Ludvig Bjerkreim, prost i Sandnes: – Det er nokre hendingar me aldri kan eller skal gløyma

Ludvig Bjerkreim, prost i Sandnes holdt tale under Sandnes kommunes minnemarkering på Ruten torsdag 22. juni.

  • Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Kjære alle saman.

Det er nokre hendingar me aldri kan eller skal gløyma. Fredag 22. juli 2011 er ei av dei hendingane.

Dagen for to terrorangrep og 77 mennesker blei drepne.
Den dagen som enda livet for dei som blei drept.
Den dagen som endra livet for alltid for familiane deira
og mange, mange fleire.
Den dagen då Norge blei rysta langt inn i det innerste.
Den dagen då vondskapen fekk enno eit nytt andlet.
Den dagen då me blei pårørande alle saman.

Midt i den djupe tragedien var det òg den dagen då Norge
stod opp og stod saman for å markere og demonstrere mot
denne vondskapen.

Utpå natta skreiv 18-år gamle Helle Gannestad:
”Når en mann kan forårsake så mye ondt – tenk hvor mye
kjærlighet vi kan skape sammen.”
Eit døgn etterpå siterte dåverande statsminister Jens
Stoltenberg dette ved gudstenesta i domkyrkja.
På Rådhusplassen eit par dagar etterpå følgde kronprins
Haakon opp og sa: “I dag fylles gatene med kjærlighet.”

Så var det rørande å sjå korleis folk søkte saman i
solidaritet og protest.
Det gjorde sterkt inntrykk å sjå blomster- og lyshavet utafor
Domkyrkja i Oslo med tusener av lys, blomar og helsingar.
Midt i dette blei det sitert frå Kjærleiken si høgsong i
Bibelen:
“Størst av dei er kjærleiken.”

Dette vil me fortsatt bera med oss:
Det er ei kraft som er større enn vondskapen.
Det er eit språk som skal vera sterkare enn vondskap og
hatefulle ytringar.
Kjærleikens språk og kjærleikens kraft.

Når vi i dag markerer 10-årsdagen for terrorhandlingane,

så tenner me fortsatt lys, og minnes.

Men når me minnes ser me òg framover, me ynskjer å stå saman med kjærleiken mot vondskapen.

Me skal løfta fram Orda frå Bibelen om at 

“Størst er kjærleiken.”

Og den kristne kyrkja vil framleis be bøna Jesus lærte oss gjennom Fadervår:

“Frels oss frå det vonde.”

Og hjelp oss til å vinna over det vonde med det gode.

Mesteren Jesus demonstrerte dette gjennom ord og handling.

Me utfordrar kvarande til gjennom ord, halding og handling til dette:

å framleis fylle kvardagane og gatene med Kjærleik.

”Når en mann kan forårsake så mye ondt – tenk hvor mye kjærlighet vi kan skape sammen.”

Me minnes og me ber med ord som i dag blir bedt over heile landet:

Evige Gud, du ser lysa vi tenner. Du høyrer bønene våre.

Orda vi leitar etter, kjenner du allereie.

Ingenting ved våre liv er framandt for deg.

Ta imot oss i vår sorg og vårt sinne, i vårt mismot og vårt mot.

Vi bed for vår verd. Vi bed for alle som er ramma av terror.

Vi bed for alle som lid. Vi bed for alle flyktningane i verda.

Vi bed for alle som blir forfølgde.

Gud, du som sjølv er lys, tenn håp og tru, gjev framtid og fred. 

Gjev at vi ikkje sjølve blir årsak til vondskap og strid.

Frels oss frå det vonde.

Amen

Publisert:

22. juli

  1. Slik har Behring Breivik påvirket andre terrorister

  2. Kritikken hagler mot tidligere Høyre-ordførers 22. juli-utspill

  3. – Dei var kanskje åleine om terroren. Men dei var ikkje åleine på nettet

  4. Ti år etter terroren: Her kan du lese alle talene

  5. Eigersund-ordføreren mintes «okka Rafal»: - Hun kom aldri hjem

  6. – Vi må ta del i debatten. Vi må si ifra. Det er det minste vi skylder dem som mistet livet den dagen

  1. 22. juli
  2. 22. juli
  3. Sandnes