Ho vil gi andre råd om interiør

Bente Scheie sitt hus vart tidlegare i år kåra til eitt av Norges åtte "vakreste hjem". No satsar ho på å bli inspirator for andre som vil skapa personlege heimar.

Publisert: Publisert:

Styreleiar i Jæren Produktutvikling Mons Skrettingland gler seg over ein ny etablerar som satsar. Bente Scheie har stor tru på si eiga verksemd. Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Reidun Gudmestad
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Omnen fekk ekteparet Scheie kjøpt av ein arkitekt i Stavanger. Den har før stått på Nord-Varhaug og er no altså mest heime igjen. Foto: Jonas Haarr Friestad

Cave Interiør si nye heimeside er klar til å gjerast tilgjengeleg for alle. Foto: Jonas Haarr Friestad

Denne hylla har Bente Scheie designa sjølv. Ektemann Jarand har laga den. Foto: Jonas Haarr Friestad

Kjøkkenet har ho teikna sjølv og fått det laga på Vigrestad. Foto: Jonas Haarr Friestad

Onsdag 1. oktober var første dag som sjølvstendig næringsdrivande. Då spreidde 25-åringen visittkortet sitt på aktuelle stader, og tok kontakt med sin første kunde.

Hålå vart til Cave

Bente Scheie bur i Hålå på Varhaug. Føretaket hennar er oppkalla etter huset og har fått det engelske namnet for Hålå, Cave Interiør.

Familien kjøpte staden for tre år sidan, ikkje langt frå barndomsheimen hennar. Dei stortrivst der.

— Me føler at me bur på gard utan å ha gard, seier ho. Rundt seg har dei marker og dyr. Dei kan gå tur til bekken med barna. Hagen er gjort heilt om, og ja, dei har drive med rehabilitering sidan dei flytta inn.

Etablerarhjelp

Aftenbladet er på besøk saman med Hå-ordførar og styreleiar i Jæren Produktutvikling, Mons Skrettingland.

Her er igjen nymalte vegger. Det mintgrøne frå i sommar er vekk.

— No måtte eg ha litt haustfargar, og det er gjort i ein fei med litt maling, seier ho.

Ho har alltid vore interessert i interiør, og jenterommet heime var første staden ho eksperimenterte med maling og innreiing.

Ho utdanna seg som hjelpepleiar. - Eg treivst med det, men det kunne like godt blitt form og farge.

I fem år har ho arbeidd hos Fargerike Halvorsen på Varhaug og hatt mange oppdrag som rådgjevar. Det har vore knallgildt. No tek ho altså eit nytt steg.

Når ho no startar for seg sjølv, gjer ho det med god støtte frå Jæren produktutvikling.

— Dei har vore heilt fantastiske. Dei har spurt meg dei rette spørsmåla, og eg har gått oppløfta og inspirert ut derifrå, fortel ho.

— Dei har hjelpt meg å tenkja stort, setja meg mål og har gitt meg mot og inspirasjon. Begge gongene eg har vore der, har eg gått oppløfta og optimistisk ut, fortel ho på trappene til sitt nye tilvære.

130 etablerarar

100 potensielle etablerarar har vore innom Jæren Produktutvikling så langt i år, og dei satsar på 130 i alt. Men dei vil gjerna ha endå fleire.

— Eg trur det er mange som ikkje veit om oss, seier Mons Skrettingland.

Jæren Produktutvikling vart starta for å gi etablerarar råd.

— Seinare kom nokre år med meir fokus på Balkan og støtte dit. Men det er etablerarhjelp me skal satsa på, seier han.

Jæren produktutvikling gir tre gratis timar til dei som ønskjer å starta for seg sjølv.

— Eg trur det er mange som har gode idear. Kanskje dei møter mange motførestillingar både hos seg sjølv og andre. - Ein replikk som "Det går aldri" kan lett drepa ein god ide. Jæren Produktutvikling kan tilby profesjonell hjelp, seier han.

Heiagjeng

Bente Scheie er heldig og har også andre støttespelarar, blant andre søster, far Ove Aanestad og ektemann Jarand Scheie har oppmuntra og vore ivrig heiagjeng.

Tidlegare i år var altså huset frå 1947 i finalen i det som er kalla landets største interiørkonkurranse, "Norges vakreste hjem". Det er interiørmagasinet BoligPluss som arrangerer i samarbeid med God Morgen Norge på TV2.

Finaleplassen vart også eit puff for Bente Scheie på vegen mot å starta for seg sjølv.

— Dette trur eg at eg skal få til, seier ho.

Korleis ho tenkjer om å skapa vakre heimar?

Ho er opptatt av at ikkje alle skal ha det likt. Det er stor valgfrihet i interiørtrendar for tida, og målet er ikkje å skapa utstillingsheimar, som ein møbelkatalog. Mange kopierer kvarandre. Det er kjedeleg.

— Eg er opptatt av det personlege. Og sjølv om du vil ha designmøblar, så kan det vera personleg.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger-kvinne blir tidenes yngste deltakar i «Mesternes mester»

  2. To nye tilfeller av koronasmitte i Sandnes

  3. Stenger konsert-teltet i Egersund etter knusende kritikk

  4. Nordmenn på reise fikk karantene-sms

  5. Tysk direktør ber Solskjær og Manchester United holde seg unna

  6. Folk vil heller gå ned i lønn enn å flytte på seg