Difor sorterar og vaskar vi plasten

Berre 30 prosent av plastemballasjen vert resirkulert. Mange er usikre på kor rein plasten skal vere, men her får du vite korleis du kjeldesorterar den.

Illustrasjonsfoto.
  • Jørund Vatle Sandgren
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Du treng ikkje vaska plasten din, det er stort sett nok å skylje med vatn.

Kari-Lill Ljøstad er kommunikasjonssjef i Grønt Punkt. Ho fortel Aftenbladet kva som eigentleg er greia med plast, og kva du skal gjere når det er tomt for salami og du står med emballasjen i handa.

– Men til dømes den tomme salamipakken treng ikkje skyljast i vatn. Poenget er at det skal hindre lukt for dei som arbeider med gjenvinning av plast. Her er det uansett viktig å bruke skjønn. Om du skal bruke lang tid for å fjerne størkna sjokoladepålegg frå plastboksen, kastar du han heller i restavfallet.

  • LES OGSÅ: Hver av oss kaster 30 kilo plast i året
Kari-Lill Ljøstad fortel korleis vi skal kjeldesortere og kvifor vi gjer det.

Lagra i månadsvis

Ljøstad fortel at restavfall og kjeldesortert plast kan verte liggjande i mange månader før det leverast inn til gjenvinning.

– Fleire plassar i Noreg vert restavfallet levert til anlegga same dag som det vert henta. Skitten resirkulert plast vert balla saman og lagra lenge før den vert gjenvunne. Tenk om det hadde vore deg som må møte avfallet ditt om tre månadar.

Les også

Fugler bygger reir med plast og tau

Plasten som sorterast vert pressa saman før den vert sendt til gjenvinning i Tyskland eller Finland.

Ho poengterer at det er viktig å passe på at plastemballasjen vert kasta i avfallet, og ikkje i naturen.

– Det er ikkje plasten i seg sjølv som er miljøfarleg. Det som er farleg er når plasten hamnar på avvege. I hava vert den brutt ned til mikroplast og kan verte teke opp i dyra. Det kan vere farleg for sjødyr som kvalen som stranda på Sotra utanfor Bergen. Mykje av plasten som hamnar på strendene våre er uansett ikkje automatisk norsk plast. Forsking visar derimot at mesteparten av plasten i verdshava kjem frå Asia.

Les også

Hvalens død gjør at folk står i kø for å rydde strender

Les også

Med dagens politikk vil det være mer plast enn fisk i havet i 2050

Lagar ikkje plast av ketchup

Ljøstad er klar på at ein ikkje skal hive matrestar saman med plasten.

– Det er tre ting som er viktig å tenkje på før ein hiv plasten i plastboset. For det første vert det ikkje ny plast av ketchup og sjokoladepålegg. Det er berre plast som kan bli ny plast. For det andre er det folk som jobbar med dette. Der restavfall ikkje ligg lenge på sorteringsanlegg før det vert forbrend, kan plastemballasje liggje i fleire månadar før det sendast ut av landet for gjenvinning.

Ljøstad fortel at plasten ikkje sorterast i Noreg. Den vert derimot pressa saman i Noreg før den vert frakta til svære sorterings- og gjenvinningsanlegg i Tyskland og Finland der den vert sortert og gjenvunne til råmateriale som igjen blir til nye plastprodukt.

– For det siste er det eksporten. Her er det tre nye ting å tenkje på. Plast veg lite, men det er om den er rein. Når plasten skal gjenvinnast kostar det pengar, og den prisen er basert på vekt. Om det er mykje matavfall i plasten vil den vege mykje meir, og bli atskillig dyrare å gjenvinne. For det andre er det slik at om det renn gamle matrestar og ketchup frå plasten, blir det ikkje tatt imot. Det vert klassifisert som restavfall, og då er vi like langt. For det tredje vil forurensa plast forringe kvaliteten på det ferdige plastproduktet, så det ikkje kan gjenvinnast like mange gongar.

Kari-Lill Ljøstad, kommunikasjonssjef i Grønt Punkt, fortel at det kan vere litt vanskeleg å lage plast av ketchup, så den bør vere ute av flaska før ein kastar den i plastavfallet.
Les også

– Sist jeg svømte med en delfin i Gandsfjorden, oppdaget jeg noe skremmende

Difor brukar vi plast

– Plast er jo eit fantastisk materiale. Ein lurar kanskje på kvifor druene er pakka inn i plast. Ein studie viste at når druene vart pakka inn i plastbeger i staden for å liggje laust i butikken, var det 75 prosent mindre svinn. Matsvinn frå butikkane skadar miljøet mykje meir direkte enn plasten i seg sjølv, om den då ikkje hamnar på avvege. Plasten er laga for å ikkje brytast ned, då den skal ta vare på maten.

Ljøstad seier at det og fins andre alternativ, men at det er daglegvareprodusentane sjølve som veit kva emballasje som er best.

– Til dømes er melkekartongen og belegget utanpå kartongen laga i plast som ikkje stammar frå råolje, men har dei same eigenskapane. I tillegg handlar det om mattryggleik. Vi handlar mykje langreit mat, så om maten skal sendast, må den vere innpakka. Det er og for å hindre at maten vert øydelagd når folk skal kjenne på den i butikkane. Det er ikkje slik at produsentane ønskjer å fronte plast, dei brukar det produktet som er best eigna for formålet.

LES MEIR OM PLAST I HAVET:

Les også

  1. Hør her, vi må snakke litt om havet dersom vi fortsatt vil puste

  2. Finner mer Ryfast-plast i sjøen

  3. Fylkesmannen godtar ikke plastsøl i Rogfast

  4. Havet vårt tåler ikke Rogfast-plast

Publisert:
  1. Plastposeavgiften
  2. Miljø
  3. Forsøpling
  4. Avfall

Mest lest akkurat nå

  1. Nils Arne Eggen (80) er død

  2. Planlegger barnehage til 150 millioner ved Mosvatnet

  3. Ny fabrikksjef hos Nortura Forus

  4. Advarer mot glatte veier i Sirdal

  5. Etter­lyser bil etter på­kjørsel av politi­bil i Klepp i helga

  6. 16 innlagte med korona på SUS