Kvar fjerde dag i 2016 sløkte brannvesenet ein komfyrbrann

Heile 82 gongar måtte brannvesenet rykkja ut i Rogaland i fjor, fordi nok ein komfyr stod i lys lue. Det viser statistikk frå Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB).

Over ein tredel av alle utrykkingar i landet, i fjor, skuldast brann eller branntilløp på komfyr.
  • Snorre Standish Norheim
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Scenarioet om dei brannfarlege, festglade, berusa og svoltne ungdommane som kjem seint heim frå byen, er ingen myte, seier Rune Einar Håland, seksjonsleiar i førebyggjande avdeling i Rogaland Brann og Redning IKS, i ei pressemelding.

– Dei fleste komfyrbrannane skjer på dagtid og råkar eldre menneske, men dei fleste døyr i brannar om natta. Då er det ofte unge menneske i alkoholpåverka tilstand som blir råka. Berusa personar har svekt dømmekraft og merksemd, og kan fort sovna frå komfyren.

Summerer ein opp alle komfyrsituasjonane, blir det store tal: På landsbasis rykte brannvesenet ut til private heimar 3 138 gongar, for å sløkkja brannar.

Kartet viser fordelinga av komfyrbrannar fordelt på fylke (trykk for større bilde, med høgare oppløysing). Stavanger kommune er på femte plass av alle kommunar i landet, med 28 komfyrbrannar. Sandnes ligg på ein tiende plass, med 15.

Over ein tredel av alle utrykkingane i landet, 1 344 i talet, var brann eller tilløp til brann, på komfyren.

Botemiddelet finst allereie

– Dei fleste sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkkenet. Anten om då det ringde på døra, eller då babyen begynte å skrika på soverommet. Litt uoppmerksamheit er alt som skal til for at ein brann skal blussa opp og koma ut av kontroll, seier seksjonsleiar Håland.

Den enkle oppfinninga som kan vekkja den uoppmerksame ungdommen eller den pratesjuke i dørkarmen, består av ein sensor og ein strambrytar. Komfyrvakt er namnet på fenomenet, som overvakar kokeplatene og utløyser ein høg alarm viss varmen blir for høg.

Viss ingen personar reagerer på alarmen, gjev sensoren beskjed til ein brytar, som kuttar straumen automatisk.

I nesten 70 prosent av fjorårets komfyrbrannar, var det ikkje installert komfyrvakt. I berre litt over seks prosent av komfyrbrannane, var det innstallert vakt. Tala tyder på at dette kan vera ei lur investering.

Når det blir bygt nytt hus, eller lagt opp ny kurs til komfyr, er det innført krav om å installera komfyrvakt. Det same gjeld for hytter. Komfyrvakter finst for sal i elektronikkbutikkar, mange kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.

Brann er ofte enkelt å unngå

Uansett gjeld følgjande førehandsreglar på kjøkkenet:

- Hald oppsikt under matlaging, skru av eller demp varmen viss du blir avbroten i matlaginga, reingjer ventilatoren jamleg og pass på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen. Ingen tek skade av å vente litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade dersom du gløymer det, åtvarar Rune Einar Håland, seksjonsleiar i førebyggjande avdeling.

Onsdag 8. desember deltek arbeidsgjevaren hans, Rogaland og Redning IKS, i ein landsdekkjande kampanje for komfyrvakt, som igjen er del av ei nasjonal satsing fram mot 2020, kalla «Alt vi kan mot brann».

Publisert:
  1. Brann
  2. Rogaland
  3. Beredskap

Mest lest akkurat nå

  1. Hele livet lurte Tor på hva som skjedde da faren styrtet i døden med jager­fly. Så opprettet kona en hemmelig kon­takt

  2. Ingenting rocket på Sandnes’ nye festplass

  3. Veton Berisha etter hat tricket: – Serie­gull med Viking ville vært det største

  4. Gikk fra Sandnes til Kristiansand av én spesiell grunn: – Det har vært litt av en tur

  5. Da det var trøbbel med skoene i «Skal vi danse», visste hun at løsningen lå i Hillevåg

  6. Mia Gundersen og Espen Hana er aller best når de får skuldrene ned, puppene opp og herjer med seg selv