Siste sjanse! Kva blei dine lyspunkt i koronaåret?

KONKURRANSE: Rundt 200 bidrag er komne inn til Aftenbladets konkurranse der bestillinga til lesarane er å fortelje om lyspunkt i året med korona. Du har ennå helga på deg til å bli med.

Måndag går fristen ut for å senda inn bidrag til Aftenbladets konkurranse. Rundt 200 bidrag har kome inn til nå. Foto: Pål Christensen

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

– Eg blir glad av å lesa det som lesarane sender inn. Det gjer inntrykk å få vita kva som har gitt folk glede i koronaåret. Me har til nå fått inn bidrag frå lesarar mellom 9 og 89 år, akkurat slik me ønsker, skryter debattredaktør Solveig Grødem Sandelson.

Men ho har likevel ei vennleg oppmoding til dei som ønsker å delta i konkurransen.

Juryen i konkurransen vil gjerne ha eit endå større bilde av koronalivet i lesarane sine bidrag. Frå venstre: Lærar Line Noer Borrevik, sjefredaktør Lars Helle og debattredaktør Solveig Grødem Sandelson. Foto: Jon Ingemundsen

Fortel oss meir!

– Me har fått mange fine skildringar av små augeblink, nå håpar me på endå fleire som også gir oss heile forteljinga.

Solveig Grødem Sandelson vil ikkje berre ha det første du tenker på i møte med oppgåva for konkurransen, men også den tredje og fjerde tanken din. Og som motsats til lyset, ønsker ho seg kontrastane i forteljinga di, mørket som får lyspunkta til å skinna ekstra sterkt.

Debattredaktøren utfordrar altså lesarane til å grava djupare, mala breiare, for å gi avisa eit endå meir heilskapleg bilde av korleis koronalivet har vore for den enkelte. Det betyr ikkje at du må skriva som ein forfattar, eller teikna som ein kunstnar, ønsket handlar om å byggja opp og på med fleire ting som gjer at andre forstår kvifor desse lyspunkta blei så viktige for deg.

Ein lesar har sendt inn dette bildet av Kvassheim fyr med følgande tekst: «Motivet gir meg ro og (lysegrønt) håp selv når jeg ser det i dag. Det var en kveld fylt av vemod, lengsel og samtidig ro og kriblande håp og visshet om at jeg kommer meg gjennom det.» Foto: Privat

– Lag gjerne eit dikt, ei novelle, eit foto som fortel fleire historier, ein bildeserie, eller ein filmsnutt. Det som passar deg best, seier Sandelson.

Dersom du lurer på noko, kan du sende spørsmål til korona@aftenbladet.no.

Her er nokre smakebitar frå det som er kome inn:

Og redningsplanken kom inn over dørterskelen. Med tissefat og matskål i ypperste design. Med kosepledd og klorebrett i gangen. Katten har reddet mitt liv. Det siste av mine ett til to liv ettersom jeg neppe har så mange som de pusen har skrytt på seg. Jeg lever og katten og jeg har opplevd nye sider ved livet. Vi trenger hverandre, katten og jeg.

Kvinne, 87

Lysene i koronaåret – og framover – er dette: Tusen små eventyr, selv så enkelt og opplagt som det er å sette en fot foran den andre, på stein, myr og mose.

Kvinne, 41

Du tenker kanskje at dette er en trist historie. -Tenk igjen. Jeg har fått utdelt dårlige kort i livet. Allikevel blir jeg høyt verdsatt og respektert i samfunnet. En uføretrygd gir meg en trygghet og selvstendighet som gjør at jeg kan reise på pilegrimsturer og mye annet. Friheten er midlertidig tatt fra meg – men jeg får den tilbake.

Mann, 35

To klassar

Konkurransen er open for alle, men deltakarane blir delt inn i to grupper. Ei for dei over 20 år, og ei for dei under.

Alle bidrag må kunna sendast inn digitalt og publiserast digitalt.

Dei tre beste bidraga frå kvar gruppe blir premierte. Vinnarane får eit gåvekort til ein verdi av 3000 kroner. Dei beste bidraga vil bli publiserte på aftenbladet.no/meninger frå torsdag 12. mars og gjennom helga.

Fristen for å sende inn er 1. mars.

Konkurranseregler

Format:

Tekst: Maks 3000 teikn, med mellomrom.

Bilder: jpg-format, ikke større enn 10 MB

Teikningar: Må leveres digitalt, i jpg-format.

Video: Maks to minutter, gjerne i høydeformat.

Innsending:

Send e-post til korona@aftenbladet.no – skriv «Konkurranse» i emnefeltet.

Vi ønsker at du sender med fullt namn, alder, mobil og adresse.

Du kan også laste opp ditt bidrag her:

Publisert:
  1. Konkurranse

Mest lest akkurat nå

  1. Trailer mistet hengeren på E39

  2. Fv. 44 stengt i begge retninger

  3. Vinterferie: – De som er i karantene bør ikke dra på hytta

  4. Det forlatte alpe­paradiset Ischgl sliter med skammen og ryktet. Én turist­gruppe vil de ikke ha til­bake

  5. Aftenbladet-fotograf vant pris for dette bildet av «flykirkegården» på Sola

  6. Før syntes de at bilene var stygge. Nå eier de 60–70 gamle Saaber.