Rådmannen om Rogfast: – Kvitsøy blir aldri det same

Rogfast med arm til Kvitsøy vart onsdag presentert i Nasjonal transportplan. Øya og lokalsamfunnet vil aldri bli det same, seier rådmannen.

Rådmannen trur dei vil få fleire tyske turistar på besøk når Rogfast binder Norges minste kommune saman med fastlandet. Foto: Jon Ingemundsen

  • Birgitte Flote
    Journalist
  • Geir Søndeland
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Eg kan ikkje sjå noko anna enn at det er ein fordel for oss å vere ein del av Rogfast, seier Einar Ydstebø.

89- åringen har akkurat betalt for to grovbrød på øya sin matbutikk. Han held eitt i kvar hand medan han går mot utgangen. Butikken ligg side om side med øyas nyoppstarta og eianste bakeri, og ikkje langt vekke skal dei få si første rundkøyring.

Det er likevel langt større ting som skjer med Norges minste kommune no. Onsdag la regjeringa fram Nasjonal transportplan der Rogfast ligg inne med ei arm ut til øya. Stortingsproposisjonen vart lova i fjor, men også den kom no.

Sjekk ut kva som går til Rogaland her.

Uvisse om kostnader

Samstundes innrømmer regjeringa at det for Rogfast er større uvisse til både kostnader, trafikktal og nivået på bompengeinntektene enn normalt. Dessutan er takstnivået vesentleg høgare enn det regjeringa har erfaring med frå andre bompengeprosjekt.

Det har vore uvisse og ein del fram og tilbake om arma ut til Kvitsøy. I 2015 uttala fylkeskommunen at uttaket av masse, som er planlagt for å auke arealetpå øya, vil gi inngrep i naturen, auke belastinga på vegnettet og gi innbyggarane plagar med støv og støy.

I haust sette Fylkesmannen som krav at Rogfast- massene skal vere heilt fri for plast, noko Vegvesenet meiner vil utsette prosjektet med opptil sju år.

Regjeringen om Rogfast: Stor usikkerhet om kostnad, vesentlig høyere bompriser

Pensjonisten Einar Ydstebø har drive med hummarfangst på øya heile sitt yrkesaktive liv. I dag er det mange som pendlar til jobb utanfor kommunen. For desse vert reisetida vesentleg kortare med Rogfast. Foto: Jon Ingemundsen

Einar Ydstebø har budd på Kvitsøy heile livet med unntak av av eit femårig studieopphald i byen for å lære tysk og engelsk.

– Det vil vere ein stor fordel for dei som reiser inn til byen kvar dag. Klokka seks om morgonen køyrer dei forbi vindauget mitt, seier han.

Kvardagar går ferja ti gongar fram og tilbake over fjorden. Rådmann Andreas Polster trur rundt 95 prosent av dei om lag 530 innbyggjarane er positive til Rogfast. Då vil dei kunne gå på kino og ungane kan spele fotballkamp på fastlandet utan å sette av heile kvelden.

– Det vil vere svært positivt for næringslivet, spesielt næringar knytt til havbruk. Då øya vert lettare tilgjengeleg, vil ein vere meir fleksibel i val av arbeidsplass og det blir òg mogleg å få jobb i Haugesund.

Polster har vore rådmann i kommunen i 17 år. Han seier dei har snakka om samband til fastlandet i 15 år. Kommunnen ventar at fleire vil flytte til øya etter Rogfast. Dagens 530 innbyggjarar vil fort kunne bli 700, men der går smertegrensa ifølgje rådmannen.

Rogfast sprekker med milliardbeløpRegjeringen leverer Rogfast med bompengekuttEllevill Rogfast-strid kan gi mer bompenger

Camilla Andreassen ville vekk frå bymaset i Sandnes. Ho tok med seg familien til Kvitsøy for fem år sidan. Foto: Jon Ingemundsen

– Ferja er møtepunktet

Camilla Andreassen flytta frå eit travelt liv midt i Sandnes sentrum til ein roleg kvardag på Kvitsøy for fem år sidan. No fryktar ho at byens mas og bekymringar vil trenge inn i det fredelege livet på øya.

– Vi ville sleppe bekymringane frå byen. Det er eit friare og tryggare liv for ungane, og det er mindre press på skulen. Eg fryktar at tryggleiken gradvis forsvinn. Eg synes det er fint som det er her.

Også rådmannen meiner der er mange negative sider ved Rogfast.

– Det vil forandre samfunnet og eg trur samhaldet vil bli svekka. Ferja er eit møtepunkt der alle snakkar med kvarandre. Det er ikkje det same å køyre åleine i ein tunnel.

– Det er eit stort inngrep på ein liten holme, så trafikksituasjonen vil bli ei voldsom utfordring. Mellom anna trur eg vi vil sjå at mange fleire turistar tek turen. Eg er tysk sjølv og veit at ein tyskar på tur vil sjå på kartet og tenke at der ligg det jo ei øy, seier Polster.

Rogfast aukar også sannsynet for ei samanslåing med Stavanger, og då risikerer øykommunen at framtidig arealpolitikk vert bestemt av politikarane i byen.

Planen er å starte utbygginga ved årsskiftet 2017-2018, eventuelt tidleg i 2018, og med trafikkopning i 2025/2026. I åtte år skal hundre arbeidarar bu i brakker medan dei jobbar.

Publisert:
  1. Kvitsøy
  2. Nasjonal Transportplan
  3. Rogfast

Mest lest akkurat nå

  1. Pride-bryllup: – Fantas­tisk å gifte seg i selveste bibel­beltet

  2. Ordfører deltok i slokkearbeid

  3. Ni koronasmittede i Suldal

  4. – Har ingen kjempegod forklaring

  5. De satte alltid Irene først, fordi hun trengte dem mest

  6. «For mye vekt på følelser og psykisk helse i skolen?»