Arbeidsløysa held fram med å falla i Rogaland

I august vart talet på heilt arbeidslause redusert med over 1000 personar i Rogaland.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Trass i stor uvisse på arbeidsmarknaden, held arbeidsløysa fram med å falla, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.

19.319 personar er ved utgangen av august registrert som arbeidssøkarar i Rogaland, viser ferske tal frå Nav. 11.419 personar er heilt utan arbeid i fylket. Det utgjer 4,5 prosent av arbeidsstyrken. På landsbasis er 4,3 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid. 7289 personar rapporterer at dei er delvis utan arbeid, noko som er på same nivå som førre månad, og utgjer 2,8 prosent. Landsgjennomsnittet er 3,0 prosent.

Dette melder Nav Rogaland i ei pressemelding fredag.

– Sidan byrjinga av april har arbeidsløysa falle jamt og trutt gjennom heile våren og sommaren. Det er gledeleg at vi ser same utvikling i august. Det vil likevel ta lang tid før vi er tilbake på same arbeidsløysenivå som før koronaviruset ramma arbeidsmarknaden, seier Haftorsen i meldinga.

Les også

216.400 var arbeidsledige i august

– Vurder utdanning

Arbeidsløysa fall i dei fleste aldersgruppene i august, samanlikna med førre månad. Det er framleis høgast arbeidsløyse blant dei under 30 år, med 6,0 prosent i aldersgruppa 20–24 år og 5,9 prosent blant dei mellom 25 og 29 år. NAV-direktøren har ei klar oppfordring til arbeidssøkarar i alle aldersgrupper.

– Vurder moglegheitene for kompetanseheving eller meir utdanning. No er det mellom anna mogleg å kombinera utdanning og dagpengar ut 2020., seier Haftorsen.

Høgast arbeidsløyse på Nord-Jæren

I august har dei fleste kommunane nedgang i arbeidsløysa samanlikna med førre månad. Arbeidsløysa er framleis høgast på Nord-Jæren. I Sola kommune er 5,2 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid. Stavanger kommune har ei arbeidsløyse på 5,1 prosent medan det i Sandes er arbeidsløyse på 5,0 prosent.

Lund, Bokn og Sauda kommune har lågast arbeidsløyse med høvesvis 1,9 prosent, 2,0 prosent og 2,0 prosent av arbeidsstyrken.

– Sidan koronaviruset ramma arbeidsmarknaden i mars, har hovudsakleg dei største kommunane hatt den høgaste arbeidsløysa. Slik er det framleis, seier Haftorsen.

Over 1700 ledige stillingar 

I august vart det lyst ut totalt 1728 stillingar i Rogaland. Det er ein nedgang på 28 prosent samanlikna med august 2019. Yrkesgruppene med flest kunngjorde stillingar i august var helse, pleia og omsorg (334), bygg og anlegg (321) og butikk- og salsarbeid (172).

– Sjølv om det er ein nedgang samanlikna med i fjor, viser desse tala at det er ein god del jobbar å søka på. I tillegg er det mange bedrifter som ikkje lyser ut stillingane sine offentleg når dei har behov for nye medarbeidarar, seier Haftorsen.

Les også

  1. Flere ansatte skal få ut­betalt syke­penger fra Nav via bedriften

  2. 37.000 permitterte får ikke dagpenger før i september

Publisert:
  1. Arbeidsledighet
  2. Nav
  3. Arbeidsliv

Mest lest akkurat nå

  1. – Julebordsesongen er nå avlyst

  2. Falske eposter utgir seg for å være fra Helsenorge

  3. Kjempeopplegg!

  4. Lønnen foreslås å øke med 45.000 kroner i en jafs. SV-lederen sier blankt nei. Ap går inn for lønnsfrys.

  5. Politiet fant over 15 kilo amfetamin på to adresser i Stavanger

  6. Slik ble Rogalands 20 rikeste gode for 15 milliarder