Fire kommunar har svart om Høgsfjordsambandet. Men berre éin svarte på spørsmålet

HØGSFJORD: Fylkeskommunen takkar for svara kommunane har gitt om Høgsfjordsambandet, men berre Forsand har svart på det dei meinte å spørre om.

Bjarte S. Dagestad, ordførar i Forsand, og Stanley Wirak, ordførar i Sandnes.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

I tur og orden har Sandnes, Forsand, Strand og Stavanger kome med uttaler om framleis ferjedrift mellom Lauvvik og Oanes.

Det er fylkeskommunen som har bedt dei kome med synspunkt før dei skal avgjere om private aktørar får ta over drifta etter at Ryfast kjem.

Les også

Stavanger står på sitt i Høgsfjord-saken

Les også

Strand seier ja til Høgsfjordsambandet

Les også

Heilhjarta støtte til Høgsfjordsambandet

Les også

Sandnes-politikerne skyver EØS-avtalen foran Høgsfjordferja

Skjønte ikkje spørsmålet

Problemet er at verken Sandnes, Strand eller Stavanger svarer på det fylkeskommunen meinte å spørre om.

Torsdag møttes politikarar i Forsand og Sandnes for sitt andre møte i Nye Sandnes si fellesnemnd.

– Eg trur det dei er ute etter, er eit svar på behovet. Det blir som å rope i skogen. Av ein eller annan grunn har Forsand sitt svar vore godt nok, og det er gjerne fordi vi ikkje har sagt noko om garantien, sa Bjarte S. Dagestad, ordførar i Forsand (H).

Men heller ikkje Sandnes har skrive om garantien, det vil seie forpliktinga som Stavanger kommune og fylkeskommunen har stilt om bompengelån.

Treng vi ferja?

Onsdag ettermiddag har saksbehandlarar i kommunane Sandnes, Strand og Stavanger fått denne beskjeden i ein mail frå fylkeskommunen: «Å bare vurdere de økonomiske sidene med henvisning til garantiansvaret er ikke tilstrekkelig når det gjelder vurderingen av om det er behov for et kommersielt drevet ferjesamband». Dette skriv dei før dei ber om uttale innan torsdag klokka 12. Nøyaktig når mailen frå fylkeskommunen er sendt, er usikkert ettersom Sandnes mottok den klokka 16 og Forsand klokka 13, men lange fristen var det i alle fall ikkje.

Det fylkeskommunen var ute etter var svar på om det er behov for ferja ut ifrå reisande sine behov, næringsliv, turisme, friluftsliv, kommunale tenesteytelse, beredskap og liknande.

– Vi treng knapt stille spørsmål om behov. Tidlegare i veka fekk vi sjå engasjementet rundt møtet på Jørpeland. Det viser kor viktig dette er, sa Pål Morten Borgli (Frp).

Jørpeland sitt største møtelokale var nesten fullsatt under folkemøte om tunnelangst tysdag.

– Når så store selskap som Norled og Fjord1 søker konsesjon, så skulle eg tru at dei har vurdert trafikkgrunnlaget, sa ordøfar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap).

– Kva er dei ute etter?

Under møtet torsdag meinte Wirak først at dei burde gi rådmennene fullmakt til å formulere eit nytt svar. Dei to kommunene som frå 2020 skal vere éi, er trass alt samde om ferjas framtid.

– Eg er redd at dersom vi ikkje svarer, kan det bli brukt mot oss. Eg føler det er lurt å svare på dette.

Men fylkeskommunen sitt forsøk på å gjere spørsmålet tydelegare, var ikkje så tydeleg på kva den nye uttalen faktisk inneber. Etter ei tenkepause kom politikarane fram til at det kanskje ikkje er eit nytt formelt svar dei ville ha.

– For meg verkar det ikkje som vi skal kome med ein ny formell uttale. Det er saksbehandlarane som lurer. Kjem det noko meir formelt, så får vi gi ut ein felles uttale. Dersom ikkje får fylkeskommunen berre handtere dei svara dei har fått, sa Wirak til slutt.

Strand, Sandnes og Forsand er alle positive til kommersiell ferjedrift på strekninga mellom Lauvvik og Oanes, men med forskjellege formuleringar og forbehald.

I Stavanger kom dommen torsdag kveld. Der er det eit klart fleirtal som går imot å gi konsesjon til privat ferjedrift over Høgsfjorden.

Les også

  1. Historisk møte i «Nye Sandnes» - men idyllen slo sprekker

Publisert:
  1. Stavanger kommune
  2. Forsand kommune
  3. Strand kommune
  4. Sandnes kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Viking -mål rett før pause

  2. Oilers på tabelltopp etter seier i toppkamp

  3. FHI ønsker å stoppe omikronutbrudd i Norge før jul

  4. Viking sikret nytt cupgull etter straffedrama - keeperhelten hylles: – Hun elsker det

  5. Julekort er en egen greie. Et år dro familien til Ikea for å ta bilde i julepysjamas i soveromsavdelingen

  6. Danmark bekrefter omnikronsmitte