No skal Stavanger bli elbil-byen

STAVANGER: Politikarane er i budrunde om å ha det mest ambisiøse elbil-forslaget. – Det er trass alt valkamp, seier det eine partiet som meiner det går for langt.

Publisert: Publisert:

Jone Laursen og Kristine Gramstad Wedler i Ap vil ha ei skikkeleg elbil-satsing. Det vil så godt som alle andre parti også. Foto: Anders Minge

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Her meiner dei mykje utan å vite kva det kostar og utan å vurdere behovet først. Det er liten vits i å overby kvarandre, men så er det trass alt valkamp, seier Leif Arne Moi Nilsen (Frp), nestleiar i Kommunalstyret for miljø og byutvikling (KMU).

Tysdag skal nemleg utvalet ta stilling til ein strategi for ladestasjonar utarbeida av rådmannen. Fleirtalet meiner den er alt for lite ambisiøs.

H, V, KrF, MDG og FNB foreslår at 50 prosent av alle offentlege parkeringsplassar skal tilby lading innan 2023. Dei vil ha lading frå lyktestolpar, spesielt i Trehusbyen, og dei vil etablere mellom 50 og 100 ladepunkt årleg i det offentlege rom. Dessutan vil dei vil satse på bildelingsordningar for el-bil.

Les også

Spår rush av elbil-kunder når de nye bomstasjonene kommer

Les også

Ny rapport: Selv uten subsidier vil elbiler snart være like billige som bensin-biler

Les også

Her gjør Miljøpartiet De Grønne et brakvalg

Venstres Per A. Thorbjørnsen (til høgre) har fått med seg posisjonspartia på eit felles elbil-forslag. Unntaket er Frp, her representert ved Leif Arne Moi Nilsen. Foto: Jon Ingemundsen

–Vi heng etter

Dette og enda meir foreslo dei også for Kommunalstyret for bymiljø i august. Leiar i KMU, Per A. Thorbjørnsen (V), var pådrivar for forslaget. Han seier bakgrunnen var ein konkurranse under Arendalsveka der Stavanger kom på tredjeplass.

– Vi fekk mykje skryt, men eg innsåg samtidig at vi ligg veldig langt etter Bergen og Oslo. Det må vi endre.

– Korleis vil de finansiere satsinga?

– Kvar ladestasjon kostar 55.000, så 50 i året blir to til tre millionar. Så må vi kome tilbake til kor mykje det offentlege skal ta av kostnadene. Vi er villige til å kome inn med ein sum, men det er mogleg vi får med oss private aktørar også, seier han.

Alle gater skal med

Under møtet i byutvikling var det berre Frp som kom med eit anna forslag, nemleg å skrote heile strategien. Tysdag stemmer dei for å ta strategien til orientering.

– Det er det naturlege å gjere i ei slik sak. Også vi meiner elbilen er komen for å bli, men trur meir på det private initiativ, seier Moi Nilsen.

I mellomtida har Ap pønska ut det dei meiner er eit enda meir ambisiøst forslag. KMU er siste utval saka skal handsamast i.

– Vi håper at Stavanger får den høgaste andelen elbilar i Norge, kanskje Norden, kanskje også Europa, seier Kristine Gramstad Wedler (Ap).

Der dagens mål er at fem prosent av alle parkeringsplassar i nybygg skal ha lading, ønsker dei dette for alle. Dei foreslår at kommunen legg til rette for at alle kan lade elbilen i gata uan å betale for anna enn ladestasjon. Vidare vil dei at 75 prosent av alle offentlege parkeringsplassar skal ha lading innan 2025. I samarbeid med Lyse og kommunane på Nord- Jæren vil dei etablere fire nye hurtigladestasjonar med gratis strøm.

Partiet vil innarbeide elbilsatsinga i sitt alternative budsjett, men vil ikkje seie stort om pengesummen.

– I første omgang vil vi gi Lyse éin million der det i dag er satt av 225.000, så må vi kome tilbake med høgare ambisjonar etterkvart, seier Gramstad Wedler.

Les også

Store forskjeller i antall ladepunkter for elbiler

Les også

Siste advarsel til elbil-eierne

Les også

Enova punger ut for hurtiglading i distriktene

Ordfører Christine Sagen Helgø meiner det viktigaste må vere å få breiast einigheit i ei slik sak. Foto: Pål Christensen

Brei einigheit

– Vi skal alltids sjå på nokre av Ap sine punkt, men her var det lite nytt, seier Thorbjørnsen (V).

Ordfører Christine Sagen Helgø (H) seier det viktigaste må vere å få breiast mogleg einigheit.

– I dag kan det vere vanskelig å få lade i parkeringshusa. Overgangen til elbil vil vere ein viktig del av byvekstavtalen, der vi har forplikta oss på eit nullvekstmål (nullvekst i personbiltrafikken, journ.anm.).

– Når det gjeld Ap sitt forslag om å legge til rette i alle gater, tenker eg at vi heller må legge til rette der det er mest behov først. Det er ikkje sikkert det vil vere behov i alle gater, seier ho.

Her kan du lese strategien som politikarane skal ta stilling til tysdag.

Publisert:

Les også

  1. De færreste i Stavanger og Sandnes tror bussveien påvirker egen bilbruk til jobb

Mest lest akkurat nå

  1. Mamma Ingebrigtsen ble forferdet over Jakobs løp: – Han er tross alt 20 år i dag og må få bestemme selv

  2. Her «snakker» Haaland seg til straffespark – sesongåpnet med to scoringer

  3. Ny E18 ved Larvik kostet 5,2 mrd. kroner. På veien forsvant avkjøringen til byen.

  4. Knuste egen mesterskapsrekord – så løp han videre ut av stadion

  5. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  6. – Du setter ikke smeller. Da blir du kjeppjagd.

  1. KMU
  2. Per A Thorbjørnsen
  3. Leif Arne Moi Nilsen
  4. Jone Laursen
  5. Stavanger kommune