• Gang- og sykkelvegen på Ogna munnar ut rett ved bakketoppen. Ordførar Mons skrettingland og Henrik Stokkeland såg i september med mistru på den trafikkfarlege løysinga. No vert det planlagt å skyta vekk fjellnabben til høgre og byggja sykkelvegen vidare før den går under vegen og jernbanen til Ogna Camping. Pål Christensen

Farleg sykkelveg skal gjerast trygg

Det starta med at gang og sykkelvegen som skulle gjera det trygt å ferdast på fv 44 langs golfbanen på Ogna, viste seg å vera trafikkfarleg. Den munna nemleg ut på fv 44 rett før ein bakketopp. Då tok kommunen tak.