Velferdsteknologi skal gjere kvardagen enklare på nye Randaberg sykehjem

Det nye helsesenteret på Randaberg er utstyrt med armband med tilgang til dører, posisjoneringssystem og kamera for fallalarm og vandraralarm for å gjere arbeidskvardagen meir effektiv. – Endringar i helsesektoren legg meir press på kommunen. Då må me prioritera riktig, seier leiar ved sjukeheimen.

Dei første bebuarane på sjukeheimen i det nye helsesenteret på Randaberg flytta inn 8. mars 2021. På grunn av pandemien har det ikkje vore opent for besøk frå pressa tidlegare.
  • Ingeborg Undheim
    Ingeborg Undheim
Publisert: Publisert:

I dag bur det 27 personar på sjukeheimen i andre og tredje etasje i det nye helsesenter-bygget på Randaberg, som totalt har 34 rom og 56 tilsette.

Inne på sjukeheimen er takhøgda stor, og romma er måla i fargar som anten skal virke avslappande eller aktiviserande. Det er fleire stover med kjøkkenfasilitetar og store TV-er kor dei eldre kan samle seg og drive på med sine ulike aktivitetar. Alle stovene er kalla opp etter lokale stader, som Vistehola eller Endrestø, etter ønske frå bebuarane sjølv.

Jonas Aske, som spøker med at han er 70 år, arbeida tidlegare på bryggeriet på Tau. Han liker å følge med på gravferdene på kyrkjegarden som ligg rett over gata for sjukeheimen.

I stua Endrestø er veggane måla rosa, og eit stort vindauge gjev bebuarane utsikt ned til kyrkjegarden i sentrum. Ein kan undre seg over om dette ikkje er ei litt fæl utsikt for dei eldre på gamleheimen, men bebuar Jonas Aske (84) synast utsikta er flott.

– Eg trur dei fleste bebuarane synast det er fint å ha utsikt til kyrkjegarden. Fleire av dei har nære og kjære der nede, og har lyst å besøke dei, seier leiar ved Randaberg sykehjem Inger Elin Myhre.

Pasientar frå SUS

På toppen av alt dette, er sjukeheimen innreia med moderne velferdsteknologi, og dessutan eigen TV og spyl-tørk-toalett på alle enkeltromma.

– Toaletta er heilt topp, seier bebuar og pensjonert elektrikar Terje Randeberg på 83 år.

83-åringen er her på eit korttidsopphald etter behandling på Stavanger universitetssykehus (SUS).

– Han treng framleis helsepleie, og er sendt til oss frå sjukehuset for at me skal ta vare på han fram til han blir betre, seier sjukeheimsleiar Myhre, som fortel at også fleire av bebuarane ved sjukeheimen er sendt frå SUS.

Bebuar Terje Randeberg og leiar ved sjukeheimen Inger Elin Myhre er begge nøgde med fasilitetane og romma på den nye sjukeheimen. Randeberg held seg i form med å sykle litt kvar dag. Frå tidlegare var han ikkje særleg glad i fisk, men på sjukeheimen har han blitt vand med det. – Det er aldri for seint å lære seg noko nytt, ler Randeberg.
Les også

Norge er annerledeslandet innen eldreomsorgen

Skal effektivisere

Slik skal det bli meir av i framtida, og derfor er sjukeheimen utstyrt med velferdsteknologi som skal hjelpe dei tilsette til å prioritere arbeidet meir effektivt.

Til saman har velferdsteknologien kosta 3.5 til 4 millionar kroner, inkludert lisenskostnada.

– Planen er at pasientar skal skrivast ut frå sjukehusa tidlegare, for så å bli tekne hand om av helsesektoren i kommunen. I Randaberg satsar me ein del på heimesjukepleia, men endringa legg uansett meir press på sjukeheimane. I tillegg har me jo ei eldrebølge på veg. Då må me bruke hendene på riktig måte, seier Myhre.

Med det meiner ho at det framleis vil vere eit behov for sjukepleiarar og helsepersonell, men at dei er nøydd til å kunne prioritere arbeidsoppgåver meir effektivt.

– Oppstartsfasen har krevd litt ekstra tid med opplæring av tilsette og nokre tekniske problem, men me ser allereie at me kan bruke ressursane våre betre med hjelp frå teknologien, seier Myhre.

Sjukepleiar Martine Hoksrud viser korleis ho blir varsla når bebuar Jonas Aske (i bakgrunnen) trykker på alarmen på armbandet sitt.

Kvar av sjukepleiarane har ein eigen mobil, der dei tek imot varslar frå eit sjukesignal som er installert i heile bygget. Alle bebuarane har eit eige armband med ein tilkallingsknapp og signal. Rundt i bygget er det ulike sensorar, som gjev sjukeheimen moglegheit til å styre kva dører bebuarane har tilgang til og kva soner som er grøne eller raude.

– Nokre bebuarar kan lettare gå seg vill eller vandre av stad, og då kan me opprette grøne og raude soner. Vandrar bebuaren inn i ei raud sone vil sjukepleiarane bli varsla om dette på mobilen. Alt i alt fungerer det veldig godt, og det gjer at me kan prioritera arbeidet betre, seier Myhre.

Krev samtykke

Alle bebuarane har enkeltrom, som er utstyrt med personløftar, justerbare vaskar og kamera for fallalarm og vandraralarm. Informasjonen frå kamera blir formidla til sjukepleiarane via ein mobil dersom sensorane fangar opp aktivitet på nattetid.

Dette blir kalla «room mate»-systemet, som gjer at sjukepleiarane slepp å gå rundar inn på romma til bebuarane på natta. På den måten blir arbeidsmengda redusert, og bebuarane slepp å bli vekka opp midt på natta av sjukepleiarar som skal sjå til at alt er fint.

– Det er viktig å påpeike at alle desse overvakingssystema krev samtykke frå pasienten eller pårørande, og at dei berre skal bli brukt for å sikre bebuarane sin eigen sikkerheit, fortel Myhre.

Har dykk sensorar som kan måle varme eller sjekke pust?

– Nei, det har me ikkje, men det er på marknaden og kan vere mogleg å skaffe dersom det blir behov for det. Dersom ein pasient reiser seg opp eller fell ut av senga, vil sjukepleiarane bli varsla gjennom systemet. Alt er avhengig av kva sensorar som blir sett opp på kvart enkelt pasientrom. Dette vurderer me etter behov, seier Myhre.

Sjukepleiar Martine Hoksrud prøver å få bebuar Jonas Aske (t.v.) å seie den eigentlege alderen sin. I bakgrunnen sit Paul Tufteland.

Hindringane på vegen

Både ein budsjettsprekk på 95 millionar, og eit søksmål frå prosjektadministrator Prosjektil AS si side har vore del av historia for å få på plass helsesenteret i Randaberg.

I ein artikkel i Aftenbladet i 2015 stod det at Sunnhedsgrenden var rekna ut til å koste kommunen 112 millionar kroner. Sluttsummen enda opp på 207 millionar kroner.

– Det er ein del pengar, men slik eg forstår det er det noko ein må forvente når ein bygg eit bygg som dette. Eg trur uansett at kostnaden vil bli kompensert for over tid, seier Myhre.

Rådmann i Randaberg kommune Magne Fjell har tidlegare kommentert kostnaden av det nye helsebygget.

– Eit bygg kostar det det kostar. I eit så stort prosjekt som dette, som går over fleire år, vil det alltid bli gjort nye budsjettvurderingar i takt med marknaden. Sånn er det alltid, og det må folk ha forståing for. Pengane er uansett ikkje gått til meiningslause ting. Dei ligg jo i bygninga.

Publisert:
  1. Randaberg
  2. Randaberg kommune
  3. Helsetjenesten
  4. Sykehjem
  5. Bygg og eiendom

Mest lest akkurat nå

  1. Lisa og Vetle gjorde funn som kan hele Stein­kjerringa

  2. Ny, posi­tiv trend på Jær­strendene

  3. FHI: Koronaviruset kan nå sammenlignes med influensa

  4. Ramponert hytte i Sandnes er til salgs – byantikvaren håper nye kjøpere er årvåkne

  5. En komplett skan­dale i Sirdal

  6. – Aldri hørt om noe som ligner denne historien