Dalane Tidende og Jærbladet flyttar måndagsavisa til tysdag

– Me har permittert deler av arbeidsstokken, og no må me gjera meir, dessverre, skriv redaktør i Jærbladet, Kirsten Marie Myklebust.

Redaktør i Jærbladet, Kirsten Marie Myklebust. Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Stavanger Aftenblad
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er 444 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

På avisa si nettside, skriv redaktøren at måndagsavisa no blir flytta til tysdag:

– Frå og med 19. mai får du Jærbladet tysdag, onsdag og fredag. Det vil spara oss for mykje helgearbeid i deler av mediehuset, og gjer at avisa sparer kostnader.

Ho skriv at alle journalistane framleis er i jobb, og at dei framleis vil vere det.

– Eg håper på forståing for den vanskelege situasjonen koronakrisa har sett oss i, skriv redaktøren.

Alise Lea Tiller er redaktør i Dalane Tidende. Foto: Pernille Filippa Pettersen

Dalane Tidende permitterer

Også Dalane Tidende ser seg nøydd å gjere same grep.

Måndagsavisa skal kome på tysdagar, frå og med 19. mai, seier redaktør Alise Lea Tiller i Dalane Tidende til eiga avis.

– Lesarane våre er vande med at Dalane Tidende kjem ut måndag, onsdag og fredag. No blir det ikkje slik i ei periode, seier ho.

Det er eit tiltak for å kutte kostnader. I mars og april låg annonseinntektene på om lag halvparten av budsjetterte inntekter frå annonsesal. Tiller forventar at mai òg blir ein tøff månad. Å gi ut avis på tysdagar er mindre kostbart enn å gi ut avisa på måndagar, sidan måndagsavisa omfattar meir helgearbeid.

Dei har tre medarbeidarar i marknadsavdelinga som er permitterte heilt eller delvis. Frå og med 18. mai blir tre tilsette i grafisk avdeling permitterte i 50 prosent.

Også Avisen Agder i Flekkefjord flyttar måndagsavisa til tysdag frå 19. mai.

Publisert:

Korona-viruset

  1. Stort hopp i andelen deltavirus: – Delta dominerer også her i regionen

  2. Flere forlater vaksinelokalet når de får vite at de skal få Moderna. Kommunen må også avbestille vaksiner

  3. Reagerer på dårlig smittevern i Hellas: - Ingen bruker munnbind

  4. Norge bytter med Litauen – får 100.000 ekstra Pfizer-doser

  5. 10 nye smittetilfelle på Nord-Jæren og to på Jæren

  6. Ville ikke vente – tok vaksine i hjemlandet

  1. Korona-viruset
  2. Dalane
  3. Dalane Tidende
  4. Jærbladet
  5. Koronaviruset