Høgre-topp mot Nye Sandnes

Stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H) nektar å skrinlegge planane om å slå saman Strand, Forsand og Hjelmeland, og vil derfor setje kommunereforma i Ryfylke på vent til etter Ryfast-opninga, melder NRK.

Sveinung Stensland (H) meiner Strand, Forsand og Hjelmeland høyrer naturleg saman. Foto: Høyre

  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

(Saka blir oppdatert)

To gonger har Hjelmeland hatt folkerøysting om kommunesamanslåing. Begge gongene har folket sagt nei. Dette blei stadfesta av kommunestyret onsdag kveld. Med knapt fleirtal 10–9 sa Hjelmeland nei til kommunesamanslåing.

Ho redda Hjelmeland som eigen kommune

Forsand har tidlegare vedteke å slå seg saman med Sandnes, til Nye Sandnes.

Trass negative vedtak i begge nabokommunane, gikk Strand onsdag inn for kommunesamanslåing med desse. Fylkesmannen i Rogaland har også tilrådd samanslåing av dei tre Ryfylke-kommunane.

Stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H) er einig. Han meiner dei tre kommunane høyrer naturleg saman og at Ryfast vil gi god tilknyting til andre delar av Rogaland. Derfor går Stensland inn for å utsetje kommunereformen i Ryfylke til Ryfast opnar i 2019, ifølgje NRK Rogaland.

Oppdatering: Stensland presiserer ovanfor Aftenbladet at han gjerne vil ha ei Ryfylke-løysing med ein gong.

– Viss eg får bestemme, går vi for ei Ryfylke-løysing nå, men eg er villig til å bruke tida fram til Ryfast opnar for å sjå om fleire vil ha dette. Ein ny Ryfylke-kommune er det mest logiske, synest eg og resten av Rogalandsbenken til Høgre, seier Sveinung Stensland til Aftenbladet.

Når det gjeld frivilligheit peiker Høgre-representanten på at hovudpoenget er å lage nye og framtidsretta kommunar.

– Me skal ta regionale hensyn. I utgangspunktet ser eg ikkje logikken i ein bykommune som Sandnes som strekk seg inn til Bykle. Det er meir logisk å samle Ryfylke som har eins geografi. Rogalandsbenken til Høgre har lenge vore tydeleg på dette. Me lyttar til argumentene frå Fylkesmannen i denne saka og ser at kommunane har hatt tynne fleirtal mot ei Ryfylke-løysing, medan regionale omsyn peikar i ein annen retning, seier Stensland og viser til at både partifelle Tina Bru og han sjølv var ute og kommenterte tilrådinga frå Fylkesmannen i Rogaland.

Denne løysinga går Fylkesmannen i Rogaland inn for: Strand, Forsand og Hjelmeland.

Høyre-representanten vender tommelen ned for samanslåing av Forsand med Sandnes.

Geir Toskedal i KrF er einig med Stensland.

– Han målber noko mange i Rogaland meiner, signaliserer Toskedal ovanfor Aftenbladet.

Når Ryfast opnar, blir Høgsfjord-sambandet lagt ned. Det blir jobba for å opprette eit privat ferjeselskap for at Nye Sandnes skal henge i hop. Dette har verken Strand pendlarforeining eller politikarar i Strand tru på.

Nye Sandnes.

– Nye Sandnes kommer til å bli en såkalt robåt-kommune, altså en kommune uten internkommunikasjon. Forsandbuen vil måtte kjøre via Strand og Stavanger for å komme til Sandnes. Høgsfjord-ferja kommer nemlig til å bli utkonkurrert av Ryfast. Trafikkgrunnlaget til ferja blir altfor lite til å dekke driftutgiftene, sa Venstre-politiker Erik Rydningen Nyman-Apelset til Aftenbladet i januar.

Det er venta at Høgre, Frp, Venstre og KrF på Stortinget legg fram ein avtale om det nye kommunekartet i Norge i løpet av kort tid.

– For KrF er hovedsporet frivillighet, men vi har ikke konkludert endelig mht enkeltkommuner. Vi håper å være klar i nær framtid, skreiv KrFs Geir Toskedal i ei melding til Aftenbladet onsdag.

Ingenting tyder på at det er aktuelt med tvangssamanslåingar i stort omfang. Dette er etter alt å dømme bakgrunnen for at Høgres Stensland i staden vil utsetje Ryfylke-tvisten i nokre år.

I Forsand har det vore tøffe tak i lag tid. Både tilhengarane og motstandarane av Nye Sandnes ønskjer avklaring snarast råd:

Forsand

Trond Haukelid (Høgre): Stensland sit utspill viser at han ikke tar på alvor at dette handler om mer enn Ryfylke, Forsand vil slå seg sammen med Sandnes som er en stor landbruks- og bykommune. Stensland sitt ønske om Ryfylke kommune må han innse er en tapt sak, også politisk.

Paul Løland (uavhengig): Denne reformen framstår meir og meir som ein stor fiasko. Nå vil me slå oss saman med Sandnes og har følgt reformen til punkt og prikke, men så vil Høgre-politikarar legge dette på is sidan dei ikkje får viljen sin. Dette har utvikla seg til en farse. Nå må vi bli ferdige og gå vidare.

Guro Heggemsnes Fløysvik (KrF): Eg trur det må vera klokt å få ein ende på dette. Så får politikarane på Stortinget ta med i tankane at Ryfast opnar om få år og at Høgsfjorden får privat ferjekryssing. Dersom dei, saman med nesten halve befolkninga og nesten halvparten av politikarane, meiner Ryfylke er det beste valget, bør dei vera tøffe nok til å gå inn for det. Eg har forstått at mange av dei synes Sandnes/Forsand er ugunstig og unaturlig samanslåing. Skal me bli ein kommune, delt av ein fjord med ei usikker kryssing, må det vera for at dei ansvarlege for denne reforma syns det er beste løysing, ikkje fordi dei er redde for å miste stemmer i haustens val. Dette er ei avgjerd som gjeld for alltid framover. Dei som ser dette utanfrå og med heilheitlege auge, burde og gjer det dei synest er best for desse kommunane og stå for det. Alt anna er uansvarleg av dei sentrale politikarane. Uansett kva utfall det ville få. No håpar eg det snart er ei avklaring i denne saka!

Katrin Kjærvoll (Bygdalista): Nå må dei slutta. Me har gjort alt slik påbodet var, dette vert ein farse, som ingen ende vil ta. nå må ein verta ferdig med dette og sjå framover. Høgre kan få ein skikkelig smell, dersom dei ikkje held seg til det dei sjølv sa reformen skulle bli.

Ordførar Bjarte Dagestad (H): Forsand har gjort det regjeringa har bede om og laga ein robust kommune i tråd med lokaldemokratiet. Dette utspelet har eg vanskeleg for å ta seriøst. Stensland er stortingsrepresentant for Rogaland for mitt eige parti Høgre og han veit utmerka godt at det er Høgre så køyre denne reformen. Det er vår felles minister som ville ha reformen. Å kome med eit slikt utspel nå forstår eg ingenting av, det verkar som om Stenslands eget personlege valg ikkje får fleirtall og da slengest det i staden ut slike ideer. Rogaland Høgre stod nyleg og fram i NRK kor dei trekte fram at reformen var tufta på frivilligheit og var imot bruk av tvang. Nå synest eg Stensland sjølv skal ta ein fot i bakken og gå tilbake til det reformen skulle handle om og kva den skulle tuftast på, og heller heie på de som vil og kan i denne reformen. Eg er sikker på Høgre sentralt har eit meir nyansert syn på denne saka og er tru mot sin eigen reform.

Roar Larsen (Ap): Eg er heilt einig med Stensland. Dette bør også Arbeiderpartiet støtte på Stortinget. Me i Forsand Ap meiner at det er grunnlag for å stoppe samanslåing av Forsand og Sandnes ut frå partiprogrammet til Ap, kor det mellom anna står at målet er funksjonelle og berekraftige kommunar. Ein bør vente og sjå kva som skjer når Ryfast er bygd. Alle i Forsand jobber for privatferje på Høgsfjorden, men alle veit at det er usikkert. Ap-representant Øystein Langholm Hansen har sagt til Aftenbladet at han er skeptisk til Nye Sandnes. Viss Ap på Stortinget ser det alle andre har sett, at det er gale å slå saman Forsand og Sandnes, og likevel går inn for sammanslåing er det ansvarsfråskriving av ei anna verd.

Hjelmeland

Henrik Nesvik (Høgre): Eg skulle helst sett at dei gjeķk for Fylkesmannen si innstilling allereie nå, og då la vekt på mål for kommunereformen, om heilskapleg og samordna samfunnsutvikling. Samstundes er eg glad for signal om at ein ser på Ryfylke som ein region. Det er det rette om ein vil skapa ei heilskapleg løysing for framtida.

Johannes Soppeland (KrF) seier seg einig med Nesvik.

Anita Husøy Riskedal (KrF): Viss situasjonen er annleis i 2019, eller kva tid det måtte vere, ser eg ikkje vekk frå ei ny runde på dette. Men at Ryfast opnar er vel kanskje ikkje verken nytt eller den store overraskande endringa.

Harald Ommundsen (Uavhengig): Folket vil ikkje sentralisera! For Hjelmeland sin del betyr det ikkje så mykje om det er ferje eller tunell me må køyre forbi, dersom kommunesenteret blir sentralisert til Jørpeland. Men for næringsliv og innbyggarar vert det fantastisk å kunne reise akkurat når det passar til Stavanger.

Lin Veronica Jacobsen (Ap): Kampen om Ryfylke er blitt ein farse! Og det har jo i grunnen heile reformarbeidet blitt. Kanskje Stortinget like godt skulle utsatt heile prosessen. Vi skulle fått på plass oppgåvefordelinga til regionane og kommunane før vi i det heile tatt begynte å diskutere kven og kor. Eg tolkar det dithen at Sveinung Steinsland og Høgre ikkje ønsker sjau mellom Høgre-ordførarane i Strand og Forsand, og på den måten utset dette. Hjelmeland, Strand og Forsand har nå sendt sine innspel i saka. Det er unaturlig at det bare er prosessen her som blir utsett. Eg forventer at Stensland, Høgre og Stortinget bestemmer seg for korleis dette skal bli, eller skrinlegg heile kommunereformen i denne omgang.

Njål Skår (H): Er enig at dette etter kvart er ein farse. Då mandatet kom frå Kommunaldepartementet, var Ryfylke tidlig ute. Strand, Forsand og Hjelmeland var tenkt som ei eining. I Strand var det Ap som fronta samarbeidet. Nokre parti i Hjelmeland gikk på val for å øydelegge dette samarbeidet, og klarte etter valet å få omgjort vedtak. Dette førte til at Forsand glapp for Ryfylke. Dei ønska eit bredt samarbeid med alle tre kommunane, men då Hjelmeland trakk seg ut, gikk Forsand til Sandnes. Alt dette er selvfølgelig trist, men farsen begynner først når posisjonen i Hjelmeland - anført av ordførar - vil inn i nye forhandlinger med Strand og Forsand. Dette trigga av Fylkesmann og faglege råd. Den nye avtalen var meget bra og alle har gitt Sp og Ap honnør for godt arbeid. Farsen når dessuten nye høgder når dei same som har signert den gode avtalen stemte mot sin eigen avtale. Den eine dagen sit ein på folkemøte og framsnakker avtalen, dagen etter blir det stemt mot. Dette er en farse.

Gaute Hauge (Ap): Eg siterer Pelle Parafin Bøljeband: «La fortida være i fred, det fremtida vi kan gjøre noe med».

Strand

Ordførar Irene Heng Lauvsnes (H): Eg er einig med Stensland. Det er viktigare at vi dei neste 30–50 åra får ein hensiktsmessig kommune enn at det nå blir rusja fram ein dårleg løysning. Samlar ein politikarane frå dei ulike partia i Rogaland som kjenner geografien, så meiner dei fleste at Forsand-Sandnes ikkje er ei god løysing. Likevel lar nokon frivilligheit det vere einaste avgjerande punktet. Eg meiner at situasjonen i Ryfylke tilseier at Stortinget bør avvike lokale vedtak ut frå nasjonale (Ryfastprosjektet) og regionale (geografisk nærleik) omsyn og gå inn for ein kommune beståande av Forsand, Strand og Hjelmeland. Nå er det 9 av 10 kommunestyrerepresentantar i både Hjelmeland og Forsand som vil ha Ryfylke kommune og 28 av 29 i Strand. Det vil seie at 44 av 67 ønsker Ryfylke, med andre ord 65 prosent. Eg mener at i dette tilfellet bør det brukes «paragraf 0»: Det er fornuftig å vente og sjå om det er mulig med privat ferjedrift og effekten av Ryfast. Eg vil heller vente på ei avklaring enn å ha ein dårleg kommunestruktur.

Lauvsnes peiker på at Stortinget har sagt at det er mogleg å foreslå samanslåingar som avvik frå dei lokale vedtaka.

– Sidan det er valår og stortingspolitikarane ikkje tør bruka tvang, er det betre å vente og sjå enn å vedta ein heilt absurd kommune som Nye Sandnes. Ingen veit om privatferja kjem til å gå. Fleirtala i både Forsand og Hjelmeland er ekstremt svake. Det kokar i Forsand, med mange som absolutt ikkje vil til Sandnes. Dei som sørgde for at det vippa i kommunestyra, er tilsette i kommunane sjølve. Det er bukken og havresekken. Stortinget bør heve seg og ta ein beslutning til beste for regionen, seier Lauvsnes.

Erik Nyman Rydningen-Apelset (V): Eg synest det er veldig bra at det er stortingsrepresentantar i kommunalministeren sitt parti som løftar blikket og ser det som er den beste kommunestrukturen i eit langt perspektiv.

- Nye Sandnes blir en robåt-kommune
Publisert:
  1. Ryfylke
  2. Ryfast
  3. Hjelmeland
  4. Sandnes
  5. Sveinung Stensland

Mest lest akkurat nå

  1. Frp: – En helt forferdelig situasjon familien har havnet i

  2. 19 elever og tre lærere smittet på Stavanger-skole

  3. Sandnes vil skjerpe bandtvang-reglane

  4. Vil masseteste elever i videregående skoler i Rogaland

  5. Mandag kveld: Flere branner på grunn av engangsgriller

  6. Dette huset på Røyneberg har en 350 kvadratmeter stor underjordisk garasje med heis