På verseføter gjennom skogen
Somme ville heller vore døde enn å bli ferska mens dei les eit dikt. På Poestien i Hjelmeland kan dei smuglesa i ly av trea.

Poestien i Årdal gir påfyll både for kropp og sjel. Mens pusten går og fuglane kvitrar kan du bøya deg inn mot ein stamme og opna tankar og sinn for ordkunsten til Hjelmelands lokale diktarar. Kva kan vera meir handfast enn å debutera som diktar på ein trestamme, alt papirs mor? For blyge diktarar, er det mogleg å dikta anonymt. Dikta kan diskret plasserast i ein postkasse til formålet.
Det heile starta med at skuleelevar blei utfordra til å bli skogsdiktarar. Dette gjekk over all forventning. Etter ei stund tenkte Eldfinn at han skulle lokka dei vaksne skapdiktarane ut i skogen.
Jakta på dikta
— Eg blei nedringde, kan du vita, seier han med ein lettare ironisk snert.
— Eg høyrde ikkje eit ord. Du kjenner ryfylkingane. Det gjekk frykteleg tregt å få tak i dikt. Eg måtte helst sjølv ta kontakt med folk eg hadde under mistamke for skapdikting, fortel Austigard.
Undervegs i prosessen har det losna og løypa tilbyr no eit tredvetals dikt frå ulike hjelmelandsbuar. For skal du dikta i denne skogen, må du vera frå Hjelmeland. Unge og eldre forfattarar av begge kjønn er representerte. Eldfinn og ordførar Trine L. Danielsen meiner naturen er ein flott arena å presentera dikt.
Skogsbibliotek
For mange kan dette vera måten dei når ut til publikum på, for alle opplever ikkje å få gitt ut ei bok, påpeiker Trine og Eldfinn der dei vandrar småpratande mellom trestammane. For kvar hundrande meter eller så kjem eit nytt dikt. Løypa er ikkje lenger enn 1,3 kilometer. Eldfinn ser difor for seg at mange går løypa fleire gonger for å få tid nok til å fordøya orda på trestammane.
Langs stien finn me både lyse og mørke dikt, lange og korthogne. Fleire er inspirerte av skog, naturleg nok. Eldfinn likar best skjemtedikta, for han føler at dikta ofte lokkar fram tungsinn meir enn lått.Trine Danielsen har lete seg inspirera til å dikta.
— Eg måtte laga eit dikt til Solamøtet. Deler av diktet vil no bli hengt opp på eit tre langs stien, fortel ho nøgd.
Eldfinn Austigard lovar å endra dikta langs ruta med jamne mellomrom. Han treng difor heile tida påfyll frå nye og gamle diktarar.
Noko for Turistforeningen?
Trine Danielsen seier at ho vil ta kontakt med Stavanger Turistforening og høyra om dei kan vera interesserte i å låna dikta til sine turløyper i kommunen.
Eldfinn Austigard sin Eventyrskog i Årdal har vore ein bokstaveleg tala eventyrleg suksess. Nærast utan marknadsføring har Eventyrskogen hatt over 20.000 besøkande dei få åra han har eksistert.
No set Eldfinn og Trine si lit til at også diktarstien skal freista folket til vandring i hjelmelandsnaturen. Eldfinn vonar også stien får fram fleire diktelskarar og nye diktarar.
Poestien passar som hand i hanske der han ligg ved riksveg 13 som blir kalla Diktarvegen til minne om mellom andre Rasmus Løland og Arne Garborg.
— Med stien vår flettar me dei lokale forfattarane opp mot dei meir kjende, påpeiker Danielsen og Austigard.
Dag Anton Boge har skrive eit av dikta som kan nytast langs stien:
"Dagen er som eit brev.
Du skal begynna med
Kjære."
Sjå filmsnutt frå Poestien på aftenbladet.no.
Mest lest akkurat nå
Stavanger-gründer håver inn etter BankID-oppkjøp
Farevarsel om mer lyn i løpet av dagen
Byfjordtunnelen var stengt på grunn av gjenstand i veibanen
Fire unge menn tiltalt for kidnapping og ran
Oljearbeiderforbund trekker seg fra Arendalsuka
Åpner nye E 39 mellom Mandal og Kristiansand i starten av november
Aftenbladet anbefaler
Mest debattert
Mange spør statsministeren om kva han vil gjera med høg straumpris. Kva med å spørja Lyse om det same?
Strømkrisen: Regjeringen tar kritikken fra rogalandsbedrifter «på største alvor»
Aps nestleder fra Nordland: Uaktuelt med overføring av strøm fra nord til sør
Høyeste strømpris noensinne i morgen