Full forvirring om Høgsfjord-ferja

Leiar av Fylkessamferdsleutvalet, Arne Bergsvåg (Sp), undrar seg over dei motstridande signala som kjem frå Samferdsledepartementet og Kommunaldepartementet om privatferje på Høgsfjorden.

Utan ferje vil ikkje Nye Sandnes henge saman. Forsand-ordførar Bjarte S. Dagestad og Sandnes-ordførar Stanley Wirak jobbar for å få på plass privatferje innan Ryfast blir opna i 2019. Kommunane blir slått saman 1. januar 2020.
  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Samferdsledepartementet sa i 2015 at det ikkje er heimel for å nekte privat ferjedrift over Høgsfjorden. Men denne veka signaliserte Kommunaldepartementet at det er opp til Rogaland fylkeskommune å avgjere skjebnen til ferja, som vil vere limet i Nye Sandnes.

– Det verkar rart at først gir samferdsleministeren signal om at det er ok med fortsatt fergedrift, sjølv om det var ein forutsetning i Ryfast at sambandet skulle leggast ned. For så at kommunalministeren peikar på fylke. Det kan virka som om det er ei litt lei sak dei ikkje vil konkludera i, derfor sender dei det over til fylke, kommenterer Arne Bergsvåg (Sp), leiar av Samferdsleutvalet.

Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune har garantert for bompengelånet i Ryfast, som skal koste 6,4 milliardar kroner og fleire politikarar er bekymra. Utvalet har bede administrasjonen om å laga ein statusrapport for Ryfast til neste møte, 31. mai, mellom anna på grunn av ferja og andre problemstillingar.

Arne Bergsvåg

– Det har kokt litt

Nye Sandnes har lagt til grunn at Rogaland fylkeskommune ikke kan nekte privat ferjedrift på Høgsfjorden. Derfor kom signala i stortingsproposisjonen om kommunestruktur som ei stor overrasking. Forsand-ordførar Bjarte S. Dagestad (H) er oppteken av å få ei avklaring snarast råd.

– Det har kokt litt sidan proposisjonen blei lagt fram, og det blir jobba mot fleire hald for å få eit svar. Eg var til stades i Oslo og spurde om dette, utan at dei kunne svare umiddelbart. Eg undrar meg over at det står at eit løyve må vurderast mot trafikken i Ryfast, og at dette er dratt inn i proposisjonen. Då er du inne på jus, og eg trur dette blir regulert av lovar og reglar. Det kan ha gått litt fort i svingane i departementet, seier han.

Bjarte S. Dagestad

Forstår dei er bekymra

Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) er på veg inn som nytt styremedlem i Ryfast AS, selskapet som tar opp lån og finansierer utbygginga av verdas lengste undersjøiske motorveg.

– Det er brukarane som skal betale heile prosjektet gjennom bompengar; 6,4 milliardar kroner pluss renter. Så det betyr ganske mykje at mesteparten av trafikken køyrer gjennom Ryfast. Eg forstår også at fylkeskommunen, som har garantert for bompengelånet, er bekymra. Det er ikkje sikkert at dei hadde stilt garanti viss dei hadde visst at det var aktuelt at privatferja skulle gå. Det er å halde fylkeskommunen for narr viss føresetnadene blir endra. Eg veit ikkje om ein kan nekte ferjeløyve etter EØS-reglane, men dette må fylket sjølv vurdere, seier ho.

I 2016 pendla det 1335 strandbuar til ulike arbeidsplassar i Stavanger (898), Sandnes (224) og Sola (213), ifølgje tal frå Statististisk sentralbyrå. Frå Forsand pendla det 57 til Stavanger, 54 til Sandnes, 16 til Sola og 10 til Gjesdal. Dette er bakgrunnen for at Strand kommune seier at det er strandbuar som utgjer fleirtalet av dei reisande i Høgsfjord-sambandet. Lauvsnes har tidlegare gitt uttrykk for at det er bra med konkurranse, slik at bomsatsane i Ryfast ikkje blir sett for høgt.

– For oss i Strand er det ingen ulempe at det går ei privatferje, men det vil vere feil å bruke offentlege midler til å finansiere dette. Føresetnaden må vere at det skjer på ein måte som gjer at Ryfast blir hovudvegen til Ryfylke. Privatferja må vere sjølvfinansierande. Ein kan ikkje bruke skattepenger til å finansiere eit ferjesamband som er vedtatt nedlagt, når me i Ryfylke må betale bompenger, seier Lauvsnes.

Irene Lauvsnes

I Hordaland har Sunnhordland Ferjerederi søkt om ruteløyve for ferjedrift mellom Sunde og Jektevik. Først sa Utval for miljø og samferdsel samrøystes nei til å gi løyve i møte 15. mars. Men 14 dagar kom saka opp i fylkesutvalet i Hordaland, og då blei ho utsett (ekstern lenke). Fordi fylkesutvalet «ønskjer meir informasjon om praktisering av regelverket».

Spår at Ryfast slår ut Sandnes-ferja
Publisert:
  1. Rogaland fylkeskommune
  2. Sandnes
  3. Forsand
  4. Irene Heng Lauvsnes
  5. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. Glatte veier: Brøyter og strør på spreng

  2. Ski­senteret har brukt 356.000 kroner på å produ­sere kunst­snø. Sånn ser det ut nå

  3. 781 nye korona­smittede på Nord-Jæren

  4. Kun to elever igjen i klasserommet - resten er hjemme med korona

  5. Fascinerande doku­mentar om verdas vakra­ste gut

  6. Breiviks tidligere advokat advarer mot sensurering