Erik Larsen til minne

Minneord: Erik Larsen er død, 90 år gammal. Han vart fødd i Hamburg av norske foreldre men vaks opp i Bergen.

  • Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Etter nokre år som medarbeidar i og leiar av eit elektromedisinsk firma, Elektromed, vart han og kona Ingrid kalla til teneste for Det norske Misjonsselskap.

Etter ti månaders språkstudium i Paris reiste familien på fire til Kamerun.

Der verka han i seks år, først med oppbygging av eit radiostudio for Radio Voice of the Gospel, seinare som tillitsmann for misjonærane og som styrar av Ngaoundere distrikt.
Etter denne innsatsen skreiv han Kamerun: Norsk misjon gjennom 50 år.

I 1972 vart han tilsett som forlagsredaktør i Nomi, seinare Luther, forlag.
Hans engasjement for dei forfylgde kom fram i arbeidet for Amnesty International, og i 1981-boka «De forsvunne er forsvunnet-»: Systemer og skjebner der norsk misjon og u-hjelp har sitt virke.
Den lengste arbeidsperioden – 22 år – fekk han ved Misjonshøgskolen.

Han vart i 1975 kalla til å byggja opp Misjonsskolens administrasjon med tanke på høgskolestatus.

Dette gjorde han med demokratisk profil, og under motstand frå autoritære krefter i miljøet – ei administrasjonsordning som vart ståande i fleire tiår.
Erik Larsen var også sentral i arbeidet for ny stab og nytt hus. Misjonsselskapet vedtok i 1975 å skapa Misjonshøgskolen. Vedtaket skjedde i gymsalen på Universitetet i Oslo, 200 meter frå Teologisk Fakultet og ein liten kilometer frå Menighetsfakultetet.

Dette krov nye lærarkrefter, og alt i 1979 godkjende departementet teologisk embetseksamen ved Misjonshøgskolen.

Norge hadde dermed fått sitt tredje teologiske fakultet, og Stavanger si første utdanning på høgaste universitetsnivå.
Fire år seinare kunne Misjonshøgskolen innvia eit bygg for den auka aktiviteten, eit prosjekt som føresette ein serie komitear og ei stor innsamling.

Huset kosta 50 millionar pluss 10 millionar til renter.

Det var nedbetalt nokre få år seinare – av gåver med skattefrådrag.
Erik Larsen var avgjerande for å skapa ein akademisk institusjon.

Det er ikkje mange som har den eigenskapen å få fatt i den kompetansen som trengst til eit slikt formål.

Erik hadde den evna, og slik vart Misjonshøgskolen til.

  • Magnar Kartveit, kollega 1975 - 1997
Publisert:

Minneord

  1. Tordis Dahl Wiig Bergersen er død

  2. Einar Knudsen, tidli­gere infor­masjons­direktør i Norske Shell, er død

  3. Arne Johan Blix er død

  4. Takk for din utrettelige innsats for samfunnet

  5. Sophus Beer Jacobsen er død

  6. Håkon Olav Eriksen er død

  1. Minneord