Plantar blå elver i byen

Vårblomane kjem til sentrum – eit sikkert vårteikn. Tirsdag morgen planta gartnarane blå stemorsblomstrar som skal sjå ut som ei rennande elv når dei har fått veksa tett i tett.

Publisert:

Kirsten Fagertun og dei to kollegaane er godt i gong med å planta vårblomane i sentrum. Foto: Jonas Haarr Friestad

Med nye spadar blir det lettare for gartnarane å gjera jobben. Foto: Jonas Haarr Friestad

Eirin Sollid Næss har satt siste krone på verket i Haakon VII gate og held på å rydda vekk eskene. Foto: Jonas Haarr Friestad

På Domkirkeplassen har dei også planta blomstrar som står til elva lenger oppe i Haakon VII gate. Foto: Jonas Haarr Friestad

Kirsten Fagertun, som er leiar for denne gruppa innan Stavanger natur— og idrettsservice, fortel at mange har kommentert kor flott det ser ut med den blomstrande elva.

Med spesiallaga spadar for å planta ned små planter jobba dei fire gartnarane seg bortover beda i gata. Etter mange dagar med fint ver, var dei uheldige å møtte på regnvêr i går.

— Plantene liker seg godt i regn, så me får tenka på dei, seier Fagertun og smiler medan regnet renn nedover kinna hennar.

Positive tilbakemeldingar frå forbipasserande hjelper og på humøret og arbeidsinnsatsen.

Les også

Disse plantene skal du klippe nå

— Tidlegare i dag var det ein som stod i bilkø her som rulla ned vindauget for å fortelja kor flott det blir, seier ho.

Nær 40.000 blomstrar

I fyrste omgang vil stemorene bli planta i Østervåg, Haakon VII gate og Byparken. Gartnarane skal planta til saman 8000 plantar, og når blomstrane er ferdige for sesongen i juli ein gong, kjem det rundt 30.000 andre blomster. Når det går mot hausten, kjem det dessutan fleire tulipanar.

— No kryssar me fingrane for at tulipanane som står rundt her, klarar seg til 17. mai, men det kan me jo aldri veta, seier Eirin Sollid Næss som akkurat er ferdig med det eine bedet som deler vegen nedanfor rådhuset.

Les også

Slik dyrker du din egen mat

Det er heilt avhengig av veret, men kva som er best for tulipanane, er dei usikre på. Blomstrane har i alle fall blitt satt ned i ei perfekt jord. Andre gartnarar har gjort klar jorda slik at den er mjuk og god for blomstrane.

Litt lengre nede i gata står Maiken Sandsmark og stikk dei små plantene ned i den våte jorda. Ho går systematisk bortover slik at dei står beint på rekke.

Må få stå i fred

Gartnarane håpar at blomane vil få stå i fred gjennom sommaren. Tidlegare planta dei blomar heilt ut til vegen. Bilar som ikkje klarte svingen i rundkøyringa, øydela ofte blomane. Syklistar og gåande klarte heller ikkje alltid å gå utanom beda.

— No har me planta gras rundt sjølve bedet, og då trur eg blomstrane skal få stå meir urørte, seier Fagertun.

Publisert: