Ny snigel i Bergen: – Dette er ein art vi absolutt ikkje vil ha

Monica Nordvik oppdaga flekkbåndsnigelen under gåtur på Sandsli i Bergen. – Den vil gjere stor skade om den får fotfeste i norske hagar, seier ekspert.

Monica Nordvik har hatt sniglar som kjæledyr før. Men aldri ein flekkbåndsnigel. – Den er veldig skjønn, seier ho.
  • Målfrid Bordvik
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Monica Nordvik var på gåtur med sonen Kim Andre Nordvik i nabolaget på Sandsli då ho blei merksam på ein stor snigel som ho ikkje hadde sett før.

– Eg tenkte «Gud, kor svær snigle». Dei gule vi ser er jo ganske små, så denne stod ut i mengda. Eg tok den opp og sende bilete til sambuaren min, men han visste heller ikkje kva det var. Då blei eg litt paff og tok den med meg heim, fortel Monica Nordvik.

Etter å ha forhøyrt seg på diverse forum for blautdyr og sniglar, blei konklusjonen at dette var ein flekkbåndsnigel. Den høyrer normalt ikkje heime i Norge.

Flekkbåndsnigelen har foreløpig ikkje fått noko namn. – Sniglar er tvikjønna av natur. Så få namn passar. Uansett kjem den neppe når vi ropar, seier «matmor» Monica Nordvik.

Etablert i Sverige

– Dette er ein flekkbåndsnigel, ja. Den har vi ikkje så mykje erfaring med i Norge, seier biolog Bjørn Arild Hatteland. Han er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi og Universitetet i Bergen.

Blant nye snigleartar er dette den som Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) fryktar mest skal etablere seg i Norge. Flekkbåndsnigelen er, i likskap med brunsnigelen, ein «invaderande» art. Det betyr at den skader naturleg vegetasjon og kan ha negative følgjer for norske snigleartar.

– Dette er ein art vi absolutt ikkje vil ha. Dersom flekkbåndsnigelen klarer å etablere seg, vil den kunne gjere stor skade på hagar og jordbruk, seier Hatteland.

Han fortel at snigelen stammar frå landa kring Middelhavet, men at den dei seinare åra har spreidd seg til nye område. Den har etablert seg i Sør-Sverige, der den gjer stor skade.

Ifølgje Hatteland vil den truleg også kunne overleve klimaet langs kysten i Sør-Norge, med milde vintrar.

– Hittil er det berre registrert einskilde tilfelle i Norge, men vi forventar at den vil dukke meir og meir opp her.

Får husrom

Hos Monica Nordvik er flekkbåndsnigelen blitt familiens kjæledyr. Den bur i ein eigen boks, med ei rot å klatre på.

– Der har den vatnskål, salat, et sepiaskall og litt kattemat. Utan salt, understrekar Nordvik.

Det er ikkje reglar mot å ha flekkbåndsniglar som kjæledyr, men Nordvik forsikrar at den ikkje skal tilbake i naturen.

– Eg er ikkje noko utprega hagemenneskje, men interessert i alle slags insekt. Sniglar er veldig fine.

Funnet blei gjort langs ein tursti på Sandsli, utan umiddelbar nærleik til hage. Det er dårleg nytt, ifølgje snigleeksperten.

– Det betyr at den kan ha etablert seg i området.

Huset til flekkbåndsnigelen kan bli inntil fire centimeter langt.

Parasittar

Flekkbåndsnigelen har mykje til felles med brunsnigelen og trivst best i hagar, jordbruksområde og skog i utbygde område. Den har truleg kome seg hit som blindpassasjer på importerte hageplantar eller andre varer.

– I likskap med andre framande arter kan den ha med seg parasittar og sjukdommar som den kan overføre til andre, mellom anna lungeorm til huskattar, fortel forskar Hatteland.

Den formeirar seg derimot ikkje like fort som brunskogsnigelen. Brunskogsnigelen brukar eitt år frå dei klekk til dei sjølve kan legge egg, medan denne bruker to år.

– Betyr dette funnet trøbbel for hagefolket i Bergen i sommar?

– Den etablerer seg ikkje så raskt, men ein bør vere oppmerksam sidan dette er ein art som har potensial for å få fotfeste og kan gjere stort innhogg i kjøkkenhagar.

– Kva bør ein gjere viss ein kjem over slike sniglar?

– Då må ein ta knekken på dei, til dømes ved å ha dei opp i ei bøtte med kokande vatn. Dei er ganske store, så viss ein ser dei, vil ein ofte ikkje vere i tvil.

Huset til flekkbåndsnigelen kan bli inntil fire centimeter langt, altså langt større enn sniglar vi er vant til i Norge.

Publisert:
  1. Natur
  2. Skog
  3. Kjæledyr

Mest lest akkurat nå

  1. FHI: Koronaviruset kan nå sammenlignes med influensa

  2. Ramponert hytte i Sandnes er til salgs – byantikvaren håper nye kjøpere er årvåkne

  3. Han står fram som het kandidat for Bryne

  4. En komplett skan­dale i Sirdal

  5. – Aldri hørt om noe som ligner denne historien

  6. Begynner du på elektrofag, kan du ende opp som dronepilot