Hotell-Stavanger har størst prisnedgang i landet

– Snittprisane øydelegg, me merkar det godt, seier Linda Vågen Pedersen, direktør ved Stavanger Scandic Hotell. Prisnedgangen i regionen var på over 10 prosent i fjor - størst i landet.

Publisert: Publisert:

Linda Vågen Pedersen, direktør ved Stavanger Scandic Hotell, merkar godt nedgangen i pris. Foto: Torstein Lillevik

  • Snorre Standish Norheim
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Med streik, nedgang i rombelegg og pris, og ein stor auke i kapasitet, var ikkje hotellåret 2016 spesielt artig for hotelldirektørane i Stavanger-regionen.

– Me gjorde ein del oppseiingar ved inngangen av året. Eg er veldig glad for det, det gjorde at me klarte å halda hovudet over vatnet. Me hadde ein svikt i omsetnaden og greidde ikkje budsjettet, men eg vil seia me klarte oss veldig bra, seier Linda Vågen Pedersen ved Stavanger Scandic Hotell.

Flyplasshotellet på Sola såg tidleg at 2016 kom til å bli tøft, og gjorde nedskjeringar i februar. I slutten av året gjorde hotellet endå nokon nedskjeringar, for 2017 teiknar ikkje til å ha nokon veldig oppgang.

Uro over prisnedgang

– Det som bekymrar bransjen, er snittprisane. Prisane er gått vanvittig ned. Men me prøver å halda prisane oppe, for å ha inntening, seier Vågen Pedersen.

Eit hotellrom i Stavanger-regionen vart i snitt 105 kroner billigare i fjor, jamført med 2015. Romprisen på 889 kroner er langt unna glansdagane i Stavanger, og nedgangen i fjor, på over 10 prosent, var størst i landet.

– Snittprisane øydelegg, me merkar det veldig godt. Eg må betala endå meir i lønn, og det er et av resultatet, seier Våge Pedersen, som meiner hotellet ikkje kan gå ned på lågare nivå, korkje på pris eller bemanning.

Færre varme senger

Om lag 46 prosent av alle tilgjengelege rom i Stavanger-regionen var leigde ut i fjor. Det er ein tilbakegang frå 2015, då meir enn kvar andre seng var leigd ut. Og det er langt unna 65 og 70 prosent, som er nivået Oslo og Fornebu, Bodø, Bergen og Gardermoen ligg på, og som òg Stavanger pleidde å liggja på.

Hotellnæringa i Stavanger-regionen har hatt ei «svært dårlig utvikling fra 2013/2014», skriv rådgjevingsselskapet Wiederstrøm Hotel Consulting, som har analysert hotellåret 2016, i norske storbyar.

Karakteristikken gjeld for Stavanger, Sandnes, Sola og Jæren. Årsaka til den negative utviklinga er naturlegvis oljeprisfallet og nedgangen i oljerelatert industri, men òg ein stor auke i kapasitet.

Les også

Airbnb-Helge utfordrer hotellene

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko

Hotellgjestane er blitt vande med ein viss standard, som lange opningstider i restauranten, og vil ikkje avfinna seg med mindre. Det leier til eit press på dei tilsette på Stavanger Scandic Hotell, som må springa endå fortare.

Men presset har også ført til ein smartare bruk av personell, påpeikar Linda Vågen Pedersen: resepsjonisten kan veksla på å stå i baren og bak innsjekkingsskranken, i staden for å vera stasjonert på éin plass.

Trua på at dei tøffe tidene kan gje ei sunnare hotellnæring på sikt, blir delt av reiselivsdirektøren i Region Stavanger, Elisabet Saupstad.

Fleire bein å stå på

– Viss ein ser heilskapleg på situasjonen, så var 2016 tøft for dei fleste, samanlikna med dei gode oljeåra. Yrkestrafikken går ned, men me hadde ein veldig fin auke i ferie og fritid, og ein flott oppgang i kongressegmentet.

Saupstad fortel at sommarmånadene var gode, med ein fem prosents auke i talet på gjestedøgn i juni–august. Ho er fornøgd med at regionen endeleg ser ut til å få eit skikkeleg fotfeste i ferie- og fritidssegmentet og at turistsesongen strekkjer seg frå påske til langt ut i oktober.

Elisabet Saupstad i Region Stavanger trur hotellnæringa vil koma styrkt ut av ein vanskeleg periode, fordi inntektkjeldene er fleire no enn tidlegare. Foto: Fredrik Refvem

Eit noko lågare prisnivå har gjort Stavanger-regionen konkurransedyktige på kongress. I åra framover kjem det fleire store internasjonale kongressar til byen, som skal bidra med stor verdiskaping til heile regionen

Sjølv om turist-«boomen» og kongress-suksessen ikkje er nok til å kompensera for nedgangen frå det ein gong så lukrative forretningslivet, kan utviklinga gje ei sunn differensiering.

– Me har ein veldig god auke på dei segmenta som me kan gjera noko med. Det kan berre vera bra, når yrkestrafikken ein gong kjem tilbake, seier Saupstad.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Muligens en eller to flere som er positive

  2. Vasker du kjøkkenbenken før eller etter at du lager mat? Det har noe å si

  3. Trump tar kraftig innpå Biden

  4. «Alle prestasjonene er hans egne, men vi har gjort det veldig lett for ham»

  5. Stavanger-lege dømt for bedrageri og underslag

  6. 12 m² kvadratmeter uteplass per barn – på et tak. Normen er 50 m²

  1. Stavanger
  2. Hotell
  3. Næringsliv
  4. Oljekrise