Bussjåføren ser ofte nestenulykker på Byterminalen

Bussjåfør Kjetil Vier har sjølv vore nær å køyre på ein fotgjengar ved Byterminalen i Stavanger.

Publisert: Publisert:

Kjetil Vier meiner det er alt for trangt og smalt der passasjerane ventar på å kome på bussen. Foto: Aasland, Jarle

Denne artikkelen er over to år gammel

Foto: Aasland, Jarle

Foto: Aasland, Jarle

Ein flybuss er snart klar til avgang, passasjerane har tatt plass og sjåfør Kjetil Vier ventar berre på det fastsette tidspunkt. Han har sett litt av kvart her, og sjølv har han vore nær å køyre på ein fotgjengar.

– Det stod fullt av folk på dei smale platåa. Eg var klar til å køyre, såg i speilet og merka meg to som knuffa. Den eine hamna halvvegs under bussen, så hadde eg ikkje vore observant kunne det gått gale, seier han.

Oversikt frå Statens vegvesen viser at det har vore fire ulykker ved Byterminalen i Stavanger siste ti åra der fotgjengarar var involvert. I eitt tilfelle vart ein person definert som meget alvorleg skada, ein annan gong vart ein person alvorleg skada, og i dei to siste tilfella vart personar lettare skada. I tillegg kjem alle nesten- ulykkene. Ifølgje bussjåfør Vier er det mange av desse.

– Det er horribelt. Det er mange bussar, det er trangt og det vrimlar av folk. Eg ser nesten- ulykker heile vegen. Men ein blir utruleg nok vand med trafikksituasjonen.

Han meiner situasjonen har blitt verre siste åra med fleire bussar og ikkje minst fleire lange bussar. Frå flybussen kan han sjå skrått over mot krysset der mennesker går på kryss og tvers heilt uavhengig av kvar gangfelta er plassert.

Midlertidig løysing

Byterminalen sine fysiske begrensingar er eit diskusjonstema i arbeidet med den nye Bussveien. Ifølgje prosjektleiar Vegard Thise i Statens vegvesen er målet å få på plass ei midlertidig løysing ettersom det ikkje er sett av midlar til dei verkeleg store endringane.

– Den midlertidige løysinga må likevel vere fullgod då den kan kome til å bli verande ei god stund. Vi jobbar no med eit forslag til eit forporsjekt som vi håper å få ferdig til i haust.

Han understreker at ingenting er bestemt, men gir oss likevel ei skisse over kva som er vurdert gjort med Byterminalen.

– I dag er det mykje gåing på kryss og tvers, og det vil vi gjere noko med. Vi vil legge det opp meir med tanke på kvar det er naturleg for fotgjengarane å krysse, og då ser vi på løysingar der større delar av området er det vi kallar shared space.

Shared space vil seie at eit større område er berekna for fotgjengarar - altså ikkje berre nokre få overgangsfelt. Tidlegare har det vore diskutert om ein bør ta føre seg heile stasjonsområdet, men det skjer truleg ikkje med det første. Gunn Jorunn Aasland, direktør for Kultur og byutvikling i Stavanger kommune, viser til arbeidet i forbindelse med Bussveien.

– Vi veit at det er trangt og at det er utfordringar med tanke på kryssing av vegar. I arbeidet med Bussveien er Byterminalen noko som blir diskutert, men framleis er det i ei tidleg fase der vi ikkje veit kva som vil bli gjort. Det er ei utfordring å løyse dette. Bygningar og nivåskilnader gjer at ein ikkje berre kan utvide.

Sølve Rostøl Bulling, tilsett ved Kolumbus sin kundesentral, trur folk har blitt vande med trafikkbiletet på Byterminalen. Foto: Aasland, Jarle

– Folk har nok blitt vande med trafikken. Unntaket er dei som går med nasa i telefonen, seier Sølve Rostøl Bulling.

Han har jobba på Kolumbus sin kundesentral i fem år og følgjer dagleg med på trafikkbiletet ved Byterminalen. Han trur det blir mykje diskusjon om busstasjonen framover, men slit med å kome på dei gode løysingane.

– Det er ikkje akkurat så mykje å byggje ut her, med mindre ein tettar att vatnet, ler han.

Publisert: