Wedler (Frp) meiner alle tar feil om at framtidig trafikkvekst skal vere kollektiv

STAVANGER: Både Stortinget og regjeringa meiner framtidig trafikkauke må skje kollektivt. Christian Wedler (Frp) meiner alle tar feil.

Per Kåre Foss (KrF), aksjonsleiar Sigurd Sjursen, Stanley Wirak (Ap), Christian Wedler (Frp) og debattleiar Geir Søndeland.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Under Aftenbladet sin bompengedebatt fredag, kritiserte Christian Wedler (Frp) nullvekstmålet, som hans eige parti jobbar for i regjering. Nullvekstmålet seier at all framtidig vekst i trafikken skal skje gjennom kollektivtrafikk, sykling og gåing.

– Støttar du nullvekstmålet? var spørsmålet frå debattleiar og Aftenblad-journalist Geir Søndeland.

– Nei, og det meiner eg er eitt av dei verkeleg store eliteprosjekta. Vi reddar ikkje verda av at folk står i kø på veg til jobb.

– Nullvekstmålet er offisiell politikk frå regjeringa. Eg spurde nyleg samferdselsminister Jon Georg Dale om han framleis står fast på nullvekstmålet. Han svarte ja. Då NTP (norsk transportplan, journ. anm.) blei vedtatt i fjor, la Frp, Høgre og Venstre inn ein merknad om at nullvekstmålet tilseier at infrastrukturen må satsast på. Dei slår fast at «i størst mogleg grad må der vere kollektivtransport, pluss tiltak for fotgjengarar og syklistar».

– Dette er alle einige om, men dette er feil. Det blir gjentatt igjen og igjen. Men vi går inn i ei tid der fleire kjem til å få elbilar, utsleppa frå trafikken kjem til å gå ned, og likevel skal det altså ikkje vere noko vekst i trafikken. Vi skal bygge fire tusen nye bustadar på Madla/Revheim og så har ein bestemt at det ikkje skal vere fleire bilar.

Les også

Få med deg debattane: Vi feirer 125 år!

– Så klar melding frå Christian Wedler til Siv Jensen og Jon Georg Dale: Dette nullvekstmålet er berre tull?

– Ja, og det er noko regjeringa dessverre har brei aksept for i Stortinget.

Per Kåre Foss, leiar av fylkestingsgruppa i KrF, meinte Wedler ga eit feil bilete av nullvekstmålet.

– Det du seier om at vi ikkje skal ha fleire bilar, er feil. Du må gjerne ha bilen, men ikkje køyr til og frå jobben akkurat mellom 7.30 og 8.30.

Aksjonsleiar Sigurd Sjursen, Stanley Wirak (Ap) og Christian Wedler (Frp).

– Dette er nasjonal politikk

– Nullvekstmålet er ikkje noko vi har kome på i fylket. Det er ein konsekvens av klimaforliket som Stortinget har vedtatt. I det ligg det at vi skal ha byvekstavtalar og bymiljøavtalar for å halde trafikken nede, og for at personbiltrafikken ikkje skal auke. Vekst i til dømes folkeauke skal altså gjerast i kollektivt, sykling eller gåing. Det er nasjonal politikk som vi forsøker å løyse i Rogaland, sa han.

Den store bompengedebatten er ein av mange debattar Aftenbladet arrangerer denne helga i samband med 125 års jubileet. 75 personar møtte for å sjå debatten på Sølvberget fredag.

I tillegg til Foss og Wedler, bestod panelet av leiar i Rogaland Ap og Sandnes-ordførar, Stanley Wirak, og leiar for aksjonsgruppa, Sigurd Sjursen.

Torsdag skreiv Aftenbladet at Ap vil be Stortinget endre bompengevedtaket. Sjursen meinte det pågår eit politisk spel og peika på Wirak.

– Vi har sagt at no som ein har venta i 10–12 år på dette, så må ein kunne ta seg tid til å stoppe opp og ta ei skikkeleg utgreiing. Det har det ikkje vore vilje til foreløpig. Eg forstår ikkje dette politiske spelet og korleis det kan ha gått slik prestisje i dette, sa Sjursen.

Per Kåre Foss (KrF) er oppe med peikefingeren.
Frp-politikar og bompengeaksjonist Leif Arne Moi Nilsen i kulissene.

Trur Dale vil ha time out

Sjursen sikta spesielt til møtet i styringsgruppa for Bymiljøpakken på Nord-Jæren, der Stanley Wirak aksepterte at bomringen opnar akkurat slik den er planlagt, inkludert med rushtidsavgift. Fleire, inkludert avtroppande samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, har uttalt at det var rart Wirak ikkje nytta sjansen.

– Nei, eg hadde ikkje moglegheit til å ta time out. Det var det eg forsøkte å få til i styringsgruppemøtet, men då var saka at anten så tar vi dette eller så droppar vi heile bymiljøpakken. I mitt parti er vi for bymiljøpakken, men i styringsgruppa var det anten eller, sa Wirak under kveldens debatt.

Dale har hasteinnkalla heile styringsgruppa til møte mandag formiddag. Tema for møtet er bompengeinnkrevingane.

– No får vi signal frå den nye samferdseslministeren om at han vil opne for time out. Eg har ikkje høyrt han seie det, men han kallar oss ikkje inn til Oslo for ingenting, sa Wirak.

Les også

  1. Wirak blunket først

  2. Ap ber Stortinget endre bompengevedtak

  3. Advarer mot stor ekstrakostnad av bompengereformen

  4. Makt-trio hevder Pål Morten Borgli argumenterte ivrig for mest mulig økning av bompengene

Publisert:
  1. Jon Georg Dale
  2. Christian Wedler
  3. Stanley Wirak
  4. Kollektivtransport
  5. Ketil Solvik-Olsen

Mest lest akkurat nå

  1. Trafikknedgang for Høgsfjord-sambandet

  2. Viking tar med ung storscorer til Spania

  3. Denne gjengen skal bli yrkessjåfører, men det kan oppstå problemer for andre som vil følge samme spor

  4. – Vulkanutbruddet og tsunamien er en katastrofe uten sidestykke

  5. Kommunen snur – Ellen Marie (102) får plass på sykehjem likevel: – Nå kan jeg slappe helt av

  6. - Den mest kunn­skaps­rike vi kjente