Suldal kjøper eigedom på Gullingen til friluftsliv

Suldal kommune kjøper sentralt heieområde ved det regionale skiutfartsområdet Gullingen.

Eigedommen ligg ved Gullingen skisenter og Mosvatnet lysløype. Foto: Pål Christensen

  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:

Suldal kommune har skrive intensjonsavtale om å kjøpa 1740 dekar heieområde ved Gullingen av Jorunn og Sverre Herabakka.

I arealet som det no er gjort ein avtale, om ligg det fleire viktige skiløyper og turløyper som er mykje nytta, og området grenser til andre område som kommunen eig frå før.

Ordførar Gerd Helen Bø seier at kjøpet er eit strategisk kjøp for å sikra ålmenta god tilgang til friluftsområdet kor det i mange år har vore ljosløype, oppkøyrte skiløyper og tilrettelagt skileikområde.

– Nå sikrar me dette unike området, som utfartsområde for suldølen, dagsturområde for dei mange hundre hyttene som er her, og ikkje minst som aktivitetsområde for Gullingen leirskule, uttalar ho i ei pressemelding.

Seljarane Jorunn og Sverre Herabakka er også godt nøgd med avtalen som dei ser på som ein grei utgang på diskusjonar som i lengre tid har gått mellom dei og kommunen. Endeleg kjøpsavtale er avhengig av kommunestyret si godkjenning og at salet blir godkjent av sentrale myndigheiter.

Etter at Ryfast blei opna, ligg Gullingen under 2 timars køyring frå Stavanger.

Rådmann Øyvind Valen, grunneigar Jorunn og Sverre Herabakke og ordførar Gerd Helen Bø som er nøgde med å ha intensjonsavtalen klar. Foto: Privat

Publisert:
  1. Gullingen
  2. Suldal kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Over natten ble denne grusbanen til en perfekt isflate. Hvem som har laget den er et mysterium

  2. Saktegående trafikk og lange køer ved Sinnes

  3. E134: Bil i vannet ved Ølensvåg

  4. Folkehelse­instituttet bommet kraftig på smitte­tall i julen

  5. Da Line Flesjaa ble syk, flyttet familien til hytta. Det ble et lykkelig valg

  6. Sola vurderer å trekke seg fra lokalt sam­arbeid hvis skjenke­stoppen videre­føres lokalt