• Årets Topp Campingplass ligg på Brusand. President Bjørn Richard Johansen i Norges Caravan Club overrekte utmerking til kari go Sigmund Cvalbein. Reidun Gudmestad

På topp blant campingplassar

Det finst nokre høgdepunkt i ein campingplasseigars liv. Det eine kan vera når kronprinsen stikk innom resepsjonen og spør etter ei hytte, og han er fornøgd med den eine som er igjen. Det andre kan vera å bli Årets Topp Campingplass.