Ola Kvaløy blir dekan og Ole Ringdal blir direktør på UiS

Styret ved Universitetet i Stavanger har tilsett professor Ola Kvaløy (45) som dekan på Handelshøgskolen ved UiS. Ole Ringdal blir direktør for organisasjon og infrastruktur.

Ola Kvaløy
Publisert: Publisert:
Les også

LES OGSÅ: Klaus Mohn er ansatt som ny rektor ved UiS – lover mer fart

icon
Denne artikkelen er over tre år gammel

Styret ved Universitetet i Stavanger (UiS) har i dag tilsett professor Ola Kvaløy (45) som dekan på Handelshøgskolen ved UiS (HHUiS), frå 1. august 2019.

Frå professor til dekan

Ola Kvaløy er i dag tilsett som professor i samfunnsøkonomi og prodekan for forsking ved HHUiS. Han er også professor II ved Norges Handelshøyskole i Bergen. Han har både master- og doktorgrad i økonomi og har vore professor i faget ved UiS sidan 2008.

Kvaløy har leidd fleire større forskingsprosjekt og publisert ei rekke fagartiklar på tema knytt til insentiv, økonomisk åtferd og økonomisk organisering. Kvaløy er ein aktiv forskingsformidlar og fast spaltist i Dagens Næringsliv.

Kvaløy ser fram til å leie HHUiS, som er eitt av seks fakultet ved UiS.

– Eg gler meg til å ta fatt som dekan. Vi har eit respektert og energisk fagmiljø, gode forelesarar, interesserte studentar, og ein solid og dyktig administrasjon. Vi har også ein spennande og ambisiøs strategi som sikter mot sterkare nasjonal og internasjonal anerkjenning. Eg vil jobbe hardt for at vi når dei måla vi har sett oss, og gler meg til å utvikle skolen vidare, saman med kollegar og studentar.

LES OGSÅ:

Les også

LES OGSÅ: Seks statlige arbeidsplasser fra Oslo til UiS

Les også

LES OGSÅ: Påtroppende rektor avviser ikke UiS-flytting til sentrum

Les også

LES OGSÅ: UiS på Ullandhaug og i sentrum

Ole Ringdal

Ole Ringdal blir direktør

Styret ved UiS har tilsett noverande universitetsdirektør Ole Ringdal (62) i den nye stillinga som direktør for organisasjon og infrastruktur.

Frå 1. august 2019 får Universitetet i Stavanger ny organisasjonsstruktur. Rektor blir øvste ansvarlege for all verksemd ved universitetet, og under han kjem tre prorektorar (undervising, forsking og innovasjon og samfunnskontakt). I tillegg kjem den nye direktørstillinga, som skal ha ansvar for alle andre funksjonar på UiS: økonomi, HR, bygg, areal, verksemdstyring og IT. Tilsetjing av direktør blei i dag behandla som styresak ved UiS.

Biolog fra Bergen

Ole Ringdal har doktorgrad i biologi frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare jobba som biolog og forskar, og i tillegg hatt mange leiarstillingar i akademia, instituttsektoren og næringslivet.

I perioden 2005-2011 var han dekan ved avdeling for teknologiske fag ved det som den gong hette Høgskolen i Telemark. I 2011-2013 var han dekan ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet på UiS, før han fekk jobben som direktør ved IRIS (no fusjonert til NORCE). Sidan 2017 har han vore universitetsdirektør ved UiS.

– Eg er veldig glad. No får eg jobbe vidare med dei viktige sakene eg har hatt på bordet dei siste to åra, ikkje minst omstillingar i organisasjonen og campusutvikling. Når det gjeld det siste, ser eg spesielt fram til å samarbeide med Stavanger universitetssjukehus, som skal flytte opp hit, seier Ringdal.

– Eg ser også fram til å fortsetje det viktige arbeidet med digitalisering, som kjem til å effektivisere både vitskapleg og administrativt arbeid, seier den nye direktøren.

Publisert: