Fylkesmannen: - Det beste alternativet er at Rogaland held fram åleine som eigen region

Fylkesmannen konkluderer med at det beste alternativet er at Rogaland held fram åleine som eigen region, eventuelt med utviding i samsvar med grensene for Sør-Vest politidistrikt.

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Dette meldar Fylkesmannen på sin nettstad fredag:

«Regjeringa, med tilslutning frå fleirtalet på Stortinget, meiner me har for mange folkevalde regionar/fylkeskommunar i dag, og går inn for at dei blir reduserte til rundt 10.

Med utgangspunkt i dette, og på oppmoding frå regjeringa, har fylkeskommunane på Vestlandet gjennomført samtalar og forhandla fram ein intensjonsplan for ein mogleg stor Vestlandsregion, med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fylkestinget i Rogaland har likevel vedtatt å senda på høyring til saman fem ulike alternativ til framtidig struktur og organisering av eit regionalt folkevalt nivå. Som bakgrunnsmateriale ligg også ei utgreiing frå oktober 2016, utarbeidd av dei tre fylkesrådmennene. Fylkestinget har ikkje rangert eller prioritert dei ulike alternativa. Fylkesrådmannen har likevel i si tilråding vurdert ein stor Vestlandsregion eller Rogaland åleine (eller noko utvida i samsvar med Sør-Vest politidistrikt) som dei mest realistiske alternativa.

Reelt sett er det vel berre Vestlandsregionen som er utgreidd og vurdert i det framlagde materialet. Korkje Agder/Rogaland-alternativet eller Rogaland/Hordaland har fått særleg plass. Det er derfor vanskeleg å ha noko klar meining om fortrinn eller ulemper med desse alternativa.

Dersom ein skal gå for større regionar, meiner Fylkesmannen likevel at ei Vestlands-løysing peikar seg klart ut, både ut frå identitet, kultur, felles utfordringar og næringsliv, behov for plansamarbeid og tyngde, kapasitet og kompetanse i utviklingsarbeid og utviklingsprosessar. Me kjem såleis ikkje til å kommentera Agder-modellen noko meir.

Rogaland og Hordaland saman kunne blitt ein både slagkraftig og dynamisk region. Fylkesmannen har likevel vanskar med å sjå kva meir og anna ein slik konstruksjon skulle oppnå, ut over det dei to fylkeskommunane maktar kvar for seg. Det einaste måtte vera enklare og meir samordna prosessar i planlegging og finansiering, spesielt når det gjeld større fylkesovergripande samferdsleprosjekt, og eventuelt ei meir effektiv og rasjonell drift. Konkurransen mellom to sterke byområde ville dessutan kunna komplisera utviklingarbeidet internt i ein slik region. Fylkesmannen meiner, som fylkesrådmannen, at valet står mellom ein stor vestlandsregion eller Rogaland åleine, eventuelt utvida som Sør-Vest politidistrikt.»

Les også:

Les også

  1. Folket vil at Rogaland skal bestå

  2. Nettmøte: Bør Rogaland slå seg sammen med Hordaland og Sogn og Fjordane?

Publisert:
  1. Rogaland

Mest lest akkurat nå

  1. Stampuben er deres andre hjem: - Hadde den blitt stengt for godt, ville jeg satt meg ned og begynt å grine

  2. Spiste alene på rommet mens de andre koste seg på julebord. Nå sier hun takk for seg

  3. Ole Kallelid er død

  4. Anita Lundekvam (25) har flyttet og selger bilen: – Vi sparer på de siste vedkubbene

  5. Politiet ønsker tips i forbindelse med savnet kvinne i Haugesund

  6. For 55 år siden kom denne eksotiske retten til Stavanger. Siden har barn og voksne landet over falt pladask for den