Laurdag kveld får Ullandhaugtårnet fargane til det ukrainske flagget

Mange har spurt: Kan Ullandhaugtårnet få gult og blått lys i solidaritet med Ukraina? Nå stadfester Lyse at dei jobbar med dette.

Publisert: Publisert:

– Me planlegg og testar ut nå, og reknar med eit klart svar i morgon.

Det seier direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Lyse, Ove Jølbo, til Aftenbladet fredag. Han har dei siste dagane opplevd mykje engasjement frå både kundar og tilsette.

Rundt juletider lyser Ullandhaugtårnet både raudt og lilla. Laurdag blir det godt synlege bygget lyst opp i gult og blått i solidaritet med Ukraina.

Går alt etter planen, vil Ullandhaugtårnet lysa i fargane til det ukrainske flagger frå laurdag kveld klokka 20.00.

– Dette gjer me fordi me ønsker å markera solidaritet og støtte med folket i Ukraina.

Dei siste dagane er fleire kjende bygg, og i Norge, lyssette på same måten. Blant sei er I kveld ble Tana bru i Finnmark. Dette inspirerte Statens Vegvesen i Rogaland, og fredag gjorde dei det same i fjellhallane i Ryfast.

Stavanger konserthus i gult og blått.

Det same har har dei gjort på Stavanger konserthus.

– Me har lyst opp med det ukrainske flagget sidan onsdag. Det gjorde me saman med ein nokså samla del av kulturbransjen, seier Grete Straume, markeds- og kommunikasjonssjef.

Ho opplyser om at dei har fått fin respons i etterkant.

Publisert: