Streika for klima: – Framtida står på spel

– Midt i all uroa må me ikkje gløyme den viktigaste krisa, nemleg klimakrisa, blei det ropt frå paviljongen i Byparken på fredag.

Publisert: Publisert:

Om lag 50 ungdommar er samla for å få med seg appellar og vise støtte. Spire, Grønn ungdom og Sosialistisk ungdom har gått saman og arrangert den første klimademonstrasjonen på lenge, etter ein lang koronapause.

– Dette er måten eg kan få fram mi stemme på, og det er jo meg og min generasjon som skal ta over jorda etter kvart.

Emmeli Leidland var ei av appellantane under fredagens demonstrasjon i Byparken.

Emmeli Leidland i Sosialistisk Ungdom er ein av ungdommane som heldt appell. Ho er for ung til å stemme, og føler dette er den beste måten å påverke politikarane på.

– Framtida, tenker jo eg, står på spel, seier Leidland.

Les også

Klimaendringane har nådd Mount Everest

– Klima må få større fokus i politikken, og må bli sett høgare på prioriteringslista enn det det er no, seier Malin Skaara.

Skaara og venninna Ingso Vignes er blant ungdommane som har møtt opp for å støtte saka. Dei set pris på arrangementet, og meiner Norge må gjere ein betre jobb for å hindre klimaendringar.

Malin Skaara og Ingso Vignes var blant dei om lag 50 ungdommane som møtte opp på fredagens demonstrasjon.

Demonstrasjonen er ein del av den Fridays for Future, ei global rørsle som starta med Greta Thunberg sin skolestreik i 2018.

– Eg trur det er viktig at me unge viser at me faktisk vil ha ei framtid, og at me bryr oss på lik linje som det vaksne òg gjer, seier Skaara.

Publisert: