Hitlerkjeften på Brusand mistar framtennene

Hå kommune skal byggja omkøyringsveg ved Brusand, reguleringane er på plass og mange av Hitlertennene må trekkjast opp or jorda.

Hitlerkjeften mistar framtennene når Hå kommune skal byggja T-kryss og veg frå Brusand, opp til Stokkalandsmarka. Foto: Pål Christensen

  • Snorre Standish Norheim
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Støttene av naturstein, betong og sand vart bygde for å stå imot stridsvogner og amfibiebilar, sommaren 1943. Dei kvasse tennene langs Fv. 44 er del av «Festung Norwegen», og vart reiste i frykt for landgang frå allierte styrkar.

Les også

Okkupasjon, dødsmarkene på Jæren

Men det er ikkje soldatar, men ein gravemaskin frå Risa As, som skal gjera i jobben, i samarbeid med Hå kommune og Fylkesrådmannen. «Me løfter i lag», er mottoet til Hå, og flytteplanane er nøye uttenkt i eigen prosedyre.

– Det er jo laga ei oppskrift på korleis det skal gjerast, så me satsar på at det går som planlagt, seier Trine Eide Fossmark, kommunalsjef for næring og tekniske saker i Hå.

Målet, etter at arbeidet er over, er at alt skal bli sjåande ut som før.

Oralkirurgi med gravemaskin

Hitlertennene skal merkast med vinkelslipar under bakkenivå, for å kunna setja tilbake på rett plass. Fylkesrådmannen har presisert at noka «forfining» eller «planering» ikkje kjem på tale, området skal vera så likt dagens som mogleg, når arbeidet er ferdig.

Ein gravemaskin med spesialtilpassa grabb skal grava fri tanna på to av langsidene og éi av kortsidene, heilt ned til rota. Med støtte på ei kortside, blir tanna festa til grabben med ein kraftig lastestropp, før utløftinga skjer.

Det blir lagt tre eller gummi mellom lastestroppen, grabben og betongtanna, for å unngå skade. Mellombels lagring skjer i randsona av anleggsområdet. Alt er nøye utlagt i den kommunale flytteprosedyren.

Pinleg nøyaktig

Firmaet Geopartner frå Bryne har talt og målt 38 tenner på Brusand, fordelte på fire rader, og plassert dei på kart med GPS-presisjon.

Illustrasjonskart henta flytteprosedyren til Hå kommune, som syner 38 Hitlertenner i fire rader. Éi femte rad, helt opp til vegen, er nedgraven og ikkje målt. Foto: Hå kommune

Hjørna på steinane har fått definert lengd- og breiddegrad, slik at avtrykket mot bakken skal bli likt når steinane blir sette på plass. Det høgste punktet på kvar stein, målt i meter over havet, er òg målt.

Saman med ID-merking og bilde av kvar enkelt stein, skal dette gje presis helling og plassering. Før sidene rundt tanna blir fylt opp med singel, må koordinatane sjekkast opp mot kartet: står tanna rett?

Kravet er maksimalt 15 centimeters variasjon, i alle retningar.

Foto: Svein Hagen

Omkøyringsveg til Stokkaland

Den store tanntrekkinga skuldast bygginga av nytt T-kryss og omkøyringsveg mellom Stokkalandsvegen og Fv. 44.

Les også

Stokkalandsmarka, den nye byen på Jæren

Les også

Omkøyringsvegen, første bit i ny vegkabal

Krysset er lagt rett nord for buarealet på Brusand, og er ein føresetnad for vidareutvikling av bu- og industriområdet på Stokkelandsmarka. Den nye vegen skal leia trafikken utanom Vigrestad.

T-krysset kjem på nordsida av bustadene på Brusand. Den nye vegen til Stokkelandsmarka skal avlasta Vigrestad. Foto: Hå kommune

Hitlertennene nordvest i plantefrednings- og landskapsvernområdet på Brusand. Området har dessutan Ramsar-status, jamfør den folkerettslege Konvensjonen om våtmarker av internasjonal betydning, særleg som fuglehabitat. Foto: Hå kommune

Krevjande flaumsikring

Ein del av vegprosjektet, som har skapt komplikasjonar, gjeld flaumsikring. I august 2014 var det storflaum på Brusand. Kommunen vil unngå liknande episodar og leia overvatn frå Bjårvatnet på nordsida av fylkesvegen, ut i Rennå, der Ognaelva munnar ut i havet.

Då trengst store dreneringsrøyr i vegtraseen og vidare ned til sjøen. I ein tidlegare plan, som utsette byggjestarten, kom røyrgata i konflikt med den nordvestre kanten av landskapsvernområdet.

Les også

Flaumsikring på Jæren kostar 140 millionar kroner

Her finst dyrebare sanddyner, våtmark og trekkjande fuglar, og sjeldne orkidear av typen purpurmarihand. Sidan vernegrensa på Brusand går langs sørsida av fylkesvegen, treng alle tiltak her løyve frå Fylkesmannen, og kommunen fekk først avslag.

Ferdig september 2018

Ein ny og godkjent plan flyttar røyrgata i stor grad ut av verneområdet, og inn på tilgrensande hyttetomter. Eit belte av våtmark ligg mellom røyrgata og Rennå, og skal koplast saman via ein open bekk.

Under arbeidet skal uvedkomande artar, som sitkagran, tinnved og spirea, fjernast. Dei eksisterande overvassleidningane som kryssar plantefredningsområdet, skal knytast til det nye røyrsystemet, for å unngå framtidig vedlikehald her.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 55,6 millionar og startar seinare denne månaden, nedst mot sjøen. Tanntrekkinga skjer i april, mens omkøyringsvegen blir starta på i sommar.

Om alt går som smurt, er Hitlertennene på plass i september 2018, like skakke som før.

Publisert:
  1. Hå kommune
  2. Rogaland fylkeskommune
  3. Jærstrendene
  4. Naturvern
  5. Veiutbygging

Mest lest akkurat nå

  1. 40 nye tilfeller av det muterte koronaviruset i Nordre Follo

  2. Gårdsutsalget til Tommy Skjæveland møter motstand

  3. Turgåere funnet etter leteaksjon i Sirdal

  4. 14 ansatte mister jobben i Byggmakker Sørbø

  5. Lave, lokale smitte­tall gir forsiktig opti­misme – tror på gradvis åpning

  6. Italias statsminister går av