– Nye Hagakrossen kan ta bort levebrødet vårt

Familien Meling frykter dei vil miste Shell-stasjonen ved Hagakrossen i Tananger på grunn av vegprosjektet Transportkorridor Vest. Dei føler seg ikkje høyrt av Statens Vegvesen og Sola kommune.

Publisert: Publisert:

Den oransje streken visar korleis den nye avkøyringa til Shell-stasjonen ved Hagakrossen vil bli når vegprosjektet Transportkorridor Vest står ferdig. Foto: Kjell Arvid Berge

  1. Leserne mener

I dag er avkøyringa til Shell-stasjonen eit par meter lang, men når nye Hagakrossen står ferdig må billister køyre 1,8 kilometer for å kome seg inn og ut til stasjonen. Avkøyringa vil gå under riksveg 509, bort til lyskrysset ved Tananger stadion og opp mot Shell-stasjonen.

– Dersom det er komplisert å køyre inn og ut frå ein bensinstasjon vil dei fleste bilister velje å heller stoppe på neste tilgjengelige bensinstasjon. Me antar at omtrent 90 prosent av kundane våre kjem frå hovudvegen, dermed vil det vera vanskeleg for vidare drift med så dårlig tilrettelagt tilkomst, fortel eiger av Shell-stasjonen Olav Meling.

I 2013 sendte både Olav Meling og Shell ein mail til Vegvesenet og ba om å få kome med innspel til planlegginga av den nye vegen rundt Hagakrossen. Dei fekk til svar at det var tidlig i prosessen og ingenting var bestemt. I juni 2014 fekk dei beskjed at planlegginga var ferdig, og Melings ynskjer blei ikkje tatt med.

– Me føler at saksgangen blir hastig utført og at informasjonen blir dyssa ned. Når me ber om å få sjå andre planløysingar eller få generell informasjon blir me avvist av Vegvesenet. Dei meiner at det ikkje er interessant med vidare kommunikasjon eller fleire møter, fortel Olav og Alice Melings dotter Marianne Meling Skarsten.

Aftenbladet skrev også om Melings situasjon i 2016.

Saka fortsetter under bilete.

Avkøyringa frå riksveg 509 til Shell-stasjonen er i dag berre eit par meter lang. Foto: Carina Johansen

Privateid

Ekteparet Meling bygde bensinstasjonen i 1988, og begynte å leie den ut til Shell i 2000. Ekteparet bur like ved stasjonen, og mistar også huset til nye Hagakrossen. Vegvesenet erstattar den tapte eigendommen, men tar ikkje ansvar for et økonomisk tap hos bensinstasjonen.

– Bensinstasjonen dannar grunnlaget for levebrødet vårt. Me er i tvil om stasjonen vil gå rundt etter utbygginga, seier Olav Meling.

Ifølgje han tilbydde Vegvesenet familien ei erstatningstomt ved Tjora, kor det også er planlagt ein kontrollstasjon. Tilbodet blei trekt tilbake to veker seinare, då Meling hadde møte med Vegvesenet saman med advokaten sin.

Konstituert seksjonsleiar for plan i Sola kommune og saksbehandlar for Transportkorridor Vest, Christian Meyer, seier han har hatt fleire møter med familien Meling, der han blant anna har sagt at dei kan ta opp spørsmålet om erstatningstomt gjennom innspill til kommuneplan eller som egen detaljregulering.

– Det har foreløpig ikkje kome initiativ til dette frå eigarane, meiner Meyer.

– Dette er heilt nytt for oss, svarar Meling.

Meyer seier at Hagakrossen har vore det mest utfordrande området under reguleringa av Transportkorridor Vest.

Les også

Sola ga grønt lys til gigantprosjekt

Familien Meling med Shell-stasjonen i bakgrunnen. Frå venstre: Richard Skarsten, Marianne Skarsten Meling, Alice og Olav Meling. Marianne og Richards sønn Adrian står foran. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Ikkje tilrettelagt for kundane

Shell-stasjonens største klientell er tungtransporten. Dei har eigen dieselpumpe for trailerar, og mange sjåførar bruker parkeringsplassen til overnatting eller rasteplass. Slik avkøyringa er teikna i dag vil ikkje vegen som går frå lyskrysset ved stadion og opp til bensinstasjonen vera brei nok til at to trailerar kan krysse kvarandre.

– Det er eit paradoks at Transportkorridor Vest skal legge til rette for tungtransporten, men gjer det vanskeleg for trailerar å nytte seg av bensinstasjonen. Dei nærmaste stasjonane som har drivstoffpumpe til lastebil er Forus i sør og Aksdal i nord. Det kan fort bli ein lang omveg, seier Melings svigerson Richard Skarsten.

Den same vegen vil også bli den nye avkøyringa til Haga skule som ligg like bak Shell-stasjonen.

– Dersom ein trailer møter på ein annan trailer på denne strekninga må dei begynne å rygge. Det er ikkje kjekt for foreldre som køyrer barna til skulen, seier Marianne Meling Skarsten.

Les også

Ber folk «ringe ned» politikerne for å stoppe planlagt veikryss

Utfordring med samarbeid

Bård Granerud er etableringssjef i St1 Norge og drifter Shell-stasjonen ved Hagakrossen. Han meiner at drivstoffanlegg bør vera plassert lands hovudvegane og ikkje inni bustadsområdar.

– Det er mykje vareleveransar til Risavika og Tananger, og dei treng å fylle drivstoff. Me håpa på at Sola kommune og Vegvesenet skulle legge meir til rette for dette, seier han.

– Me prøver å ha konstruktiv dialog med kommunane og Vegvesenet, men foreløpig har me utfordringar med å få til gode løysningar på eksisterande stasjoner der det skjer vegarbeid og finne erstatningstomter der det er eit alternativ, seier Granerud.

Tar samfunnsmessige hensyn

Planseksjonenen i Sola kommune seier dei har forståing for Meling-familien sitt syn i saka, men meiner at viktige samfunnshensyn er blitt balansert på ein god måte i den vedtatte planen.

– Løysinga i Hagakrossen er valt for å sikre forseinkingsfri køyring for buss, god trafikkavvikling for tungtransport til Risavika, gode løysningar for gåande og syklande og tilfredsstillande trafikkavvikling for bil, seier Christian Meyer, konstituert seksjonsleiar for plan i Sola kommune og saksbehandlar for Transportkorridor Vest.

Etter sommaren skal det gjennomførast ein klagebehandling, kor Sola kommune i samråd med Statens Vegvesen skal ta stilling til om innkomne klagar skal tas til følgje eller ei.

Ein annan bensinstasjon som har blitt påverka av vegutbygging er Esso-stasjonen ved Tjensvollkrysset. Den mista innkøyringa frå Madlavegen etter omlegginga av det nye Tjensvollkrysset i 2010.

– Stasjonen har opplevd markert nedgang, fortel informasjonsdirektør i Esso, Tore Revå.

Prosjektleiar i Vegvesenet Tore R. Johansen er ikkje tilgjengelig for intervju før 21. august grunnet ferie.

LES OGSÅ:

Publisert: