No kan rektor heise flagget - Tastaveden skole blir ikkje lagt ned

Torsdag har rektor sendt flagget til topps ved Tastaveden ungdomsskole. Etter dagar med vage formuleringar frå politikarane, er det fleirtal for eit forslag som sikrer framleis liv for skulen.

Publisert: Publisert:

Frå venstre: Rune Askeland (V), Bjørg Tysdal Moe (KrF), rektor Egil Alne, Sissel Knutsen Hegdal (H), Kristoffer Sivertsen (Frp) og Arnhild Skretting (Sp). Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Foto: Jonas Haarr Friestad

Foto: Jonas Haarr Friestad

– Det har vore ei lang tid i vakuum, seier rektor Egil Alne ved Tastaveden skole.

Aftenbladets saker frå dei to siste dagane ligg oppslått på bordet i personalrommet torsdag formiddag. I sakene står det at rådmannen vil legge ned skulen, at politikarane i utgangspunktet vil halde på skulen, men utan å kunne love noko som helst.

Torsdag står gruppeleiarane frå partia Høgre, Venstre, Sp, KrF og Frp på ei rekke framfor skulen sine tilsette, klare for å kome med nyheita som nokre minutt seinare får rektor til å springe ut for heise flagget til topps. Det er nemleg fleirtal for å gå imot rådmannen sitt forslag om å legge ned skulen.

– Det har vore ei usikker tid for mange elevar i 4., 5. og 6. klasse som lurer på om vi kan ta dei imot når dei startar på ungdomsskule. Vi skal drive ein skikkeleg bra skule framover, seier rektor Alne.

Til hausten har Tastaveden 330 elevar.

Rektor Egil Alne var rask med å hente fram flagget. Foto: Jonas Haarr Friestad

Les også

Tastaveden unngår trolig nedleggelse

Rådmannen ville legge ned

Onsdag skreiv Aftenbladet at rådmannen foreslår å leggje ned skulen og heller bruke dei avsette pengane på å ruste opp Tastarustå skule med seks nye klasserom.

Heilt uaktuelt, var svaret frå Arbeiderpartiet, medan fleirtalskonstellasjonen Høgre, Venstre, Frp, KrF, Sp og PP for det meste har unngått å svare på kor dei stiller seg til forslaget.

I saka som skal opp i kommunalstyret for oppvekst neste veke, ber rådmannen om ei høyringsrunde før politikarane skal ta endeleg stilling i haust. No samler fleirtalspartia seg om eit alternativt forslag der dei vil:

  • Stoppe heile høyringsrunda
  • Kome i gang med å fikse Tastaveden slik det i utgangspunktet var planlagt i kommunen sin Handlings- og økonomiplan for 2017- 2021.
  • Be administrasjonen om å jobbe vidare med ei moglegheitsstudie som vurderer kombinasjon av rehabilitering og nybygg. Kome i gang så snart som mogleg med romprogram, med oppfølgande sak til politisk handsaming innan bystyret skal vedta økonomiplanen for 2018–2022.

– Vi ønsker altså eit alternativ der ein rehabiliterer deler av skulen og bygger deler av den nytt, i staden for å rehabelitere heile eller rive heile og bygge oppatt, seier Sissel Hegdal Knutsen (H), leiar i kommunalstyret for oppvekst.

På den 55 år gamle skulen har lite blitt fiksa og mykje må gjerast med ein gong. Ein del er så prekært at det også måtte blitt gjort sjølv om ein hadde gått inn for å legge den ned.

Les også

Politikarane er samde om at Tastaveden er ein svært god ungdomsskule. No kan den bli nedlagt

– Kan starte raskt

– At høyringsrunda no blir stoppa, betyr at vi kan kome i gang så raskt som mogleg, seier Hegdal Knutsen.

Onsdag sa ho at dei ville sette seg ned og lese rådmannen sine argument nøye. Når dette no er gjort, meiner ho rådmannen i for stor grad legg vekt på økonomi og i for liten grad tek omsyn til den uvissa det skaper for borna i bydelen.

– Vi reknar med det kjem fleire ungar i bydelen i åra framover. I verste fall risikerte vi å legge ned skulen no for så å måtte bygge ny skulen når det ikkje lenger er plass til alle. På lang sikt vil det vere verre økonomisk, seier Rune Askeland (V).

Saka er også aktuell når formannskapet torsdag kveld skal diskutere den økonomiske situasjonen i Stavanger. Kommunen ligg ved utgangen av mai an til eit skattesvikt på 35 millionar kroner, målt mot kommunens eige budsjett.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. En person innlagt med korona

  2. Stavanger får kritikk for plassering av dagligvarebutikker

  3. Se hvor lang tid det tar å selge bolig i Stavanger-regionen

  4. Hele den franske regjeringen går av

  5. Fisketråler tatt i varetekt

  6. Spesial: Hvorfor drukner menn langt oftere enn kvinner? Ekspertene mener det er tre konkrete årsaker

  1. Rune Askeland
  2. Oppvekst
  3. Bjørg Tysdal Moe
  4. Sissel Knutsen Hegdal
  5. Stavanger kommune