Arnold Jørgensen er død

  • Sigmund Sunnanå
    Sigmund Sunnanå
    Tidlegare utdanningsdirektør i Rogaland
Publisert: Publisert:

Tidlegare skolesjef i Stavanger, Arnold Jørgensen, er død 97 år gammal. Med han er ein markant og høgt verdsett skolemann gått bort. Arnold blei fødd i Stavanger. Han hadde sine første leveår her før foreldra flytta til Bergen. Etter examen artium på Fana gymnas tok han lærarutdanning på Stord og seinare logopedutdanning.

Etter lærarutdanninga kom han tilbake til Stavanger, og blei lærar og seinare rektor på Kampen skole.

I 1965 blei han skoleinspektør II i Stavanger, og var skolesjef i kommunen frå 1976 til han gjekk av med pensjon.
Arnold Jørgensen var ein flink leiar og dugande administrator. Han var raus, omgjengeleg og oppteken av at folk han hadde ansvaret for, skulle ha det bra. Han var sosial, hadde godt humør og var flink til å finna praktiske løysingar på problem som dukka opp.

I tillegg til skolearbeidet hadde han ei rekkje tillitsverv. Han var interessert i organisasjonsarbeid og var med i landstyret og arbeidsutvalet i Norsk lærarlag. Lokalt var han mellom anna formann i Skolerådet i Stavanger og medlem i styret for Pedagogisk forening. I dei verva han hadde var han oppteken av at lærarane skulle få betre lønns- og arbeidsvilkår og høve til utvikling, trivsel og arbeidsglede i jobben. Han var praktisk og jordnær, og vann ofte fram med sine meiningar og synspunkt.

Jørgensen blei heidra av Kong Olav for sin innsats under krigen. I fritida og som pensjonist dreiv han med teikning og treskjering, var glad i musikk og av å vera ute i naturen. Då synet svikta, måtte han etter kvart slutta med dette. I staden hadde han lydbøker og likte å høyra på musikk.

I dei siste åra har han hatt sviktande helse og vore på Stokka sykehjem. Slutten kom ikkje uventa. Døtrene, Eli, Kari og Signe og deira familiar, kan minnast ein omsorgsfull og kjærleg far som alltid stilte opp for dei. Arnold Jørgensen fekk eit rikt liv. Han gjorde ein stor innsats for skolen. Vi minnest han med vyrdnad.

Sigmund Sunnanå

Publisert:

Minneord

  1. Odd Bjerre Finne­stad er død

  2. Ola Lekvam er død

  3. Maiken Olsen er død

  4. Liv Tjøstheim er død

  5. Maria Hauge er død

  6. Tor Sekse til minne

  1. Minneord
  2. Nekrolog
  3. Minneord