seier Trond Åge Langeland i Statens vegvesen.

Han viser til vegtrafikklova §3 om å avpasse farta etter forholda.

– Som trafikant får ein raskt inntrykk av at dette er en fylkesveg med mange svingar. Det er allereie en del fareskilt her, både med tanke på svingar, smal veg, fare for dyr og fall på fylkesvegen. Ikkje alle svingar er særskilt skilta, men det framstår ikkje naturleg og det er heller ikke krav om dette.

Vegvesenet er ikkje samde i at strekninga kan sjåast som spesielt ulykkesutsatt ut ifrå ulykkene som er registrert hos politiet.

50-sone

Vegvesenet går inn for 50-sone i eit område på 500 meter rundt Øygardstøl. Bakgrunnen er den nye Kjerag-parkeringsplassen som ligg på andre sida av vegen. Den skal vere ferdig innan oktober.

– Mange mjuke trafikantar vil krysse vegen, og den nye parkeringsplassen blir bygd med ei forventning om at det blir enda meir trafikk der, seier Langeland.

Lysevegen er fylkesveg. Leiar i samferdselsutvalet i Rogaland fylkeskommune, Arne Bergsvåg (Sp), seier strekninga i liten grad har vore oppe til politisk diskusjon.

– Det ligg ikkje føre store utbetringar og dei kjem nok heller ikkje. Men tiltak som trafikksikrer bør diskuterast. Vi utarbeider handlingsplan no. Det er ein del problemstillingar med denne strekninga som nok ikkje har vore så mykje framme. No må vi gå nokre runder på dette.

Handlingsplan for fylkesvegane blir tema under Samferdselsutvalet sitt møte 4. oktober. Så skal det behandlast i Fylkestinget etterpå.

– Eg meiner det bør vere relevant å vurdere fareskilt på strekninga. Å redusere fartsgrense på heile strekninga, trur eg derimot ikkje har noko for seg fordi ein uansett må køyre etter forholda, seier Egil Netland, lensmann i Sirdal.

– Det er ein krevande veg med årlege motorsykkelvelt eller ulykker. Der har også vore fleire dødsulykker. Samtidig veit eg ikkje om det er grunnlag for å seie det er mange ulykker i forhold til kor mange trafikkantar som køyrer der, seier han.

- Må vurdere fleire tiltak

Ordfører i Forsand, Bjarte S. Dagestad, har varsla at han vil ta situasjonen opp på møte med Sirdal kommune og Statens vegvesen sine avdelingar i Agder og Rogland. Møtet er 31. oktober.

– Det er nytt for meg at vegvesenet ønsker 50-sone, men det er i alle fall bra dei gjer noko med vegen. Eg meiner likevel det må vurderast å gjere ytterlegare tiltak, så vi vil framleis ta dette opp.

Ved Øygardstøl vil det truleg også kome skilt med «parkering forbode» over ei strekning på to kilometer, opplyser Trond Åge Langeland i Statens vegvesen. Vidare vil dei skilte møteplassar i området. Det er Lysefjorden Utvikling AS og Stiftelsen Preikestolen som har bedt om skilting. Dagleg leiar Audun Rake seier «villparkering» har vore eit stort problem.

– Vi har sett mange trafikkfarlege situasjonar fordi folk står parkert langs vegen. I år har det vore spesielt gale, men vi trur det blir betre med ny parkeringsplass. Vi er glade for tiltaka vegvesenet no får på plass.

Driftsansvarlig Henrik Lilleheim ved Kjerag parkering har tidlegare uttala at mørketala over ulykker er store.

Les også

– Ikke nok med fareskilt, Kjerag-veien må utbedres

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Dette må du vite om busstreiken

  2. Fire nye koro­nasmit­tede i Stavanger – ett av tilfel­lene har ukjent smitte­kilde

  3. Flere voldsepisoder, knust busskur og ruskjøring i natt

  4. Kjøkkenet ligger 143 meter over havet – i Stavanger

  5. «Koronapandemien har gitt en oppblomstring for tvilsomme firmaer som skor seg på desperate mennesker»

  6. Flyttet fra leilighet i byen til minihus på landet: - Man må ofre noe for å bo som dette

  1. Statens vegvesen
  2. Lysefjorden Utvikling