Wirak får korona-fullmakt

No kan Sandnes-ordførar Stanley Wirak aleine fatte vedtak i saker som normalt ville blitt behandla politisk. Det gjeld saker som hastar på grunn av korona-situasjonen.

Publisert: Publisert:

Politikarane i Sandnes har bestemt at ordførar Stanley Wirak får ta avgjersler aleine i saker som hastar på grunn av koronaviruset. Foto: Fredrik Refvem

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er 108 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

– Vi gjer det slik for å sikre liv og helse og store verdiar. Det kan vere forskjellige grunnar til at ei sak ikkje kan vente på politisk behandling. No har vi fullmakt dersom det blir nødvendig, seier Stanley Wirak, ordførar i Sandnes (Ap).

Eit ekstraordinært kommunestyremøte vedtok onsdag å gi ordførar og rådmann utvida myndigheit. Stemmene blei gitt skriftleg ettersom politiske møter framover ikkje lenger skal haldast på Rådhuset.

Les også

Stavanger oppretter eget luftveislegekontor

Kan vedta aleine

I saksframlegget frå rådmann Bodil Sivertsen var det foreslått at ordførar Wirak får høve til å gjere vedtak i prinsipielle saker.

Vidare skal rådmannen kunne gjere vedtak i saker som ikkje er prinsipielle og som normalt ville vore oppe til politisk behandling.

Til dømes kan det oppstå eit akutt behov for å opprette fleire sjukeheimsplassar.

– Det vil også kunne dreie seg om saker som ein trur ikkje er stridstema. I så fall konsulterer vi gruppeleiarane per telefon, seier Wirak.

– Det er første gongen eg har hatt slik myndigheit. Tidlegare har eg hatt det som heiter sommarfullmakt, men då har det vore i saker som ikkje er av prinsipiell betydning,

Maks 20 kan møte

Kommuneoverlege Hans Petter Torvik har tatt ei avgjersle om at det ikkje skal møtast fleire personar enn 20 i møter i Sandnes kommune. I tillegg må det vere god avstand mellom eventuelle deltakarar.

Politiske møter i Sandnes vil difor framover gå føre seg via videokonferanse. Kommunen opnar for at leiarane for dei aktuelle utvala, rådmann, referent og presse skal kunne møtast på Rådhuset medan politikarane ringer inn.

Bakgrunnen er at Kommunal- og moderniseringsdepartementet opnar for å halde fjernmøte i ei midlertidig forskrift sendt ut til kommunane 13. mars.

Publisert:

Korona-viruset

  1. Engelske puber åpnet igjen: – Jeg kunne ikke vente

  2. Lege- og sykepleierkonflikt ved intensivavdelingen på SUS: - Uryddig og utydelig

  3. Kjæresten til Donald Trumps eldste sønn koronasmittet

  4. En person innlagt med korona på SUS

  5. – Vi har en ordfører som er på lag med Stavangers næringsliv

  6. – Neste sommer finnes ikke for alle eldre heller

  1. Korona-viruset
  2. Koronaviruset
  3. Stanley Wirak
  4. Sandnes kommune