Vegvesenet skal sjekka isen i fjellsida

Rundt klokka 13 i dag vil vegvesenet ta ei befaring med helikopter for å sjekka kor mykje is som ligg i fjellet ovanom Tysdalsvatnet kor det rasa ned ganske mykje is i går kveld.

Publisert: Publisert:

Folk som skal innover Ryfylke i føremiddag må ta ferje frå Tau til Hjelmeland. Vegvesenet skal på befaring i fjellet over det rasfarlege området ved Tysdalsvatnet klokka 13.

  • Tor Inge Jøssang
    Journalist
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Dette bildet er tatt om bord i ferja "Bømlo" som gjekk frå Tau på veg mot Hjelmeland i 11-tida fredag Heng i bakgrunnen.

bilde.JPG

Dei fleste israsa skjedde langs eit 100 meter langt strekk på riksveg 13, i eit områda kalla Svoa, fortel byggeleiar i Statens vegvesen, Mikal Nygaard.

Til neste vinter vil difor rasfaren her vera historie, sidan dette området ligg innanfor tunneltraseen. Bygginga av rassikringstunnelen mellom Vatne og Skreppeneset er som kjent godt i gong. Den 4,5 kilometer lange tunnelen skal stå ferdig neste haust.

Tryggleik i høgsetet

Nygaard fortel at det har vore svært lite isnedfall i natt, noko som kan tyda på at det meste har falle ned, men har tør ikkje lova noko snarleg opning av vegen.

— Det passa dårleg med stengt veg i vinterferieutfarten?

— Det er trafikktryggleiken som står i høgsetet. Dessutan går det jo ferje mellom Tau og Hjelmeland, så folk kjem seg jo fram, påpeiker Mikal Nygaard.

Kontinuerlig overvaking

Riksveg 13 ved Tysdalsvatnet blei stengt litt før klokka 17.30 i går kveld. Då hadde vegvesenet lenge halde vegen under nøye oppsikt på grunn av mildvêret.

Ekstra vakthald vart sett inn frå torsdag morgon og ein mann loggførte alt nedfall av is.

Nedfallet auka såpass mykje utover ettermiddagen at vegvesenet beslutta å stenga vegen.

— Blei det meldt inn nokre skadar før de stengde?

Isklump på frontrute

— Me har fått melding om ein bil som fekk ein brist i frontruta som følgje av at ein isklump traff bilen, fortel Nygaard.

I mars 2010 omkom ein mann frå Strand i eit isras ved Tysdalstranda.

Mikal Nygaard trur ikkje det er spesielt mykje is i fjellsidene ovanom Tysdalsvatnet sidan vinteren ikkje har vore spesielt kald så langt.

Han kjenner ikkje til andre rasfarlege område langs riksveg 13 i Forsand, Strand og Hjelmeland. Heller ikkje byggeleiar Einar Stange som har oppsyn med vegane lenger innover i Ryfylke kjenner til nokon spesiell rasfare.

Ferjeruter fredag:

Frå Hjelmeland til Tau: 6.30 - 9.30 - 12.30 og 15.30

Frå Tau til Hjelmeland: 8.00, 11.00 og 14.00. Det blir også satt opp hurtigbåt på strekninga frå Nesvik, Hjelmeland og Fister til Tau og tilbake. Sjekk rutetabellar på norled.no

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Finansministeren: Ja til julebord på gavekort

  2. Ren-Naa stakk av med nok en pris: - En kjempeprestasjon,

  3. Fartskontroll: Mistet førerkortet

  4. Bytyqi-forhandlingene: – Tror og håper vi kan bli enige

  5. Nå er «Lykkeland»-innspillingen i gang igjen i Stavanger

  6. Ny klatrepark i Ryfylke til haustferien

  1. Ryfylke