Reinert Kverneland i nyttårstalen: - Eg vil oppfordra kvar og ein å tenka på om du kan gjera litt ekstra frivilligt arbeid i tida framover

Ordfører Reinert Kverneland heldt talen under nyttårsmottakinga i Time 1. nyttårsdag.

Publisert: Publisert:

Foto: Time kommune

Kjære alle saman – Godt nytt år!

Hjertelig velkommen den første dagen i 2020. Det er kjekt å sjå at så mange har sett av tid til å vera med på denne markeringa. Eg vil takka alle som er med å bidreg både musikalsk og på andre måtar til arrangementet.
Det er nå tida for å ta nokre korte tilbakeblikk på året som har gått, men også kva tankar eg har for dette året som nettopp har starta.

Etter nokre år med nedgang i olje- og oljerelaterte næringar, ser me nå at aktiviteten tek seg opp igjen.  Det er godt å sjå at arbeidsløysa nå er lågare enn ho var på det høgste.  I Rogaland var det i haust 2,4 % arbeidsløyse mens det i jærkommunane låg på mellom 1,8-2,1 %.  Veksten har kome raskare enn venta.  Låge renter, låg lønnsvekst og svak valuta har stiumert til investeringar og høgare eksport.  Kostnadskutt og høgare oljepris er ein viktig drivar for det nye oppsvinget me nå ser i oljerelaterte næringar. 

Kommuneplanen har vore jobba mykje med. Me har nå fått vedtatt planen, utanom det som skjer på Kvernaland. Det er forslag om store masseuttak og planar for å legge tilrette for etablering av datalagringssenter. Denne delen av kommuneplanen håper me at me kan få landa innan sommaren 2020. 

Aarbakke har endeleg fått go-signal for utbyggingsplanane sine. Mekling med Fylkesmannen om å frigjera jord for utbygging av industiområde har gitt resultat. Aarbakke er ei av dei største bedriftene her på Jæren og på Håland industriområde. Med slik utbygging dei nå har planar om, så sikrar dei mange gode arbeidsplassar i regionen i åra framover.

Det er ikkje å koma frå at arbeidet med økonomiplanen som nyleg vart vedtatt har vore særs utfordrande. Det er tøffe tak når me må gjera så store innsparingar som   me har måtta.

Som lokalpolitikarar er det viktig å ta vara på miljøet vårt og det blir bare viktigare og viktigare.  Eg er glad for at me fann rom  for ei stilling som miljøvernrådgjevar i budsjettet for 2020. Noko av det første denne personen skal begynna med når vedkomande er på plass, er å setta i gang arbeidet med å revidera energi- og klimaplanen for Time kommune. 
Det er god aktivitet på mange område. Det nye anlegget i Vardheia med ungdomsskule, idrettshall og turnhall viser at me samarbeider godt med Klepp som god nabo i nord.  I tillegg er Bryne turn med i delfinansiering av turnhallen.  Eg og dåverande ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese, var med på spadestikk for bygginga i september i fjor, og det er spennande å følga prosessen framover.  Eg er sikker på at det vil verta mykje aktivitet i denne delen av kommunen, og gleder meg til å sjå når alt står ferdig til skulestart hausten 2021.    
Rett før årsskiftet vart NAV Klepp-Time markert opna. Dei har vore samorganiserte nøyaktig i eitt år nå, og samlokaliseringa var klar seint i november.  Dei er framoverlente og klare for å hjelpa innbyggarane i desse to kommunane på ein best mogleg måte, både personlege møte og på digitale arenaer.
På Bryne kompetansesenter er det samarbeid med Klepp og Hå.  Time kommune har verkskommunetavtalar om norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar med Klepp kommune og grunnskuleopplæring for vaksne med Klepp kommune og Hå kommune. 

Me ordførarar på Jæren har stått saman i mange saker og det er med stor glede me ser at arbeidet med planlegging av dobbelspor fram til Nærbø kan starta.
6 kommunar samt fylkeskommunen går inn med 3 millionar kroner kvar og stortinget løyver sin del.

I Bryne fortset arbeidet med å oppgradera byen. Fritz Røed skulpturpark har vorte flott etter opprustinga, og det er kjekt å sjå at det er så mange som tek turen gjennom parken.  Ikkje berre parken er opprusta, me har også fått ny bru inn til Sandtangen. Det var heilt nødvendig for å få ei bru som toler at brann- og sykebilar kan koma inn i området.  Det er kjekt når folk eg treffer på Bryne stopper opp for å skrøyda av kor fint det er vorte i byen. 
Går me til eine enden av Fritz Røed skulpturpark så kjem me til Bryne Mølle og Kaizersplassen. Både 1000-årsplassen i enden av parken og Kaizersplassen er flott lyslagt, noko som kjem godt fram i denne mørkaste tida på året.  Det var utruleg kjekt at Kaizersplassen i november, på Lysets dag, vart tildelt Norsk lyspris 2019 for beste utandørsprosjekt. Prisen er den gjevaste utmerkinga innan lysdesign i Norge.
Eg er glad for at me fekk til eit makebyte med Brynes Vel. Denne avtalen gjer at dei kan utvida Sandtangen og i byte vert Geitahodnet overført til kommunen.  Nå seinhaustes starta opparbeidinga av Smieparken og området i den vestre enden av Storgata.  Mallonhuset er rive og eldsjeler i Bryne har starta med å renovera Smiå og Steinslandshuset – eller tatoo’en som me seier på folkemunne.  Det skal nå verta meir park og opnare område frå Meierigata over åna og til Bryne kyrkje.  Kommunen satsar på folkehelse, og i dette området vil det vera gode moglegheiter for turar.  Eg oppfordrar alle til å bruka nærmiljøet sitt godt.  Det gjer godt for både kropp og sjel.

Det skal verta spennande å sjå korleis det nyrenoverte hotellet vil framstå når Jæren Hotell, etter planane, vert ferdig i mars. Det vil då verta endra i ny drakt og med nytt namn, Hotell Jæren. Eg synes det er flott med folk som med ny giv og engasment set i gang med eit så stort prosjekt.  Eg ønsker alle lykke til, eigarar, daglege leiarar og personalet som skal jobba der.

Velferdsteknologi vil me høyra meir om i åra framover. Kommunen har starta med fleire prosjekt på dette området, og meir vil koma.  Me ser at det er arbeidsoppgåver som lett kan gjerast med teknologiske løysingar, og det er då å håpa at dei tilsette får meir tid til å gjera andre oppgåver til beste for brukarane.  Dette året skal kommunen starta opp med digital innbyggardialog.  Dette er ein plattform der kommunen og innbyggarane kan kommunisera med kvarandre på ein sikker og funksjonell måte.  Dei tilsette i omsorg ønsker at alle skal kunna bu heime lengst mogleg, også dei eldre.  Mange kan med litt hjelp gjera dette.  Her vil velferdsteknologi vera til stor nytte.  
Me ser at det er endringar i alderssamansettinga blant innbyggarane.  Det er lågare fødselstal i kommunen enn det me rekna med for nokre få år sidan.  I tillegg er det mindre innflytting enn før. Resultatet er at me får fleire og fleire eldre innbyggarar enn resten av aldersgruppene i kommunen.
Eit av måla i arbeidet i folkehelsearbeidet er å få eldre personar meir aktive. Me ønsker på sikt at minst 50 % av innbyggarar over 70 år skal vera med på frivillig arbeid. Å gje litt av si tid til andre kan føra til mykje positivt, både for ein sjølv og for fellesskapet. Eg vil oppfordra kvar og ein å tenka på om du kan gjera litt ekstra frivilligt arbeid i tida framover.  I kva retning arbeidet i omsorgssektoren skal gå vil me vita meir om når politikarane får lagt fram strategiplan for omsorg i år. 
Her skal me legga planane for kva retning denne sektoren skal ha i åra framover.

Skular og barnehagar er i endring.  Det vert fødde færre barn enn me tidlegare rekna med. Skulane merkar ikkje nedgangen ennå,  i 2020 startar det foreløpige siste store barnekullet. I skulen har dei starta opp med eit tverrfagleg prosjekt som heiter «laget rundt læraren og eleven». Dette er ein del av arbeidet for å hindra fråfall frå undervisninga.  Nå i vår skal alle skulane ha etablert tverrfaglege team, slik at mest mogleg rett kompetanse skal verka saman for å få eit betre lærings- og oppvekstmiljø for elevane våre.
Mykje spennande skal skje framover på oppvekstsida. Det skal lagast ein overordna språkplan for barnehagar og skular, for å styrkja det fleirkulturelle arbeidet i kommunen.  Vidare skal administrasjonen legga fram både revidert skulebruksplan og barnehagebruksplan.  Dette er viktige dokument som politikarane skal behandla om korleis framtida skal sjå ut.

I år skal det opprettast ungdomsråd.  Arbeidet med å finna kandidatar som skal veljast er i gang, og så snart det er på plass startar dei med arbeidet. Ungomsrådet skal uttala seg i alle politiske saker som gjeld barn og ungdom. 

Til slutt vil eg trekka fram det arbeidet som vert gjort innan folkehelse.  Det er eit satsingsområde i kommunen. Innanfor alle tenesteområde vert det jobba godt med utfordringar som går inn under folkehelse. Kommunen ønsker å samarbeida med næringsliv, frivillige lag og organisasjonar og andre institusjonar om folkehelsetiltak.  Som eit eksempel på dette har kyrkja invitert kommunen til samarbeid. Initiativ er me i kommunen svært glade for, og dette er noko me kjem til å følgja opp.  Eg vil takka alle som legg ned mykje tid i frivilligt arbeid.  Samfunnet er avhengige av dokke.
De som får utmerkingar i dag, er utøvarar i ulike kategoriar.  Me har mange som i lag med dokker representerer oss på ein flotte måte, og me set pris på dykk alle. Takk for innsatsen de gjer, og gratulerer med utmerkingane.

Eg vil med dette ønska alle eit godt nytt år i 2020.

Publisert: