No kan ferske foreldre i Stavanger lagre stamceller

Europas leiande stamcellebank etablerer seg i Stavanger, klare for å tappe blod frå navlestrengar. I kor stor grad det er til hjelp ved sjukdom, er omdiskutert.

Ein stamcellebank tilbyr no å lagre celler navlestrengen.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Den tyske stamcellebanken Vita34 etablerer seg i Stavanger. Dei har tilsett éi jordmor, Hodan Ims, for å sikre innsamlinga av stamceller ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). Firmaet jakter fleire jordmødre og sjukepleiarar. Det opplyser dei i ei pressemelding.

Stamceller er ifølgje Bioteknologirådet ei unik type celle som er ansvarlege for reparasjon av skade og vedlikehald av vev i kroppen. Oslo har til no vore den einaste byen i Norge som tilbyr lagring av stamceller frå navlestrengen.

Blod frå navlestrengen

Teknologiske framsteg gjer at stamceller i framtida vil vere viktig i medisinsk behandling. Samtidig er stamcelleforskning omdiskutert, og diskusjonen har i stor grad dreia seg om å hente ut samcellene frå foster, befrukta egg og kreftsvulstar. Men dette tilfellet er det altså navlestrengen ein vil bruke, og då blir cellene henta utan inngrep frå blodet og vevet i nyfødte barns navlestrengar. Ifølgje Nasjonal digital læringsarena (NDLA) kan desse cellene mellom anna brukast til å kurere blodkreft.

Regjeringa har mål om å satse på bioteknologisk forskning og stamcelleforskning etter at det i 2007 blei gjort endringar i lovverket.

– Det betyr at miljøet vi skal inn i er positive til det vi held på med. Det er svært gledeleg at vi no kan gi komande foreldre moglegheita til å lagre stamceller også her i Stavanger, seier Julie Illo Molin i Vita34 si avdeling i Norden i pressemeldinga.

Ikkje offentleg tilbod

Vita34 blei i 1997 oppretta i Tyskland, og er i dag ei av verdas største stamcellebankar med meir enn 150.000 lagra prøver. Selskapet tilbyr gravide to forskjellege «fødselspakkar». Den eine inneber å samle opp navlestrengsblod, den andre å samle både navlestrengsblod og navlestrengsvev.

Det offentlege helsevesenet vel å ikkje dekke denne tenesta. I 2005 grunnga Helsedirektoratet dette med at det ikkje er nok studiar som dokumenterer erfaringar med transplantasjon av stamceller frå navlestrengsblod. Direktoratet skriv følgjande på si nettside:

«Antall stamceller en kan isolere fra en navlestreng/morkake er i dag vurdert til å være for lavt til å kunne behandle voksne mennesker. Det forskes imidlertid mye på å øke antallet stamceller ved dyrking slik at også voksne kan behandles med slike stamceller».

Magasinet KK skreiv i sommar at direktør i Bioteknologirådet, Ole Johan Borge, meiner det er tilnærma ingen grunn til å lagre stamceller frå navlestrenger dersom det blir gjort for potensielt eige bruk.

Publisert:
  1. Bioteknologirådet

Mest lest akkurat nå

  1. Faren presset haglgeværet mot sønnens panne: - Du skal få første skudd. Moren din det neste

  2. – Strømprisene kan knekke folks økonomi. Regjeringen kan ikke passivt håpe på at det går over.

  3. FHI varsler ny risikovurdering av omikron

  4. Snart skal han hedres. Men hedersgjesten selv klarte ikke å holde sitt høytidelige løfte: Å ikke dø før 11. desember

  5. Vårt energisystem er satt på spill

  6. Beruset mann arrestert. Spilte høy musikk og brølte