Kvar einaste dag reddar dei utmatta turistar på Trolltunga

– Det som i fjor kunne føre til store redningsaksjonar, blir no berre ein bagatell i forhold, fortel fjellvakt Leiv Varberg.

PÅ VAKT: Line Segerberg (til v.) og Leiv Varberg er to av fjellvaktene ved Trolltunga. Sidan ordninga kom har talet på redningsaksjonar gått ned. Foto: EIRIK BREKKE

  • Ingvild Nave
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Dei siste åra har talet på redningsaksjonar på Trolltunga skote i vêret. Fleire og fleire reiser verda rundt for å oppleve turen, utan å vere godt nok førebudde.

I fjor måtte turistane klare seg sjølve, men sidan 8. juli har Trolltunga hatt eigne vakter. Dei hjelper alle i naud og rykker ut uansett tid på døgnet.

Mange er fortvila, har det vondt og har gitt opp håpet når vaktene når fram til dei.

– Vi gir dei mat og drikke, kanskje smertestillande og mogelegheita til å leggje seg nedpå litt. Stort sett er det ikkje meir som skal til. Dei fleste har berre undervurdert turen og er totalt utslitne, fortel fjellvakt Leiv Varberg.

Sidan fjellvaktene kom har Røde Kors måtta rykke ut tre gongar. Til samanlikning var det ti utrykkingar i juni.

– Før vaktene kom var det ein auke i redningsaksjonar samanlikna med i fjor, så vi ser god effekt. Ikkje minst er det psykisk viktig at turgåarane veit kvar dei skal gå for å få hjelp, seier områdeleiar i Røde Kors, Stig Hope.

I 2013 var det 20.000 besøkande. I år er det venta at mellom 100.000 og 170.000 turgårarar vil kare seg opp fjellet.

– Det er ganske utruleg at ein så krevjande tur er blitt eit turistfenomen i så stor skala, seier Varberg.

Kvar dag skriv vaktene i ei blå loggbok. Her står det om dei som får problem under fjellturen.

18. juli, kl. 19.00: Ein vietnamesisk ung mann og ei vietnamesisk kvinne er på nødbua. Kvinna er veldig utsliten, og har skyttargravsføter. Dei har med middag sjølv, men får litt å drikke. Søv i nødbua.

UTSLITNE: Mange undervurderer kor krevjande turen opp til Trolltunga og ned igjen er. – Mange trur dei aldri vil kome seg ned, men ofte er det ikkje så mykje som skal til, seier fjellvakt Leiv Varberg. Foto: EIRIK BREKKE

Les også

Sjelden en 10-åring får denne utsikten

Dyre redningsaksjonar

Åtte kilometer frå starten av stien i Skjeggedal ligg vaktbua,som er drive av Trolltunga Active. Fjellvaktene bur der og passar på turgåarane i to døgn kvar.

– I år er det mange russarar. Dei er ofte ikkje så fjellvande. Eg møtte ein familie i fine klede på veg opp. Dottera hadde sløyfer i håret og såg ut som ho skulle i selskap. Heldigvis tok det to sekund å overtyde dei om å snu, fortel Line Segerberg i Trolltunga Active.

– Det er dyrt med utrykkingar. Ein tur med luftambulanse kan fort koste 40.000 kroner, legg Varberg til.

I tillegg til å vere fjellvakt, er han også frivillig i Tyssedal Røde Kors og ambulansesjåfør. Han har redningshistorier for kvar ein knaus på stien mot Trolltunga.

– Der borte måtte vi hente ein kinesar i lakksko. Han hadde finare sko enn eg hadde til dressen min heime. Og innover der var det ein japanar som nekta å gå. Han hadde rett og slett ingenting meir å gi. Vi måtte be luftambulansen kome.

Nokre gongar klarer ikkje turgåarane å kome seg ned. Då kan dei overnatte i ei av dei to nødbuene som står langs stien. Der ligg ulltepper og madrasser, slik at dei klarar å halde varmen.

– Nokre gongar bed vi dei leggje seg der, og kvar morgon sjekkar vi om nokon har søkt ly for natta. Dei er mykje i bruk, fortel Varberg.

17. juli, kl. 20.15: Fekk tips om ei kinesisk mor og dotter som var utslitne. Gjekk dei i møte, og installerte dei i nødbua. Gav dei varm drikke og middagsmat. Dei søv der i natt.

VONDT: Daniel (11) fekk problem med hovudverk på veg ned frå Trolltunga. Fjellvakt Leiv Varberg gav han litt smertestillande og snop. Tjue minutt seinare gjekk han vidare saman med far sin. Foto: EIRIK BREKKE

Les også

Etter at vaktordning kom på plass har antallet redningsaksjoner stupt ved Trolltunga

Les også

Aftenbladet mener: Skattlegging løser ikke turistproblemene

– Mange ignorerer råda våre

Kvar einaste dag får turgåarar klar beskjed om å snu av fjellvaktene. Nokre er for seint ute og risikerer å gå seg vill i mørkret, andre manglar mat eller er for dårleg kledd.

– Mange ignorerer det, seier dei tar sjansen og går vidare, fortel Segerberg.

– Det er eit problem. Det er ikkje utan grunn at vi står her, seier Varberg.

I løpet av turen opp fjellet kan du høyre språk frå heile verda. Det kan vere vanskeleg å gi opp, når ein har reist halve verda rundt for å nå fjellknausen.

– Nokre gongar gøymer dei seg for oss når dei skjønar vi leitar etter dei. Dei synest kanskje det er flaut å måtte gi seg. Andre er redd det kostar pengar, fortel Varberg.

– Det skjer noko kvar dag. Det er alltid folk som treng gode ord eller sportstape til gnagsår. Det er viktig å snakke med folk, og mange fortel om kor glade dei er for at vi er her, fortel Segerberg.

20. juli, kl. 23.00 – 02.00: Vêret forandra seg kraftig frå korleis dagen har vore. Etter klokka 01.00 kom fleire med hovudlykter på veg tilbake. Gruppa med indarar, som ikkje vil snu tidlegare i kveld, kom til syne klokka 02.30. Det var kraftig vind og regn.

MOTIVASJON: Vaktene går langs stiane, og ser om folk har utstyret i orden. Viss ikkje blir dei bedne om å snu. – Dessverre er det mange som går likevel, fortel Leiv Varberg. Foto: EIRIK BREKKE

SPEIDAR: Frå vaktbua kan du sjå fleire kilometer. Leif Varberg skal bu i den kvite bua i to døgn medan han følgjer med på at det går bra med turistane. Foto: EIRIK BREKKE

Les også

  1. Redd Preikestolen kan falle ned og skape flodbølge. Geologer skal kartlegge sprekken

  2. Vi trenger ikke bygge innsjekkingsskranker på Preikestolen

  3. Preikestolen topper CNNs liste over steder du må se

Publisert:
  1. Trolltunga
  2. Odda
  3. Tur

Mest lest akkurat nå

  1. Amanda Gorman (23) har en helt spesiell grunn til å ikke være med på vennenes selfier

  2. I januar måtte han bruke rullator for å bevege seg. Så fikk han hjelp fra Stavanger kommune

  3. – Før var det status å ha hytte og bil. Nå er det status å ha perfekte barn

  4. Byggefirma greier nesten ikkje bygga fort nok

  5. Fin start på uka – kan bli 18 grader på tirsdag

  6. Sylvi Listhaug advarer mot klima­propaganda i skolen. Ap: – Veldig skremmende