Firemannsceller blir historie

Sidan 2002 har fengselsleiing og fagorganisasjonar på Åna kjempa for å få slutt på soning på firemannscelle. No skjer det.

Publisert: Publisert:

Foto: Jan Tore Glenjen

  • Reidun Gudmestad
iconDenne artikkelen er over 12 år gammel

Dermed går ei mørk side av historia til den snart 100 år gamle soningsanstalten over i historia. Om to-tre år ventar leiinga at firemannsromma skal vera avvikla.

– Firemannscellene er ein leivning frå tida då Åna fengsel var Opstad tvangsarbeidshus. Ja, då starta dei med åttemannsrom. Det fungerte ikkje, og dei bygde om til firemannsrom. Dei har vore eit ømt punkt for oss. Endeleg blir det slutt, fortel fungerande direktør Ståle Olsen.

Felles kamp

Leiing og fagforeiningar har stått saman i kampen for å få dei bort. «Forbrytarskule av første klasse» sa dåverande leiar i funksjonærforeininga på Åna, Tom Ivar Liland i 2006. «Brakkeavdelingar» har dei vorte kalla.

– Dersom me lot soningsforholda her gå inn over oss, fekk me ikkje sova om natta, sa Liland også.

Til no har Åna ikkje fått lov å gjera noko med den situasjonen, på grunn av at det hadde større prioritet å minska soningskøane.

Men no skjer det. I løpet av neste veke skal to av brakkeavdelingane vera fråflytta. 1. september startar arbeidet med ombygging. Dei tre siste brakkeavdelingane skal takast etterpå.

Storberget

I vår var finansminister Kristin Halvorsen og justisminister Knut Storberget på Åna.

– Eg lot dei vera så lenge som råd på firemannscellene. Eg trur det gjorde godt, fortel ein fornøgd fungerande direktør.

– No ser me fram til å sjå planane konkretiserte i statsbudsjettet, seier Ståle Olsen. Han legg ikkje skjul på at det er ein god tanke og eit viktig steg for fengselet.

reidun.gudmestad@ aftenbladet.no

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Oppfordrer til Halloween-feiring for de minste barna

  2. Sykefraværet gikk ned, men ikke nok. Nå får de en sjanse til

  3. Silje fikk topp­karakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i kles­butikk

  4. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  5. Gutt påkjørt på Bryne

  6. Klar melding til egen minister: Grav ut Domkirken!