Sola ville hjelpe langtidsledige i jobb: - Behovet var ikkje stort nok

Sola kommune ville gi langtidsledige ein siste sjanse gjennom nytt prosjekt. Men når dagpengane tok slutt, ordna det seg for mange, ifølgje Nav. Prosjektet er no lagt på is.

Publisert: Publisert:

Ståle Johan Knutsen og Siv-Len Strandskog (Ap) frå Allservice og ordfører Ole Ueland møtte i november Aftenbladet for å fortelje om pilotprosjektet. Foto: Jon Ingemundsen

Denne artikkelen er over to år gammel

Kvar månad mister rundt 20 personar dagpengane i Sola kommune fordi dei har vore utan arbeid i meir enn to år. Nav venter at det held seg på same nivå resten av året.

Difor vart det starta eit pilotprosjekt for å fange opp desse før dei hamna på sosialhjelp. Kvar dag i fire veker skulle langtidsledige få oppfølging og hjelp med jobbsøking. Pilotprosjektet er eit sammarbeid mellom Sola kommune og Allservice AS, som er ei tilrettelagt bedrift eigd av fleire av kommunane på Nord-Jæren.

Sola vil gi oljeoppsagte en siste sjanseTerje har snart vært arbeidsledig i to år - slik holder han motet oppe

For få interesserte

Til no har prosjektet blitt gjennomført éin gong med oppstart i januar. Runde nummer to skulle starte i april, men dei fekk ikkje nok deltakarar.

– Behovet var ikkje så stort som vi hadde trudd. Mange som nådde grensa fann jobb eller takka ja til ein arbeidstreningsplass. Sjølv om fleire går over i sosialhjelp, ser vi òg at mange forsvinn ut av systemet, seier Siv Maiken Vågseter, avdelingsleiar ved Nav Sola.

Ein del av forklaringa meiner ho er at mange har hatt deltidsjobb i tillegg til dagpengane. Nav opplever også at mange tenker meir alternativt.

– Ein vil gjerne tilbake til yrket sitt, men etter å ha vore ledig så lenge innser mange at jobben ikkje finst lenger. Mange blir difor opne for å prøve eit heilt nytt yrke. Den store pågangen til «Menn i helse»- prosjektet tyder på det.

For eit kurs med 30 deltakarar var det venteliste med 160 menn som ynskja å bli helsearbeidarar i Sola.

Vurderer prosjektet

Ståle Johan Knutsen, administrerande direktør ved Allservice, bekrefter at dei ikkje hadde nok deltakarar til runde nummer to. Kurset dei heldt i januar hadde sju påmelde.

– Då hadde vi venta at det ville vere mellom ti og femten påmelde. Vi hadde likevel god erfaring frå dette kurset. For seks av dei sju deltakarane løyste det seg etterpå, anten ved at dei kom i jobb eller gjekk over i andre tiltak.

Sola kommune venter no på Allservice si evaluering av opplegget før dei avgjer om dei vil forsøke på nytt. Ordfører Ole Ueland seier det kan vere ulike årsaker til at dei ikkje fekk nok deltakarar.

– Vi ser at ein del får god nok hjelp frå Nav sine andre tilbod. Men vi ser også at mange kjem i arbeid eller aktivitet når dei nærmar seg slutten på dagpengane.

Vågseter i Nav meiner det hadde vore betre å køyre opplegget på grupper som har vore ledige i eitt år og ikkje to.

– Det er den typen erfaringar vi gjer oss gjennom eit slikt prøveprosjekt. Så får vi sjå om vi vidarefører, avsluttar eller gjer endringar, seier Ueland.

Les også

Hva forteller arbeidsledighetstallene oss?

– Mange tusen nærmar seg grensa

Etter 26 veker som arbeidsledig vert ein rekna som langtidsledig. Ser ein heile denne gruppa samla har det vore ei stor auke i fylket siste året. I april gjaldt dette 6345 personar, 675 fleire enn for eitt år sidan. Knutsen i Allservice meiner dette taler for at ein framleis vil trenge slike tilbod framover.

– Berre på Nord- Jæren er det no mange tusen som nærmar seg grensa for dagpengane. Eg trur det er andre kommuner som vil ha behov for eit slikt prosjekt.

Totalt er det venta at 124 personar i Sola kommune ikkje lenger har rett på dagpengar dei neste seks månadene. Sjølv om Nav trur det vil ordne seg for mange, viser statistikken at det ikkje gjeld alle. I april skreiv Aftenbladet om ei stor auke i sosialhjelpmottakarar i Sola, Sandnes og Stavanger. I mars mottok 311 solabuer sosialhjelp, 53 fleire enn på same tid i fjor.

Sola kommune har framleis den høgast arbeidsløysa i fylket saman med Eigersund og Sandnes. 6,2 prosent av arbeidsstyrken i desse kommunene står utan jobb, viser tal frå april.

Trur arbeidsløysa vil gi høgare barnefattigdom i RogalandNå vil de kutte arbeidsledigheten i Sola
Publisert: